Fjortenåring frå Stavanger er med i kampen om 260 millionar

Endre Byre er i New York for å delta i enorm Fortnite-turnering.

Endre Byre (14) kvalifiserte seg til Fortnite-VM i siste runde
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Fortnite er eit av verdas største og mest populære spel. Det har blitt ein massiv hit blant norsk ungdom dei siste åra, og i år starta eit verdsmeisterskap for spelet. Heile 40 millionar spelarar var med i kvalifiseringa, og blant dei få som står igjen, er tre nordmenn.

Ein av desse er Endre «Endretta» Byre (14) frå Stavanger.

Signerte proffkontrakt

Fjortenåringen har allereie sikra seg ein halv million kroner etter at han kvalifiserte seg i juni, og er no i New York for å delta i solo-turneringa på søndag.

Der skal han konkurrere om ein del av den svimlande premiepotten på over 260 millionar.

Førre veke signerte Byre ein kontrakt med profflaget Misfits Gaming, som skal fungere som støtteapparat framover.

Dette er ein av dei største og mest kjende e-sportsorganisasjonane i verda. Der får han òg selskap av Sandnes-kvinna Amalie Reisvaag, som har jobba med strøyming for Misfits Gaming det siste året.

LES OGSÅ:

Les også

Advarer mot å godta «cookies» på nettsteder: – Ingen grunn til å belønne sleipe nettsider med å gi dem personopplysningene våre

Les også

Hobbyen til «alle» guttene på barneskolen har blitt deltidsjobben til Morten (24)

Norsk favoritt

I eit intervju med nettstaden Gamer.no, seier Byre at målet er å plassere seg blant dei 30 beste.

Dersom Byre klatrar vidare opp på lista, kan det bli snakk om store pengepremiar. Berre ei topp 20-plassering vil nemleg bety rundt ein million kroner.

Vinnaren av heile solo-turneringa vil kunne rekne å ta med seg så mykje som 25 millionar kroner til slutt.

– Eg tenkjer eigentleg ikkje så mykje på pengane og kva eg skal bruke dei på, fordi eg har alt eg treng. Eg tenkjer heller på å spare til dei viktige tinga som eg treng seinare i livet, seier Byre i eit intervju med VG om kvalifiseringspengane.

Ein anna norsk fjortenåring, Martin «MrSavage» Foss Andersen, er blant favorittane til å vinne heile kalaset. Han er òg ein av få som er kvalifisert til både solo- og duoturneringa, og er difor kandidat til å plukke med seg opp mot 50 millionar kroner.

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande meiner at dette er særs lovande for norsk e-sport, internasjonalt.

– Det er fantastisk at me har tre nordmenn kvalifisert til Fortnite-VM i New York. Den auka interessa for e-sport, òg utfor miljøet, er særs gledeleg. I Kulturdepartementet er me godt i gang med arbeidet med ein dataspelstrategi, som blant anna skal bidra til å auke anerkjenninga til det norske spelmiljøet vidare. Potensialet er kjempestort, seier ministeren.

– Dette viser også at me har utøvarar og eit miljø som held eit høgt internasjonalt nivå. Framtida for e-sport er lys, og eg ønskjer gutane våre i New York lukke til!

– Den auka interessa for e-sport, òg utfor miljøet, er særs gledeleg, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

LES OGSÅ:

Møt Vikings nye FIFA-spiller: Dette er hans beste tips for å bli godNy studie: – Unge blir ikke voldelige av dataspill

E-sport som boble

E-sport er blitt særs lukrativt dei siste åra, og for nokre veker sidan kunne me melde om at ein 21-åring frå Bergen skal vere med i ei komande storturnering for Dota 2. Der er premiepotten no oppe i 262 millionar kroner, og den ventast å vekse til godt over 300 millionar fram mot startskotet.

Konkurransespeling er likevel framleis ganske smalt i Noreg. Bransjenettstaden PressFire.no hadde nyleg ei stor kartlegging over norsk e-sport, og kom fram til at det er rundt 12 000 aktive utøvarar her i landet. Det er omtrent like mange som driv med idrettar som basketball, skiskyting og ishockey. Blant desse 12 000 er det i underkant av 2 000 som konkurrerer i Fortnite på amatør- eller proffnivå. Det er berre nokre få som kan tene nok til å leve av spelet.

Sjølv om norske aviser skriv mest om dei lokkande pengepremiane, så er e-sport tidleg i oppstartsfasen. Det er mykje snakk om at e-sport er inni ei stor boble på grunn av for store investeringar i ein smal marknad, men prestasjonane til utøvarar som Endre «Endretta» Byre kan vere med på å gjere det langt meir populært i Noreg.

Publisert: