«Unge lovende» snakkar stygt om Sandnes, men er det eigentleg så ille?
Fire kjende lokalpatriotar fortel kvifor Sandnes er best.
- Snorre Standish Norheim

OBS: Me åtvarar mot mykje sjølvskryt i denne artikkelen.
I det lengste strekket med Sandnes-drama på norsk tv i manns minne, kjem debatten om byens identitet på spissen.
I andre sesong av Unge lovende er «Alex» og «Kimmo» ein svipptur innom heimplassen, og rundt nattmat-tider begynner kjærasteparet å krangla:
Alex: – Eg hate Sandnes! Eg føkking hate denne byen så jævla mye.
Kimmo: – Det e heilt på din kappe, det har ingenting med denne byen å gjør.
Sånn det er alltid: alltid skal folk hata på Sandnes.
Byas har derfor oppfordra folk til å trekkja fram dei gode tinga, solsida, det som trass alt gjer Sandnes til ein ganske ålreit by.
Kinoen (den gamle)
– Å, det er så mykje, synest eg!
Alexandra Gjerpen har fått i oppgåve å nemna minst 5 ting som er bra med Sandnes – byen som folk alltid skal snakka ned.
– For det første: Me har landets flottaste kulturhus, utan tvil, og det trur eg ikkje berre det er eg som synest, seier Gjerpen, som i tillegg har klekt ut fleire ting.
Og herregud, Langgata!
– Kinokino, ikkje den nye Kino Sandnes. I gamle dagar var det det som var kinoen. Der skjer det utruleg mykje kult no. Eg har ikkje budd i Sandnes på 13 år, men når eg kjem tilbake, er det alltid kunstutstilling eller festival, eller noko. Og så var det sjukt digg med kafé der, eg veit ikkje om den er open lenger, men eg håper det.
Kinobygget er ein «juvel i Sandnes», meiner Gjerpen, som også seier at ho er meget glad i folka frå byen.
– Og herregud, Langgata! Der er det superhyggeleg om sommaren, kan berre å ta seg ein kaffi og chilla.
Langgata er like lang som ho alltid har vore, ser omtrent lik ut, med unntak av i jula, når ho blir pynta med lys.
* 10 tegn på at du er fra Sandnes
* Ord og uttrykk du bare hører i Sandnes
Det konstante ved Langgata får Gjerpen til å filosofera litt, før ho pønskar ut ein femte ting:
Hamneområdet, som er gått igjennom ei stor forandring.
– Det er blitt så fint der! Skikkeleg fancy.
– Perfekt mellomting mellom jålete og harry
Leiaren av Gaukereiret, supporterklubben til Sandnes Ulf, heiter Alf Morten Haga.
På t-skjorta hans står det «Sandnes for faen», ein referanse til rappegruppa Skolekorps, som på midten av 2000-talet song ufatteleg grovt på Sandnes-dialekt.
Supporterleiaren meiner at Sandnes er nær sagt perfekt.
– Det er ein by der du kan finna alt du treng, både by og land.
Sandnes er ein perfekt mellomting mellom jålete og harry, mellom Stavanger på den eine sida og Bryne på den andre.
Han følgjer opp med å skryta av folka her, som er jordnære.
Deretter må han litt tid å tenkja seg på, for dette er viktig.
Då han ringjer opp litt seinare, er han klokkeklar:
– Det eg vil seia, er at Sandnes er ein perfekt mellomting mellom jålete og harry, mellom Stavanger på den eine sida og Bryne på den andre. Sandnes har mange sterke sider, med sjø og fjell og by, i skjønn foreining.
– Sandnes er rett slett «stabil», konstaterer Haga, med referanse til songen «Sandnes for faen».
Over telefonen kan ein høyra framtida tassa over parketten. Eittåringen fekk ein trøskuter til jul, og den er måla lyseblå, seier faren stolt.
Fasiten frå ordføraren
Stanley Wirak (Ap) er som kjent den ordføraren i Norge som har det kulaste namnet.
Han serverer fasiten i tre punkt, på kvifor Sandnes er ein god stad å bu:
– Det er jo at me er ein ung by, ein by for framtida, og det lovar jo godt for ungdommen. Plasseringa vår er midt i smørauget, i regionens geografiske midtpunkt. Og så har me har med gode friluftsareal, mykje idrett og gode kulturtilbod.
Geografien er sentral i Sandnesbyens offisielle song frå 1910, der første vers er:
Gjemt ligger byen lunt mellom bakker,<br>
innerst ved Gannsfjordens leirede strand; <br>
er den enn liten, så er den dog vakker<br>
:,:porten til Jærens forjettede land.:,:
Men sjølv om Wirak har eit kult namn, og utvilsamt kjenner sin geografi, er ikkje ordføraren rett mann til å svara på om Sandnes er ein kul by.
– Ganske perfekt
Då er AUF-leiaren og partikollegaen i bystyret, 21 år gamle Julia Wong, eit langt betre val.
– Først tenkjer eg på alle turområda, med Dalsnuten og Lifjellet, som er min favoritt. Og Sandvedparken, der eg går ofte. Turområda er i alle fall min favoritting med Sandnes.
Me tek oss ikkje sjølve så alvorleg her, som dei gjer i dei store byane.
Ruten er eit tema og ein stad Wong helst styrer unna, sjølv om det skjer ei oppgradering der. Men Langgata, som også er shina opp, er blitt litt av eit smykke.
Wong meiner at Langgata er noko av det beste med Sandnes, og at det særleg rundt jul er utruleg koseleg her.
– Me tek oss ikkje sjølve så alvorleg her, som dei gjer i dei store byane. Men det er mykje du kan gjera, gå på shopping eller kino, så eg vil seia at det er ganske perfekt.
Sandnes e stabil
Så der har du det: ein stabil, «ganske perfekt» by, ifølgje ei heil rekkje med inhabile Sandnes-patriotar.
Syng stolt med på Skolekorps sin uoffisielle bysong: