Spider-Man ser ut til å forsvinne frå Marvel-filmane

Ein krangel om rettane til figuren mellom Sony og Disney gjer at Tom Holland sannsynlegvis må legge kostymet sitt på hylla.

Oppdatert:
Zendaya og Tom Holland speler hovudrollene i den nye Spider-Man-filmen. På grunn av krangling mellom Sony og Marvel-eigar Disney, kan dette fort bli siste gong me ser dei to i Marvel-universet.

På grunn av krangling om finansielle vilkår mellom Sony og Disney, ser det ut som Disney-eigde Marvel no mistar rettane til å bruke Spider-Man i sine filmar framover. Det betyr at Marvel Cinematic Universe, filmane rundt The Avengers, moglegvis må halde fram utan ein av kjernefigurane sine.

Dette skriv Deadline.

Spider-Man har sidan 2017 blitt spelt av Tom Holland, som har gitt nytt liv til den kjende og kjære superheltfiguren. Holland har fått tid til å vise seg i fem ulike filmar for Marvel; «Spider-Man: Homecoming», «Captain America: Civil War», «Avengers: Infinity War», «Avengers: Endgame», og til slutt «Spider-Man: Far From Home» no i sommar.

Nyheita kjem dagen etter at Sony annonserte oppkjøp av dataspelstudioet Insomniac Games, som i fjor utvikla det kritikarroste PlayStation 4-spelet «Spider-Man».

Mistar Marvel-sjefen som produsent

Sony sit på rettane til figuren, og fram til no har dei hatt ein avtale med Disney og Marvel, der sistnemnde får fem prosent av omsetninga. I forhandling om ein ny avtale, skal Disney ha kome med krav om at komande filmar skulle finansierast 50/50. Då Sony ikkje godtok dette, skal Disney ha nekta Sony tilgang til Marvel-sjef Kevin Feige som produsent for dei neste filmane. Det betyr i praksis at Spider-Man ikkje vil eksistere i Avengers-universet lengre.

Spider-Man: Far From Home er den største kommersielle kinosuksessen for Sony nokosinne. Selskapet har hatt ansvar for distribusjonen av filmane det Spider-Man er hovudfigur, men i og med at samarbeidet med Disney og Marvel ser ut til å ryke, går rettane sannsynlegvis tilbake til Sony.

Uvisst kva som skjer vidare

Sony har hatt tre ulike filmseriar med Spider-Man sidan 2000-talet, så om dette betyr ein ny omstart er førebels uvisst. Det har lenge gått rykte om at Tom Holland skal vere involvert i to nye Spider-Man-filmar – pluss fleire Avengers-rundar –, men utan avtale mellom Disney og Sony, vil dette bli vanskeleg. Avengers-prosjekta med Spider-Man vil måtte stoppast, mens dei komande filmane må skje utan involvering frå Marvel.

Animasjonsfilmen «Spider-Man: Into the Spider-Verse» hausta imponerande gode kritikkar i fjor. Blir ikkje Sony og Disney samde om ny avtale, må nok Sony satse meir på slike prosjekt.

– Me er skuffa, men respekterer Disney si avgjerd om å ikkje la Kevin Feige halde fram som leiande produsent på vår neste film om Spider-Man. Me håpar at dette kanskje vil endre seg i framtida, men forstår at dei mange, nye ansvarsområda som Disney har gitt Feige – inkludert alle deira nye Marvel-filmar – ikkje gir han tid til å jobbe med eit merkenamn dei ikkje eig. Kevin er dyktig, og me er takksame for hjelpa og vegleiinga hans, og set pris på korleis han har fått oss på rett veg, ein veg me vil halde fram med å følgje, skriv Sony Pictures på Twitter.

Marvel og Disney har ikkje kommentert saka enno.

Mange forteljingar som fell saman

For dei som ikkje har sett dei siste filmane, gjeld det å lukke artikkelen no.

Det er ei rekkje forteljingar i Marvel-universet der Spider-Man er ein sentral figur, både når det kjem til Avengers-filmane og hans eigne. Far From Home set opp Spider-Man som ein ny leiar i The Avengers, mens slutten av filmen opnar for fleire oppfølgjarar av eigne filmar.

I teikneseriane er Spider-Man / Peter Parker drivkrafta i den yngre generasjonen av Avengers, og no som Marvel ikkje har tilgang til rettane lengre, vil alt dette forsvinne ut. Marvel annonserte nyleg eit tonn med nye filmar, men Spider-Man blir altså – mest sannsynleg – ikkje del av nokon av dei.

Det kan alltids skje at Sony og Disney blir samde om ein ny avtale i framtida, men førebels ser det mørkt ut for vår alles «friendly neighborhood Spider-Man».

Publisert:
Oppdatert:

Jone frå Sandnes er med i den nye sesongen av «Parterapi»

– Eg sleit verkeleg med å halde maska, seier han om møtet med den drivne komikaren Kevin Vågenes.

Oppdatert: