Kultur

Amazon-serien om Midgard kostar over 7 mrd., og skal filmast på New Zealand

Produksjonen startar snart, og ei rekkje kjende namn er blitt knytt til prosjektet.

Oppdatert:
  • Mikkjell Lønning

Frodo (Elijah Wood) i «Ringenes Herre: Atter En Konge». Amazon utviklar no spinoff-konsept. FOTO: New Line Cinema

I ei pressemelding skriv Amazon at forhandsproduksjonsprosessen er i gang, og at serien skal filmast på New Zealand. Både «Ringenes Herre» og «Hobbiten» blei spelt inn på øygruppa.

Sjølve produksjonen skal starte innan nokre få månadar, i landets største by, Auckland.

– Me visste at me måtte finne ein stad som var majestetisk. Ein stad med urørte kystar, skogar og fjell. Ein stad som òg er heimstad for filmsett og studio i verdsklasse, med dyktige og erfarne folk. Me er glade for at me no kan offisielt bekrefte at forteljinga vår skal spelast ut på New Zealand, skriv seriesjefane J.D. Payne og Patrick McKay i pressemeldinga.

  • Følg Byas.no på Facebook!

Enorme kostnadar

Fantasyuniverset til J.R.R. Tolkien har inspirert millionar av menneske over heile verda, og har ført fram til ein av dei mest profitable filmseriane nokosinne. Dei siste åra har det versert ein del rykte om ein komande tv-serie, som kjem i kjølvatnet av ein renessanse for fantasy-interesse i underhaldningsbransjen. «Game of Thrones», «The Witcher», og «Wheel of Time» har gått over til sølvskjermen, og no er den aller mest populære serien på veg inn.

I slutten av 2017 vart det bekrefta at Amazon utviklar konseptet. Den komande serien om Midgard skal visstnok dekkje hendingane som leier opp til den første «Ringenes Herre»-filmen, «Ringens brorskap», men dette er førebels ikkje bekrefta.

LES:

LES MER:

NRK dropper ny sesong av «Heimebane» »

Mount Sunday er brukt som lokasjon for Edoras, i Ringenes Herre. Det kan me fort få eit gjensyn med i den komande storserien. FOTO: Fadhli Adnan / Shutterstock / NTB scanpix

Amazon har ansvar for produksjonen, og har bladd opp i overkant av sju milliardar kroner for serien. Om dette gjeld berre for første sesong, eller fleire, er førebels uvisst.

Til samanlikning kosta den originale trilogien rundt to og ein halv milliard kroner.

Har henta folk frå ein drøss med storseriar

I juli slapp Amazon dei første namna som er knytt til serien. Anna enn showsjefane, er det kome fram at «Jurassic Park: Fallen Kingdom»-regissør J.A. Bayona skal regissere dei to første episodane av serien.

Amazon har òg henta produsentar som har jobba på storprosjekt som «10 Cloverfield Lane», «Game of Thrones», «Stranger Things», «Boardwalk Empire», «The Sopranos» og «Breaking Bad».

Stor turistnæring

New Zealand har opplevd enorm turismevekst i etterkant av dei to filmseriane, og filmane får ein del av æra for å ha ført med seg milliardar til statskassa kvart år, i etterkant.

Ein ny runde med filming på New Zealand, vil utan tvil føre til nok ei turistbølgje.

Nyleg lanserte Noreg sjølv ein strategi for å hente nettopp slike prosjekt hit, og byggje opp ein turistindustri rundt filmlokasjonar. Blant anna, har me henta storfilmar som «Ex Machina», «James Bond: No Time to Die», og «Mission: Impossible – Fallout» til Noreg, dei siste åra.

Publisert:
Oppdatert:
  1. TV-serier
  2. New Zealand
  3. Amazon
  4. Fantasy
  5. Tolkien

Sjå kva som skjer i det som kan bli årets beste eventhelg

Ein myriade av kule arrangement står for tur i Sandnes og Stavanger. Her får du oversikta.

Oppdatert:

Relaterte artikler

  1. KULTUR
    Keanu Reeves tilbake i ny «Matrix»
    1 ÅR SIDEN
  2. KULTUR
    Spider-Man ser ut til å forsvinne frå Marvel-filmane
    1 ÅR SIDEN
  3. KULTUR
    Fikk du med deg Even (19) fra Stavanger på Norske Talenter?
    1 ÅR SIDEN
  4. KULTUR
    Millie Bobby Brown med ny Netflix-satsing
    1 ÅR SIDEN
  5. KULTUR
    «Game of Thrones»-forfatteren sier han ikke lar seg påvirke av rasende fans
    1 ÅR SIDEN
  6. KULTUR
    Norsk katastrofefilm fra Nordsjøen kommer høsten 2021
    1 ÅR SIDEN