Stavanger-festival skal bevisstgjere om klimaendringar gjennom VR, AR og video

Har du lurt på kva som heng på Arkaden? Det er nemleg AR-kunst i regi av Screen City-biennalen. Kunstfestivalen startar på torsdag, og me har fått kikke på nokre av kunstverka som skal utfordre oss til å ta klimaansvar.

Appen «Sonar» lar deg sjå blekksprutar sveve rundt på himmelen over Torget ved Arkaden.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Rommet rokkar opp og ned, i takt med sjøen. Eg, Daniela Arriado og Vanina Saracino står inni ein lugar på «MS Sandnes», hovudkvarteret for biennalen Screen City. Førebuingane er i siste fase, før startskotet går på torsdag.

Kunstfestivalen skal takle problemstillingar rundt økologi, og menneskets påverknad på planeten. Den antroposcene tidsepoke, der mennesket har evne til å endre omgivnadane sine, skal skildrast gjennom interaktiv kunst. Screen City utforskar møtet mellom bilete, lyd, ny teknologi og offentlege og digitale rom, gjennom kunsten.

Utfordrar siddisen

– Me er ikkje så flinke til å snakke om ting me er ukomfortable med her i Stavanger. Ikkje berre på grunn av oljeindustrien, men fordi me har det lett, me er nøgde. Me må reflektere over rolla vår. Snakke om den. Vanina har vore her nokre gongar, og det å forklare til henne korleis me har litt dobbelstandard her, er ikkje lett. Me som vaks opp i byen, har ein nostalgi og identitet knyta til industrien. Det å snu oss, kutte, endre oss, det er veldig ubehageleg. Men det er òg viktig, seier Arriado.

Vanina Saracino og Daniela Arriado arrangerer Screen City.

– Med Screen City tenkjer me på kva me tar ut frå planeten. Korleis brukar me ressursane våre, korleis blir framtida vår, og framtida til dei komande generasjonane? Me har invitert kunstnarar frå heile verda til å kome med sine tankar rundt dette, seier kunstkurator Saracino.

Eg blir leia gjennom den eine tronge lugaren, etter den andre. Dei smale korridorane fører oss frå videoinstallasjon til videoinstallasjon, mens arrangørane forklarar visjonen sin.

– Ideen er å ikkje bruke museum, men heller det vakre, offentlege rom. Folk som aldri har sett denne båten før, vil få eit historisk perspektiv på dette, seier Saracino.

– Dette er kunst som er tilgjengelege for alle, uansett kven ein er, meiner Arriado.

Utvida røynd på Arkaden

Screen City har plassert utstillingar rundt i byen, der nokre er gratis, mens andre krev billett. Den mest tilgjengelege har du kanskje allereie lagt merke til – på veg til jobb, eller ned til butikken?

Daniela Arriado viser fram «Tentacle Tongue» av Tuomas A. Laitinen.

Me tuslar bort til Torget, der ein kvit banner blafrar i vinden frå veggen til Arkaden. For meg ser den ganske så alminneleg ut. Er det reklame, kanskje? Nokre svarte mønster på ein kvit bakgrunn. Men når Arriado tar fram eit nettbrett, blir det med eitt liv i tøystykket. Dette er nemleg AR – «augmented reality».

Små videosnuttar speler på skjermen, og nokre blekksprutar fyk over himmelen i Vågen. Kven som helst kan få den same reaksjonen med smarttelefonar eller nettbrett.

– Når du peikar telefonen med appen mot det, så kjem utstillinga til liv, seier Saracino.

Faneberar for klima

Biennalen har, naturleg nok, tatt eit sterkt standpunkt på det å vere miljøbevisst. Delar av billettinntektene går til treplanting i Mexico.

– Me jobbar med ein organisasjon som målar kor mykje CO₂ me produserer gjennom festivalen. Mat, transport, produksjon – alt dette skal dei kartlegge. Då vil dei til dømes seie at me må plante 120 tre for å jamne ut det me har gjort med festivalen i Stavanger, i løpet av to veker. Det handlar om å visualisere, for å gjere folk bevisste om klimaproblema. Me kan ikkje berre snakke om økologi. Me må sjå på kva vår rolle er her, òg, seier Arriado.

Frå torsdag kan du installere deg i denne båten for å oppleve VR-utstillinga «The Bone».

– Eg syns verkeleg at kvar av oss må gjere sin del, uansett kva ein driv med. Det er kanskje ei drope i havet, og ein endrar ikkje noko aleine. Men viss me fokuserer på økologi i staden for berre skjønnheita i naturen, gir det oss ei sjanse til å skape merksemd rundt problem som går utover notida og framtida, seier Saracino.

– Det er veldig kontroversielt, det forstår me. Noko anna som er kontroversielt, er at alt eit menneske gjer, det produserer avfall. Sjølv biennalen vår. Me er tvinga til å bruke elektrisitet, fly, men me må handle, held ho fram.

– Miljøaktivistar har lett for å bli skulda for å vere hyklerske. Lan Marie Berg har fått pepar for å køyre fossilbil, mens kritikken hagla mot Greta Thunberg etter at ho sende folk på fly til USA. Det må vere slitsamt?

– Å leve utan å påverke miljøet rundt oss er umogleg, for det blir fullstendig handlingslammande. Du må leve som ein plante. Me er ikkje der enno, seier Saracino.

Den chilenske kunstnaren Michelle-Marie Letelier har vore i dialog med samar mens ho jobba med «The Bone».

Laks og samar

Eg tviheld på opptakaren min i det me presser oss gjennom folkemengda på Sølvberget. Sakte, men sikkert, finn me vegen ned mot kaien, og Fiskepiren.

Inne på Fiskepiren står ein trebåt. Oppi båten, sit ein chilensk kunstnar – med eit VR-headsett på hovudet. Her får siddisane oppleve utstillinga «The Bone», ein interaktiv VR-video om livet til ein laks.

– Dette er ein dialog mellom vill laks og oppdrettslaks. Det handlar om å forstå den andre. Det er ein metafor for møtet mellom mennesket og natur. Kunsten handlar om å forstå at alt me gjer har konsekvensar for andre, seier Saracino, om verket til Michelle-Marie Letelier.

Dessverre får eg ikkje prøve heilt enno, og må smørje meg med tolmod til biennalen byrjar. VR-utstillinga vil vere open for offentlegheita frå torsdag til søndag, mellom klokka 14 og 20.

MEIR FRÅ BYAS:

Publisert: