Slik finn du brukte skattar i Sandnes

Enkelte av butikkane er verkeleg verd eit besøk!

Oppdatert:
  • Snorre Standish Norheim
ANTIK: Det er ofte enklare å gå på skattejakt i antikkbutikkar enn i gjenbruksbutikkar.

Sentrum i Sandnes har ei rekkje butikkar som sel brukt interiør og inngåtte klede. Enkelte av butikkane er verkeleg verd eit besøk, andre kan du like gjerne styra unna.

Sjekk ut heile lista i botnen av saka!

Majoriteten av Sandnes-butikkane er gjenbruk av den sorten som er organisert av pensjonistar med brennande kristentru.

Det er vel og bra, men sjansen er ofte stor for at dei som har levert inn dilldall og tretti år gamle stoffsofaar, er eller var ånds- og smaksfrendar med dei som arbeider gratis, mot løfte om lønn i himmelen.

Følg Byas på Facebook!

I vindauget til Galleri Normisjon stod for kort tid sidan ein retro lenestol, med avrunda sete, fin boge over ryggen og skrikande, oransje stoff. Ein liten søtsak, var det!

SKATT: Denne lenestolen stod i vindauget til Normisjon for ei tid tilbake, og fortener absolutt ein ny vår, i ein heim.

Klart det og finst sånne kupp, men ofte er det ting som ikkje er så veldig gamle, med det særpreget ein respektabel alder kan gje eit møbel.

LES MER:

Best å handle lokalt? Sjekk ut 10 butikker du kun finner i Stavanger og Sandnes

Gå old school, sjekk ut antikvariata!

– Det er nokon som kjem innom og samanliknar oss med Fretex. Då blir eg fornærma, sa innehavaren av Toves Antik og Brukt

Antikvariatet i enden av Langgata har eit framifrå utval, i eldre bruksgjenstandar og møblar, pluss krimskrams du kan setja fram til pynt.

BRA PLASS: Toves Antik og Brukt er grunn nok åleine til å besøkja Sandnes.

Hugs også å sjekka ut lageret, som ligg rett ved (sjå handlaga teikning på inngangsdøra).

Rett innanfor inngangsdøra stod eit slåande eksempel på kvifor antikvariatet kan vera eit betre alternativ enn gjenbrukt, for den som skal ha noko spesielt:

Eit kvadratisk bord med fire tilhøyrande stolar, alt i stileg grøn emalje. Prisen på 1500 kroner er rimeleg høg, men til samanlikning skulle Gjenbruksbutikken til Normisjon ha 500 kroner for to grønmåla stolar og eit bord med kvadratform.

STORT UTVAL: Speglar, koppar og kar, bord og stolar, utvalet er stort hjå Toves Antik og Brukt, der du nesten garantert vil finna noko som er verd å kasta pengane på.

I utstillingsvindauget til Gjenbruksbutikken var det også to trekasser, måla svarte for å sjå gamle ut. 100 kroner stykket, det er meiningslaust!

Moralen er: Ikkje stol på at indremisjonen og andre lågkyrkjelege initiativ skal utstyra crib-en din med møblement og anna stæsj. Sjansen er nok stor for at du aldri snublar over den sakselampa frå Dresden du drøymer om, og kristenfolket på Sandnes kan ikkje hjelpa deg.

LES MER:

Fått med deg at mange butikker går konkurs for tida? Derfor skjer det!

Skuleplansjar frå Oltedal skule

Berheim Interiør og Antik ligg vis-a-vis Galleri Normisjon, i ein butikk med ei avdeling for antikvitetar. Prisane der, akkurat som hjå Toves Antik og Brukt, er ikkje så galne!

Søk etter skuleplansjar på Finn.no, og prisane ligg gjerne over 500 kroner. Berheim Interiør og Antik hadde eit stort utval i plansjar, til berre 200 kroner stykket. Det er ikkje dyrare enn det ville vore i ein simplare gjenbruktsbutikk.

KUPP: Skuleplansjane frå Oltedal er eit rimeleg og stileg interiørelement, som heng på eit stativ hjå Berheim Interiør & Antik.

Berheim hadde også autentiske flasker med etikett («Alkohol vergällt»), eit stort utval i sildeboksar og brønnpumpe. Litt døde dyr, var det òg, men dei er det berre å styra unna.

Ver vågal, men bruk hovudet

Det er ingenting i vegen med rustikke gjenstandar, så lenge ein bruker hovudet! Ver vågal (ein mannekeng til pynt), men ikkje gå for langt.

Det er ein grunn til at shabby chic er blitt eit skjellsord…

VÅGAL: Kjør mannekeng i stua!

Skal du dressa opp? Dra til Stavanger!

Butikkane i Sandnes er ikkje rett destinasjon for dei som skal sjå etter klede, og her er det ingen unntak som stadfestar regelen. Fretex Sandnes har same sentral som butikken i Stavanger. Dra heller innover, til Breigata, dersom du skal ha vintage klede.

LES MER:

Sjekk ut oversikta over vintage og second hand i Stavanger!

Bruktbutikkar i sentrum

Antik & auksjon AS

Adresse: Langgata 24, med inngang fra Flintergata/Storgata 61

Opningstider: Måndag–fredag: 10–18, laurdag: 10–15.

Type: Antikvariat og auksjonshus

Berheim Interiør og Antik

Adresse: Gjesdalveien 21

Opningstider: Måndag–fredag: 10–17, laurdag: 10–15.

Type: Antikvariat

PLANSJE-PLASSEN: Berheim Interiør og Antik hadde eit stort utval i plansjar.

«Bytti» bruktbu

Adresse: Storgata 51

Opningstider: Måndag–onsdag: 11–16.30, torsdag–fredag: 11–17, laurdag: 11–14.

Type: Gjenbruk

Fretex Sandnes

Adresse: Gjesdalbakken 3

Opningstider: Måndag–fredag: 10–18, laurdag: 10–16.

Type: Gjenbruk

Gjenbruksbutikken, Galleri Normisjon Sandnes

Adresse: St.Olavsgate 25

Opningstider: Måndag–fredag: 10–17, laurdag: 10–15.

Type: Gjenbruk

STORE LOKALE: Gjenbruksbutikken er driven av Normisjon, dei har store lokale, og det får meste får plass i salsutstillinga. Skal du finna skattar her, må du vera innstilt på å koma innom fleire gongar.

Om Igjen

Adresse: Storgata 52A

Opningstider: Måndag–fredag: 10–17, laurdag: 11–15.

Type: Gjenbruk

Toves Antik og brukt

Adresse: Langgata 62, 64

Opningstider: Måndag–onsdag: 12–16, torsdag: 12–18, laurdag: 12–15.

Type: Antikvariat

SENTRALT: Toves Antik og Brukt i Langgata i Sandnes.

Bruktbutikkar utanfor sentrum

Brukt & Sånt

Adresse: Strandgaten 141 A, Sandnes

Opningstider: Varierer

Type: Gjenbruk

Fretex Lura

Adresse: Torneroseveien 7

Opningstider: Måndag–fredag: 07–16, laurdag: 10–16.

Type: Gjenbruk

NMS Gjenbruk Sandnes

Adresse: Hanaveien 17, 4327 Sandnes

Opningstider: Måndag–fredag: 11–17, laurdag: 11–15.

Type: Gjenbruk

Mer fra Byas.no:

LES MER:

- 10 interiørprofiler du bør følge på Instagram

LES MER:

- 16 nyttige Facebook-grupper for deg som bor i Stavanger og Sandnes

LES MER:

- Bli med hjem til Insta-kjendisen Fredrik Risvik

Publisert:
Oppdatert:

10 interiørprofiler du bør følge på Instagram

Noen som får lyst til å pusse opp hjemme?

Publisert: