Jone frå Sandnes er med i den nye sesongen av «Parterapi»

– Eg sleit verkeleg med å halde maska, seier han om møtet med den drivne komikaren Kevin Vågenes.

Me møter «Maia» (Kevin Vågenes) og «Tommy» (Jone Hope Larsen) i tredje episode av «Parterapi».
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Komiserien «Parterapi» har blitt ein stor hit for NRK. Under andre sesong låg sjåartala i snitt på rundt 600.000, og premieren blei sett av over 900.000. Tredje sesong blir å finne på skjermen 4. oktober.

Kevin Vågenes speler hovudrolla, og denne sesongen er det seks nye par som får bryne seg i terapirommet. I eit av desse para, har Sandnes-gauken Jone Hope Larsen (45) kapra rolla.

– Eg speler Tommy, som er gift med denne dama, Maia. Det er ein del sjalusi frå hennar side, mot min figur. Eg er mannen som er litt uskuldig, så der er det ein kontrast. Det blir spanande å sjå korleis dette blir, ikkje minst om kva tilbakemeldingar eg får frå vener og familie, seier Larsen.

– Ikkje lett å halde maska

Larsen skal visstnok få ein del skjermtid å jobbe med i serien. Tidlegare har skodespelaren drive som statist i ulike filmar og seriar, og har til dømes vore innom «Kompani Orheim» og «Lykkeland».

– Her er det mykje meir tale. Du er langt meir synleg. Slik eg har forstått det, så er det fleire episodar eg er med i. Dette er saman med ein av dei nye figurane til Vågenes, og eg trur at folk vil både le godt og få litt hakeslepp av denne karakteren. Eg kan love deg at det ikkje alltid var like lett å halde maska når denne dama går i gang, seier han.

Det var noko tilfeldig at Larsen enda opp i «Parterapi», men no har 45-åringen fått meirsmak for humorsjangeren.

LES:

Les også

Amazon-serien om Midgard kostar over 7 mrd., og skal filmast på New Zealand

Les også

NRK dropper ny sesong av «Heimebane»

Livslang draum

– Eg er bygd slik at eg tenkjer at du aldri skal gi opp ein draum. Eg har bakgrunn i drama frå mine yngre dagar, på skulen, men så er det jo slik at livet ikkje alltid går den vegen du vil. Men så har eg kome meg inn, likevel. Ein byrjar så smått som statist, og byggjer opp ein CV undervegs. Så ballar det litt på seg, og du får roller her og der. Det er fantastisk kjekt, for du treff så mange spanande menneske.

Larsen har tidlegare vore innom andre filmar som både statist og birolleinnehavar. Her frå «Skyggenes Dal» (2017).

– Humor er jo litt annleis. Det er absolutt noko eg vil hive meg på, dersom sjansen byr seg igjen. Spesielt når du får ein slik invitasjon som dette, til «Parterapi» – og det med Vågenes som er vanvitig dyktig. Det er mykje å lære av så gode folk. Det var ei oppleving å vere med på. Lattermusklane fekk brynt seg, for å seie det slik, seier Larsen, og humrar.

– Ekstremt spanande

Han har ikkje fått vere kresen med sjangervalet enno, men syns det er spanande å få prøve nye ting.

– Førebels så har eg tatt det som kjem, og no har eg fått prøve meg på litt humor. Med rollefiguren min, så er det totalbiletet her som blir humoren. Eg legg ikkje under ein stol at eg vil gjere det igjen, med humor og komedie. Så har du jo «Skyggenes Dal» som er ein litt meir dyster og tung film. Det er ekstremt spanande å få vere med å jobbe med slikt. Du er berre skodespelaren framfor kamera, og når produktet er ferdig, ser du deg sjølv i eit litt anna lys. Det er utfordrande på mange ulike måtar.

Han er forholdsvis audmjuk når me spør om han trur dette kan vere eit springbrett for karrieren, vidare.

– Eg veit ikkje. Alt er lov å håpe på. Det er dette eg alltid har hatt lyst til å drive med. Eg har ein vanleg jobb i Espenes som seljar, og eg har familien heime. Dei veit at dette er ein morosam hobby for meg no. Arbeidsgivaren veit òg at dette er noko eg treng litt tid til, fortel Larsen.

NRK melder om at me får sjå Larsen i den tredje episoden, men er førebels ikkje villig til å gå ut med detaljar eller klipp.

Publisert: