Kreftsjuke Thea (26) blogger seg gjennom smertene
Då Thea Steen fekk kreft, var det ingen som fortalde kva som venta ho. Difor skriv ho, men det har sin pris.
– Det var så mykje eg ikkje visste. Som at det finst over femti forskjellege typar cellegift, at ikkje alle mister håret eller at det finnast noko som heiter stråling.
Difor byrja ho å skrive om sjukdommen. For at kreftsjuke skal forstå kva som ventar dei og for å informere folk om kor viktig det er å sjekke seg.
* Samlar inn kreftpengar med Aftenpupp
25 år gamal flytta Thea Steen frå Stavanger til New York for å jobbe som frilansjournalist. Ho har budd her eit halvt år då dagen kjem. 11. mars 2015.
Denne dagen har ho på seg holete jeans og ei tynn t-skjorte og skal straks handle på Manhattan.
Først må ho berre ein kjapp tur til legen.
«Vi må prate»
Sola skin inn gjennom vindauget. «Vi må prate», seier legen. Så kjem beskjeden som trekk vekk teppet under beina hennar.
Ho har livmorhalskreft. Sidan har ho blogga om oppturar og nedturar.
– Nokre går til psykolog, andre skriv. Når eg skriv, skyller eg ut det vonde. Skriv eg ikkje, tek orda plass i hjernen.
Vil vere solskinshistorie
Thea sit på eit venterom, slik ho har gjort så mange gongar før. Ei jente snakkar med ein sjukepleiar, stiller spørsmål om kreftdiagnosen. Sjukepleiaren svarar så godt ho kan, men ikkje godt nok til at jenta verkeleg forstår.
Thea går bort til henne, set seg ned og byrjar å fortelje.
– Då eg vart sjuk, skulle eg ynskje nokon fortalte meg korleis det er å ha kreft. Det må kome frå nokon som har kjent det på kroppen. Ei jente kontakta meg for litt sidan. Mor hennar hadde døydd av kreft, fortalde ho, og gjennom å lese bloggen følte ho at ho kom nærmare mor si, seier Thea.
Når dei tunge beskjedane kjem, veit eg at eg må ringe mormor.
Det er difor ho deler. Men openheita kostar.
– Eg vil så gjerne vere ei solskinshistorie. Når dei tunge beskjedane kjem, veit eg at eg må ringe mormor. Då står eg med telefonen i handa og gruar meg, er redd ho skal slutte å tru det går bra. Men ho sluttar aldri å miste trua.
Slik er det å ringe dei nærmaste. Men Thea deler nedturane med titusenvis av lesarar. Ho føler det same med dei, at ho skuffar.
Ho vil dei skal tenke det går fint.
#Sjekkdeg
Kreftforeininga anbefaler alle kvinner i alderen 25 til 69 å undersøke seg, men opplyser at berre fire av ti gjer dette i dag. Saman med Kreftforeininga og Det Nye, lanserte Thea kampanjen #sjekkdeg.
– Eg håper dette kan forhindre at fleire blir sjuke. Folk må sjekke seg, det er utruleg viktig, seier Thea.
* Byas.no snakka med Thea i fjor haust, då hu lanserte #sjekkdeg-kampanjen.
Ifølgje institutt for populasjonsbasert kreftforsking, var det i 2014 registrert 31.651 tilfelle av kreft. Av desse var 338 livmorhalskreft. Krefttypen utviklar seg sakte, utviklinga frå forstadium til kreft kan ta ti til femten år.
Kreftforskinga finn at ein ved screening kan redusere førekomsten av livmorhalskreft i Noreg med 70 prosent.
Cellegiftkuren verkar ikkje
No har Thea hatt kreft i over eit år. Ho har flytta frå New York og draumane til ei leilegheit i Oslo. Ho er meir på sjukehuset enn i leilegheita.
Nyleg kom eit nytt nederlag: Cellegiftkuren verkar ikkje. Legane avbryt medisinen.
Om morgonen ligg ho i senga og kjenner på smertene. Nokre dagar vert ho verande i senga, andre dagar går ho inn i stova, somme dagar trassar ho smertene og går ut av leilegheita, og atter andre dagar kjennes det slik det gjorde før sjukdommen.
Det er flest av dei smertefulle dagane.
– Akkurat no oppheld eg meg i eit venterom. Eg ventar på ein ny kur, på at eg kan få halde fram å få hjelp. Då eg var i behandling, såg eg lyset i tunellen. No er alt der framme vagt.
Mer fra Byas.no:
* Kristine (27) fra Madla fikk brystkreft som 23-åring
* Therese «TREF» Refvik har malt på glattcelle og tysk bunker. Snart åpner hun egen utstilling
* Nå åpner denne burgersjappa i Stavanger sentrum
Har fått inn over 300.000 til Thea Steens minnefond
– Thea hadde vært utrolig stolt om hun hadde visst alt som har skjedd de siste månedene.
Relaterte artikler
- AKTUELT– Theas kampanje vil fortsette og dermed redde flere fra å få kreft i framtiden6 ÅR SIDEN
- AKTUELTThea Steen nominert til tre bloggpriser7 ÅR SIDEN
- AKTUELTSist søndag hadde Thea Steen blitt 30 år. Nå var det familiens tur til å takke.4 ÅR SIDEN
- AKTUELTUnge gründerar starta eigen bedrift i Sandnes4 ÅR SIDEN
- LIVSSTIL– Vi skal gjøre festningen om til et marked6 ÅR SIDEN
- LIVSSTILArrangerer jentefest til inntekt for Thea Steens minnefond: — Vi vil at folk skal feire livet7 ÅR SIDEN