Her opnar Bergans sin fyrste butikk i Stavanger

Etter at Kremmerhuset takka for seg i Nygata 9, er det duka for at ein ny butikk skal ta over lokalet.

Oppdatert:
I dag står lokalet tomt, men innflyttingsprosessen er godt på veg.

– I Stavanger har de mykje vêr, så me ser absolutt ein marknad her i byen, seier retail director Anett Kolstad i Bergans.

Nyleg har det norske merket som mange har på jakka eller sekken når dei går fjelltur, etablert seg med eigen brand store i storbyane Trondheim og Bergen. No får òg Stavanger sin eigen Bergans-butikk.

Den einaste andre reine Bergans-butikken i fylket er å finna på Norwegian Outlet på Ålgård. Men Kolstad seier det er viktig for dei å etablera ein heilt eigen butikk i sentrum.

– Me føretrekker å etablera gatebutikkar i staden for butikkar på senter. Me føler at Nygata passar Bergans veldig bra.

Opningsdatoen er sett til 24. februar.

LES MER:

Konkurs etter et halvt år, Kremmerhuset tar over: – Vi ga det et ærlig forsøk

Nok ein utandørsbutikk

Helly Hansen, Fjällräven og Norrøna har allereie etablert seg i den same gata. Intersport ligg nedi hogget i Østervåg. Dermed blir Bergans den femte butikken som sel varer innan tur- og utandørsaktivitetar i nærområdet.

Men det ser Kolstad som eit gode.

– Då vil me jo ha samla alle utandørsmerka i éi gate og det er jo litt kult. Me skal vera den som leverer den beste servicen og dei beste produkta.

LES MER:

Hanne (19) trente over 22 timer i uken til førstegangstjenesten, men kom ikke inn: – Synes det er urettferdig

Helly Hansen, Fjällräven og Norrøna har allereie etablert seg i Nygata. Snart får dei selskap av Bergans.

– Litt konkurranse er jo alltid sunt det. Bergans er ei sterk merkevare, så det skal gå fint, legg ho til.

Det er Retail Estates som er eigar av bygget. Trond Grønhaug fortel at selskapet har leita lenge etter ein passande ny leigetakar.

– Det har vore utruleg mange interessentar, men då me skulle velja var det naturleg å vidareføra det som allereie held på i gata med dei store utandørsaktivitetskjedene. Me såg det som ein fordel, seier han.

Gjenbruk

På den nye Bergans-butikken vil det vera ei eiga systove. Det finst berre i to av dei andre butikkane deira. I systova vil ein kunna koma inn med brukte klede som treng litt ekstra reparasjonar.

– Me har stort fokus på sirkulære tenester som reparasjon, brukt sal og utleige. Me vil etter kvart ha reparasjonstilbod i butikk, seier Kolstad.

Dagane fram mot opninga går til oppsett av den nye butikken og renovering av lokalet som er på om lag 250 kvadratmeter.

– Me ser behovet. Stavanger er ein nydeleg by med masse folk, så sjølvsagt ser me fram til å opna butikken.

Publisert:
Oppdatert:

Har du revet opp turbuksa di? Nå er sybilen på Stavanger-besøk

Syerskene i Bergans har nå tatt turen til Stavanger igjen. De skal gi nytt liv til rogalendingers ødelagte og gamle turklær.

Publisert: