Europris allereie i gang med julehandelen: – Du brukar opp jula før den kjem, seier kunde

Julestrømper og peparkaker er ute i hyllene på Europris i Støperigata. Dei store kjedene er usamde om ein skal byrje så tidleg.

Butikksjef Lise Andersen og butikkmedarbeidar Mira K. Virtanen i Europris Støperigata, har pakka ut julegodteriet. Det er allereie mange som har kjøpt.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

For mange av oss verkar det som julehandelen startar tidlegare for kvart år som går. I fjor var Europris på plass med julepynt allereie 15. august, mens mange framleis var ute i sommarferie. Årets julehandel er slik sett sein å rekne. Me måtte vente heilt til førre fredag før startskotet gjekk.

Europris har no rulla ut både peparkaker og julestrømper med godteri over heile landet. På butikken i Støperigata, møtte me butikksjef Lise Andersen.

– Det er ikkje akkurat julehandel, men berre julesnop, seier ho.

– Men det er vel framleis veldig tidleg for juleprodukt dette her?

– Godteriet syns eg er greitt. Eg syns kanskje me kunne venta til oktober, men når det kjem så er det lenge sidan sist, og folk blir glade. Me har allereie seld ein del. No har me òg ein distriktskonkurranse for Rogaland, der du er med i trekning for eit gåvekort dersom du kjøper strømpe. Avgjerda om å starte med salet no, den er tatt sentralt, seier Andersen.

Lise Andersen fortel at gjenbruk er viktig når det kjem til julepynten.

– Det tar ikkje litt av julespaninga når ein blir utsett for dette så tidleg?

– Eg er veldig tydeleg på at me ikkje byrjar med jul for resten av butikken, før i oktober. Det blir nok i slutten av veke 41, og det vanlege julegodteriet kjem ikkje i butikken før etter Halloween. Då er det ein del som går i gang med julehandelen. Du kan alltids gjere nokre kupp ved å vere tidleg ute, på gamle varer.

Brukar opp julestemninga

– Menneskeskapte klimaendringar har vore den store snakkisen i det siste, og mykje av julepynten er ting som forsvinn ut med juletreet. Kva tenkjer du rundt butikkens rolle i dette?

– Viss du kjøper eit plasttree, så skal det jo vare fleire år. Du treng ikkje kaste det du har frå før. Eg er sjølv veldig glad i jul, så det blir riktig nok alltid noko nytt. Du tar det du har, så fyller du på. Gjenbruk er sjølvsagt viktig, så kan ein heller pynte med litt meir for kvar gong, seier Andersen.

Blant reolane, i nærleiken av stativet med peparkaker, står Jane Meling og Signe Lise Aasland. Dei meiner butikken burde venta nokre månadar.

LES:

Les også

Nå åpner Rituals på Arneageren

Signe Lise Aasland og Jane Meling har lite tru på at ein skal starte med julehandel i september.

– Eg syns jo dette er alt for tidleg. Du brukar opp jula før den kjem, i grunn, seier Meling.

– Det hadde haldt med desember. 1. desember, meiner Aasland, og Meling er samd.

– Nokon elskar jula og kan ikkje starte tidleg nok

Administrerande direktør i Europris, Pål Wibe, seier dei startar tidleg på grunn av logistikk – og at nokon rett og slett elskar jul.

– Me startar tidleg med å byggje opp julebutikken, for å kunne handtere volum for dei tilsette i butikkane våre. Nokre kundar elskar jula, og kan ikkje starte tidleg nok med å få ein smakebit på jul. Andre syns det er for tidleg, men me har ikkje noko kjøpetvang, seier Wibe.

Kine Søyland, kommunikasjonssjef i NorgesGruppen, meiner at saka er annleis for matvareprodukt enn julenips. Ho fortel at kvar enkelt kjede i NorgesGruppen bestemmer når dei ruller ut juleprodukta, men at det er vanleg å starte i desse dagar med julesjokolade og marsipangris.

LES: Handla 1.700 tonn julepynt på to månadar »

– At folk unner seg god mat inn mot jul og andre høgtider, er noko me både verdset og applauderer. Det skal ein gjere. Det er ikkje noko i vegen for å vere medviten forbrukar, og å kjøpe kortreist mat, men mat skal folk ha. Me har uttalte mål på berekraft om å redusere sukker, feitt og liknande, så korga skal bli sunnare og sunnare, uansett, seier Søyland.

Sjølv om det er fleire som startar såpass tidleg, syns MENY (under NorgesGruppen) at dette er litt i overkant.

– Me syns det er tidleg med julegodteri no. Me får inn julemarsipan og julekalendrar i veke 42, mens andre julevarar kjem i løpet av veke 46, seier Nina Horn Hynne, kommunikasjonssjef i MENY.

KIWI følgjer omtrent same linje som MENY.

– I veke 42 byrjar me smått med å få inn julemarsipan. Erfaringane våre er at hos mange er dette etterlengta, og at folk set pris på at me har dette i butikken rundt då. Etter veke 42 og fram mot jul kjem det jamt utover fleire og fleire julevarer, men ikkje alt på ein gong. Det er altså ikkje noko julefokus hos KIWI så tidleg som no, seier Nora Mile Helgesen, kommunikasjonsrådgiver for matvarekjeda.

Kommunikasjonssjef i Coop Norge, Harald Kristiansen, ler av at Europris går så tidleg i gang.

– Det er tidleg med jul i september. Hos oss finn ein difor ikkje noko juleprodukt enno. Me som jobbar i daglegvare har masse gode produkt frå norske produsentar, både frukt og grønt, så me har fokuset på det. Me skal nok vente nokre veker til før me feirer jul. Vanlegvis følgjer me dei andre kjedene tett, og me får jo produkta frå dei same leverandørane, seier Kristiansen.

Publisert: