Kultur

HELGÅ: Lat, grådig og syndig? No more!

Ein kan ikkje seie det er eit direkte yrande kultur- og uteliv for tida, men det finst ting å gjere denne helgå òg!

Oppdatert:
  • Elias Håvarstein
Litt døllt på sofaen? Dra til fjells og ta deg eit hopp!

Denne guiden gjeld frå fredag til søndag 7.–9. januar.

Er du lat, grådig og syndig? Ja.

«Dantes inferno – for de late, grådige og syndige». For ein tittel! Den beskriv jo deg! Så godt, faktisk, at om du treng å kome deg ut av sofaen på laurdag er nok dette staden å gå.

Journalist og forfattar Kristin Flood gir deg ei innføring i klassikaren til Dante. Du veit, det var han som tok ein tur innom helvete og fann ut at det var ni ulike sirklar der nede osv.

Tja. Ikkje berre lystig alt det Dante fekk oppleve der nede.

Ho har gjort verket enklare å få inn i skallen, og du treng ikkje dra lenger enn til Sølvberget i Stavanger sentrum. I verste fall risikerer du å dra på deg ei genuin interesse for litteratur og poesi.

I tillegg, å kunne eit og anna om Dantes inferno er sånn du kan skryte av på fest. Berre ikkje gjer det for mykje.

Le vekk laurdagskvelden!

The King’s Man har premiere på laurdag! Det er tredje filmen i Kingsman-serien, og denne gongen går turen tilbake til tidleg 1900-tal. Med ingen ringare enn Ralph Fiennes, kjend som Voldemort og eksentrisk concierge, i hovudrolla.

Ralph Fiennes som Orlando Oxford i The King’s Man.

Om dei to tidlegare filmane er nokon peikepinn, vil du anten elske eller hate denne filmen. Men uansett kva terningkast du triller etter å ha sett filmen, er det ein god sjanse for at du iallfall ikkje har kjeda deg i alle dei 131 minutta du sat framfor lerretet.

Men om du ikkje er Kingsman-frelst, kan det hende du bør velje ein annan film, om me skal tru vår filmmeldar, Kine Hult.

Lær deg ein ting og to om fugl

Treng du litt ro i sjela? Smak på denne: «Tur med en ornitolog». Jæren friluftsråd drar på med fuglevandring frå Kvassheim fyr til Brusand. Å vite kva fuglar du ser når du er ute og rusler er kult, og ornitologar er kjend for å vere særdeles flotte folk å ha i turfølget. Søndag 12 - 15 drar følget av garde.

Fugl på Jæren! Men kva fugl er det? Det kan du kanskje lære deg i helga.

  • Følg Byas på Instagram!

Det verste som kan skje er at du ikkje får sjå ein einaste fugl og berre sit igjen med å ha gått ein fin tur langs Jærkysten.

Det er jo òg sånn at det kan vere greitt i stand til å kjenne igjen iallfall éin annan fugl enn sporv, due og måke.

Kom deg ud!

Ka gjør du her nere i dette forblåste, kalde og blaude låglandet?? KOM DEG OPP PÅ FJEDLET!

Gjer alvor av eit nyttårsforsett, ta på deg varme klede, og trask ut ytterdøra.

I Sirdal er det snø og etter alt å døme ganske mykje betre skiføre enn på Storhaug. Sjekk om dei gamle slalåmskoa framleis passar, eller lån av ein venn som er endå latare enn deg.

Lykke til! God helg!

Publisert:
Oppdatert:
  1. Jæren
  2. Stavanger sentrum
  3. Film
  4. Ralph Fiennes

Nykommer svinger seg til topps på kinotoppen

Den nye filmen i Kingsman-universet tok innersvingen på både «Matrix» og «Askepott».

Publisert:
  • NTB

Relaterte artikler

  1. KULTUR
    Dette er vårens åtte norske filmer
    11 DAGER SIDEN
  2. KULTUR
    Håper den inspirerer folk til å åpne seg mer
    23 DAGER SIDEN
  3. KULTUR
    Første film som når milliardbeløp siden pandemien startet
    25 DAGER SIDEN
  4. KULTUR
    «Scream» tok innersvingen på «Spider-Man»
    5 DAGER SIDEN
  5. KULTUR
    Premieren utsettes på ubestemt tid
    5 DAGER SIDEN
  6. KULTUR
    7 julefilmer helt uten kliss
    27 DAGER SIDEN