Desse dataspela bør du få med deg i september

Nytt FIFA, meir Borderlands og ein femte runde med Gears of War er blant høgdepunkta i den komande månaden.

Oppdatert:
Nokre av høgdepunkta i den komande månaden.

Perioden mellom september og november er årets høgtid for dataspel. Framover vil me difor plukke ut nokre av dei mest lovande spela for kvar månad, som me gleder oss til.

September er ei god oppvarming for storspela som kjem i oktober og november, med retur til univers som Gears of War og Borderlands – sett at du kjem deg opp frå kjellaren etter at World of Warcraft Classic blir lansert 27. august, då.

Gears 5

Plattform: PC og Xbox One. Sjanger: Action-skytespel. Kjem: 10. september.

Gears of War-serien er ein av tungvektarane til Microsoft og Xbox. I årets runde har Microsoft fått med seg Game of Thrones- og Westworld-komponist Ramin Djawadi på laget, som lovar særs godt for musikksporet.

Gears 5 skal legge større vekt på forteljinga, med eit reflektert narrativ som fokuserer på bakgrunnen til den nye protagonisten; Kait.

Ein robothær er på veg mot menneskebyane, og det er din jobb (som Kait) å nøste opp i konflikten. Utstyrt med alt av militært utstyr ein kan førestille seg, vil du nedkjempe robotar, monster og skurkar som luskar rundt kvart hjørne. Gears of War har alltid vore flinke på morosame spelmekanismar, så her kan me nok vente oss gripande kampar og spanande oppdrag.

Gears 5 er òg det første storspelet på lenge som støttar «split-screen»-speling på PC, som betyr ein sjanse til å samle kompisgjengen i sofaen, rundt fjernsynet.

Borderlands 3

Plattform: PC, PlayStation 4 og Xbox One. Sjanger: Action-rollespel. Kjem: 13. september.

Borderlands-spela byggjer på tre ting; galskap, «loot» – og meir galskap. Det komande spelet skal pusse på den eksisterande formelen, og utvidar universet med nye planetar til utforsking. Saman med opp til tre vener får du boltre deg i ei lovlaus og spinnvill, open verd. Som før er det fire forskjellige spelbare figurar, med kvar sine sett av unike evner.

Tørr humor gjennomsyrar alt og alle i spelet. Borderlands 3 introduserer oss til hundrevis av nye, fargerike figurar, og spelet skal visstnok ha fleire milliardar ulike våpen som du kan ta bruk av. Desse blir tilfeldig genererte av fiendar du møter (og drep) på reisa.

NHL 20

Plattform: PlayStation 4 og Xbox One. Sjanger: Sport. Kjem: 13. september.

Det er generelt få endringar i dei årlege sportsspela, men me kjøper dei likevel. Hockeyspelet NHL 20 kan skilte med ein del nye animasjonar som skal gjere det lettare å kjenne igjen spelestilen til det største profilane, samt at den kunstige intelligensen for målvaktene har fått ei overhaling.

Spelet kjem òg med ein slags «Battle Royale»-modus, eit ligasystem der 81 lag konkurrerer om å vere det som står igjen på toppen av pallen.

The Legends of Zelda: Link’s Awakening

Plattform: Nintendo Switch. Sjanger: Action-eventyr. Kjem: 20. september.

Som plaster på såret for den lange ventetida fram mot Breath of the Wild 2, har Nintendo laga ein nyversjon av Zelda-spelet Link’s Awakening frå 1993. Dette er eit av dei mest kritikarroste dataspela nokosinne, så det blir spanande å sjå om Nintendo har klart å halde på magien frå originalen.

Nostalgikjensla vil nok bli ein faktor for mange her. Forskjellane frå originalen er først og fremst visuelle, men Nintendo har krydra til opplevinga med nokre nye element her og der. Blant anna byr spelet på eit verktøy for å byggje eigne nivå.

LES OGSÅ:

LES MER:

Nintendo lanserer ny spelkonsoll »

FIFA 20

Plattform: PC, Nintendo Switch, PlayStation 4 og Xbox One. Sjanger: Sport. Kjem: 24. september.

FIFA følgjer i same spor som NHL 2020, med oppussing av den kunstige intelligensen og animasjonane til fotballspelarane. Det byrjar å bli avgrensa kor mykje nytt dei faktisk kan gjere med serien framover, men med eitt og anna tilskott, klarar EA stort sett å gi oss ei fersk oppleving.

Dei omdiskuterte mikrotransaksjonane knyta til FIFA Ultimate Team er òg tilbake, så det gjeld å halde kontroll på lommeboka viss ein blir lett freista av snarvegar.

LES OGSÅ:

LES MER:

Møt Vikings nye FIFA-spiller: Dette er hans beste tips for å bli god »

LES MER:

– I E-sportmiljøet er samholdet det aller viktigste »

The Surge 2

Plattform: PC, PlayStation 4 og Xbox One. Sjanger: Action-rollespel. Kjem: 24. september.

Dark Souls-inspirerte The Surge gjekk nok litt under radaren då det kom ut for nokre år sidan, men var eit solid actionspel som bydde på knallharde utfordringar og brukbar underhaldning. No har utviklarane fått pussa på oppskrifta, og lar spelaren hoppe inn i Jericho City for å banke opp litt ymse utøy – utstyrt med ei slegge i kvar hand.

For dei som likar vanskelege spel, er det vanskeleg å ta feil med The Surge 2.

Code Vein

Plattform: PC, PlayStation 4 og Xbox One. Sjanger: Action-rollespel. Kjem: 27. september.

Code Vein er nok eit spel som hentar inspirasjon frå Dark Souls, men tvisten her, er at det er blanda med anime. Spelet er ein postapokalyptisk dystopi, der figuren vår blir drepen, og vaknar opp som ein «revenant» – ein slags vampyr. Du må livnære deg på andre sitt blod for å overleve vidare.

Denne leksa verkar ganske kjend for dei som er verserte i Dark Souls-universet. Og Dark Souls utkledd som ein japansk animasjonsserie? Det høyrest eigentleg ganske kult ut.

Pussar opp gamle klassikarar

Det er òg ei rekkje eldre spel som har fått ei overhaling, og kjem til nye plattformer i september. Spyro Reignited-trilogien, ein av maskotane til den originale PlayStation-konsollen, dukkar opp på PC og Nintendo Switch 3. september.

Vidare er dei gode, gamle Infinity-motor-rollespela på veg til ulike konsollar i ny drakt. Dette betyr at Baldurs Gate-serien, Icewind Dale og Planescape Torment blir tilgjengeleg for nok ein generasjon av spelarar. Heile gjengen blir lansert på Nintendo Switch, PlayStation 4 og Xbox One den 24. september.

Ein nyversjon av Studio Ghibli-spelet Ni No Kuni: Wrath of the White Witch kjem òg til PC, PlayStation 4 og Nintendo Switch 20. september, mens strategispelet Tropico 6 gjer inntog på PlayStation 4 og Xbox One 27. september.

Publisert:
Oppdatert:

Blir programleder i Dplay-satsing på e-sport

Amalie Snøløs (23)har fått ny jobb som programleder i e-sport-satsing.

Publisert: