Nintendo lanserer ny spelkonsoll
Ein mindre og billegare Switch blir nok å sjå under juletrea i år.
Nintendo har vore ute med ei rekkje imponerande spel dei siste åra, og kan vise til gode salstal for Switch-konsollen. Sidan den kom ut i mars 2017, har Nintendo seld over 30 millionar eksemplar av Nintendo Switch.
Spel som «Super Mario Odyssey», «The Legend of Zelda: Breath of the Wild» og «Super Smash Bros. Ultimate» har drive fram den store veksten.
No er selskapet klart til å sleppe ein ny konsoll.
Det har lenge versert rykte om ein pro-versjon av Nintendo Switch med kraftigare maskinvare, men den kjem ikkje på marknaden heilt enno. Først ute er den nye Nintendo Switch Lite, ein mindre og billegare versjon av Nintendo Switch.
Switch Lite kjem i butikkhyllene 20. september, og skal koste 100 dollar (rundt 850 kroner) mindre enn den vanlege versjonen. Den faktiske prisen i norske butikkar er framleis ukjend.
20. september er òg dagen for lansering av eit nytt «The Legend of Zelda»-spel. Dette er ei nyutgiving av 1993-spelet «Link’s Awakening» med moderne grafikk.
Manglar Switch-funksjonen
Den nye konsollen kjem i tre fargar; gul, grå og turkis. Ein tidsavgrensa Pokémon-versjon kjem òg i forkant av dei nye Pokémon-spela «Sword» og «Shield» i november.
Switch Lite er litt mindre enn den vanlege konsollen, med ein 5.5-tommar skjerm, i motsetning til den førre versjonens skjerm på 6.2 tommar. Oppløysinga til skjermen er likevel framleis like høg (HD).
Grunnen til priskuttet på Switch Lite er først og fremst at den berre kan brukast i handhaldt modus. Der ein vanleg Switch kan koplast til TV via ein dokkingstasjon, er ikkje dette mogleg for Lite-versjonen.
Slik sett er Switch-namnet ein smule misvisande, i og med at den ikkje har Switch-funksjon. Den minska storleiken betyr òg at ein ikkje får med Joy-Con-kontrollarane til konsollen. Desse må eventuelt kjøpast separat og koplast til via Bluetooth.
Alle spel som kan spelast i handhaldt modus vil vere kompatible med konsollen, men dersom du prøver å kjøpe eit spel som ikkje støttar dette i netthandelen til Nintendo, vil du få ei åtvaring om at spelet ikkje passar.
Dette er difor først og fremst eit produkt for dei som ikkje eig originalen. Har du allereie ein Nintendo Switch i hus, får du heller smørje deg med tolmod til pro-versjonen kjem ut seinare.
Vanleg Switch får fleire hestekrefter
Nettstaden TheVerge melde òg i går om at Nintendo har oppdatert patentet sitt for den vanlege Switch-konsollen, der dei ønskjer å gjere nokre små oppgraderingar på prosessoren og minnet. Her gjeld det å halde tunga i munnen, for dette er ikkje den nye pro-konsollen.
Det ser heller ut som Nintendo vil endre den vanlege Switch-maskinen i det stille.
Maskinvara i Nintendo Switch Lite er lik som den me finn i ein vanleg Switch, men det er uklart om den oppgraderte prosessoren kjem i tide for Lite-lanseringa.
Nintendo var ikkje tilgjenglege for kommentar.
Interessert i å lese meldingar av dei beste spela til Nintendo Switch? Klikk her:
Spelmelding av Wolfenstein II: The New Colossus og Super Mario Odyssey »
Spelmelding av The Legend of Zelda: Breath of the Wild »
Desse dataspela bør du få med deg i september
Nytt FIFA, meir Borderlands og ein femte runde med Gears of War er blant høgdepunkta i den komande månaden.
Relaterte artikler
- KULTUR10 ting fra barndommen som allerede har dødd ut7 MÅNEDER SIDEN
- KULTUR10 ting fra barndommen som allerede har dødd ut3 MÅNEDER SIDEN
- KULTURNetflix kan få sin helt egen spilltjeneste1 ÅR SIDEN
- KULTURSlik får du tilgang til «hemmelige» Netflix3 ÅR SIDEN
- KULTURKommunekamp-quiz: Sandnes vs Stavanger3 ÅR SIDEN
- KULTUR6 ting som er kult – og kjipt – med Stavanger om sommeren3 ÅR SIDEN