Kultur

Musikk, improv og absurd humor for unge – av unge

Andre- og tredjeklassingar frå Stavanger Katedralskole går på scenen for fullt hus på Humorhuset Stavangeren denne veka: – De kan vente ein time proppfull med absurd, ungdommeleg humor

«DØNN SERIØS KUNST.» har pussa på oppskrifta, og er klare for å by på latter og god stemning for siddisar på Humorhuset Stavangeren denne veka. FOTO: Anders Minge

Onsdag, torsdag og fredag kveld denne veka, står komigruppa Dønn Seriøs Kunst. på scenen for å underhalde siddisane. Den unge kvintetten skal vise si nye førestilling på Stavangeren.

Dønn Seriøs Kunst. både skriv, produserer og set opp showa sine sjølv, og det mens dei alle saman framleis går på vidaregåande. Dei er elevar på Stavanger Katedralskole, der fire går i siste klasse, og ein går i andre.

Dei fem skildrar seg sjølv som ei humorgruppe for unge, med fokus på musikk, absurd humor og improvisasjon.

  • Følg Byas.no på Facebook!

Måtte sette opp ekstraførestilling

– De kan vente å sjå ein time proppfull med absurd, ungdommeleg humor. Grunnen til at me starta dette, var at me syns humortilbodet for unge og unge vaksne mangla her i Stavanger. Me tok saka i eigne hender, seier Balder Scheen Jacobsen.

Jacobsen er, saman med Runar Jekteberg, Frikk Hana, Herman Hilde Pedersen og Heine Røise, gruppa som har tatt komiverda i Stavanger med storm. No har dei seld rundt 300 billettar for vekas kabaret, og har måtte sette opp ekstraførestilling.

Balder Scheen Jacobsen stilte i bokseren sist runde. FOTO: Anders Minge

I vår hausta dei gode tilbakemeldingar. Aftenbladets meldar, Leif Tore Lindø, var imponert over dei unge komikarane, og trilla ein firar på terningen. Femmaren var ikkje langt unna, det måtte berre til med litt finpuss.

Finpussen på plass

Jacobsen meiner dei har fått på plass dette.

– Det blir ikkje så veldig annleis, men berre betre. Me trefte ganske fint førre gong, så no handlar det meir om å klare å betre det me har gjort – og framleis vere den same gruppa, med det same særpreget. Me har jo gjort ein del endringar her og der, og det er blitt lettare å lage. Gruppa er blitt varmare i trøya, og er ikkje så usikre slik me var den første gongen. Me har meir støtte i ryggen, og er blitt tryggare på å køyre på med ideane me har hatt, seier han.

Dei har drøfta ein del om vegen vidare, etter dei blir ferdige med skulegangen.

– Det er ikkje heilt sett i stein om me skal halde fram. Det er samtalar rundt det, og me er i diskusjon med Stavangeren om framtida. Me må nesten sjå på kvar folk endar opp, men me har uansett eit år igjen der me trykker på med arrangement, avsluttar Jacobsen.

Publisert:

Oppdatert:

Hall Toll-gjengen tilbake med «One Night Only»-storfest

– Dette er noko heilt nytt, seier arrangør Lavrans Gjønnes om kvelden der 17 rettar, akrobatar, musikk og dans står på tapetet – og kanskje blir det fleire rundar?