Kvifor forby krenking av det heilage? For å beskytta den svake part

DEBATTINNLEGG: Det handla aldri om å innføre ein blasfemilov lik den gamle, men det handla om å kunne ha nokon konsekvensar for krenking av det heilage, skriv Torkel Johannes Bjuland (18), fylkesleiar Rogaland KrFU

Torkel Johannes Bjuland (18), fylkesleiar Rogaland KrFU svarar på Luqman Wadoods lesarinnlegg «– Nei, KrFU Rogaland. Vi trenger ikke en blasfemilov».
  • Torkel Johannes Bjuland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

09. november skreiv Luqman Wadood eit lesarinnlegg der han sterkt går i mot ein blasfemilov.

Viss premisset for ein slik lov er slik forfattaren legger, så er eg einig med han. Eg meiner likevel at det bør vere ein form for konsekvens for krenking av det nokon opplev sterkt som heilag. I eit mangfaldig samfunn handlar det om ein reel religionsfridom.

  • Noe på hjertet? Smått eller stort: Send ditt leserinnlegg til debatt@byas.no.

Blasfemi er å «krenke det nokon andre ser på som heilagt», når me leste dette kunne me ramse opp fleire saker i samfunnet i dag der nokon aktivt med handlingar krenker det religiøse ser på som heilagt.

Det handla aldri om å innføre ein blasfemilov lik den gamle, men det handla om å kunne ha nokon konsekvensar for krenking av det heilage.

SIAN får lov å brenne og krenke muslimanes heilagaste bok openlyst i gata, jødiske gravlundar har blitt herja med i Noreg og Europa, og me har ikkje tilstrekkeleg lovverk for å kunne gje de religiøse eit ekstra vern, som sårt trengst.

All kritikk som har kome på forslaget vårt, er på bakgrunn av den gamle blasfemiloven, som hadde lite - om ingenting - med forslaget å gjere.

Vår feil var å kalle det blasfemi, når me skulle ha kalla det eit samfunnsproblem. For: Det handla aldri om å innføre ein blasfemilov lik den gamle, men det handla om å kunne ha nokon konsekvensar for krenking av det heilage. Sjølv om kva som er heilagt er vanskeleg å definere, og kan variere for kvart trussamfunn og dessutan kor strengt det takast.

«Me må til syvande og sist spørja oss sjølv, er det vanskelegast å tru eller å fremma religionskritikk i Noreg i dag?» spør Torkel Johannes Bjuland (18), fylkesleiar Rogaland KrFU .

Det ein likevel kunne gjort var å greie ut ein ny og moderne lov mot krenking av det heilage, og spørje trussamfunna om me verkeleg tar vare på religiøse minoritetar nok i samfunnet?

Forslaget blei også misforstått slik at det skulle gå i mot religionskritikk, men vårt forslag dreia seg om handlingar, ikkje ytringar, for religionskritikk er viktig i ytringsfridommen.

Kampen for religiøse minoritetar opplever eg me står saman med forfattaren om. Likevel så vil me tørre å utvikle politikk på det som mange av oss oppfattar som eit problem, i staden for å kritisere frå sidelinja.

Me må til syvande og sist spørja oss sjølv, er det vanskelegast å tru eller å fremma religionskritikk i Noreg i dag?

Sjølv om forfattaren tviler på vårt motiv, og kallar det eit «desperat forsøk til å nå ut til minoritetar», så er det ein reel sak at å vere religiøs i eit meir mangfaldig og sekularisert Europa blir stadig vanskelegare. Det blir ekstra viktig framover å tørre å utvikle politikk og adressere problem som er ein etisk balansegang om ulike omsyn.

Eg vil jobbe for at det skal gå an å gje ein bot, straff eller konsekvens av å krenke det heilage, det aller viktigaste for religiøse minoritetar. Det er ein realitetsorientering om samfunnsproblema me ser i dag.

Når me skal me leve saman i eit mangfaldig samfunn, så må me tørre å kjempe for den svake part. Me må til syvande og sist spørja oss sjølv, er det vanskelegast å tru eller å fremma religionskritikk i Noreg i dag? Eg trur svaret er nokså enkelt. Konsekvensen blir fort at dei religiøse minoritetane blir den svake part. Den svake part som me er sat til å vere forsvarar av.

  • Noe på hjertet? Smått eller stort: Send ditt leserinnlegg til debatt@byas.no.
Publisert: