Julia (20) og Stefan (30) skal seile i eit halvt år for miljøet

Gründerparet vil skape blest rundt det å føre ein berekraftig livsstil. Men erfaringa med segling, den er det dårleg med.

Julia Aisling Hogan (20) og Stefan Nielsen Lundquist (30) skal seile Middelhavet for berekraftig livsstil – det utan den heilt store erfaringa med segling.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

I vinter skal Stefan Nielsen Lundquist (30), Julia Aislin Hogan (20) og katten Finn på segltur i Middelhavet. På seglbåten Nexus vil dei leve på naturens ressursar, med ein «berekraftig» livsstil, slik at dei kan halde ut så lenge som mogleg på eit smalt budsjett.

Turen skal filmast og delast på sosiale medium, og slik oppmode folk til å føre ein betre livsstil.

Byas møter gjengen på Storhaug, der dei er i ferd med å pusse opp eit hus, og er i gang med førebuing til garasjesal. Omtrent alle eigendelane deira skal på sal til helga, som skal finansiere både båt og tur – i saman med folkefinansiering på Spleis.

Alt dette skjer i tandem med oppstart av ei bedrift.

Heiv seg på

– Det var ein god ven av meg som kjøpte ein båt i Frankrike, usett, så reiste han ned og byrja å segle nedover mot Hellas. Mens han dreiv på med seglinga, starta eg og Julia med ein forretningsplan. Mens me pusla med det, ringde han meg og høyrde kva eg dreiv med, så enda det opp med at eg drog ned, og blei med på båten. Då bestemte me oss for at me vil gjere dette til hausten, seier Lundquist.

Sambuarane er godt i gang med oppussing av eit gammalt hus, men dei har berre to veker på seg – og det er mykje arbeid igjen.

Paret får låne båten fram til mars, og drar ned til Hellas i byrjinga av oktober.

Turen blir delvis marknadsføring for den nye nettbutikken deira, planteprotein.no, og delvis oppmoding til folk for å følgje deira spor, med å leve på eit meir berekraftig vis.

– Me skal òg underhalde, for no skal me jo ut og segle med katten vår – som er ein litt snål ting å gjere. Me skal vise små ting folk kan gjere i kvardagen, for å betre helse og miljø. Det er vel eigentleg med slike stunt ein kjem gjennom til folk i dag, i vårt samfunn, seier Hogan.

Folk kan difor følgje turen på både Instagram og YouTube.

LES:

Les også

Unge gründerar starta eigen bedrift i Sandnes

Les også

Bli med på gjenbruksmarked på Grimsmyra

Alt skal vekk

– Me er veldig takksame for at me får bruke denne båten, men i og med at me er i gang med å starte opp ei bedrift, har me ikkje heilt nok midlar til å gi så mykje som me vil. Difor sel me alle tinga våre og håpar at folk bidrar litt. Båten er gammal. Doen fungerer ikkje, liksom, så den kunne trengt litt kjærleik. Då hadde det vore veldig fint om me kunne gitt litt tilbake. Alt frå Spleisen går òg til båten, seier Hogan.

Alt av rusk og rot i både garasje og kjellar skal seljast.

– Halvparten av det som seljast i garasjesalet går til båten, den andre halvparten til restaurering av huset her. Det er mykje som me ikkje får bruk for, som rett og slett tynger oss ned, påpeikar Lundquist.

Små ting me kan gjere i kvardagen

Paret fortel at dei kjenner på kjøtskam, og vil med sin nye bedrift få folk over på plantebaserte protein. Grunnen til avskoging i Amazonas og metan-utslepp, er i stor del kjøtforbruk, meiner Hogan.

– Mykje av grunnen til miljøproblema er at me et for mykje kjøt. Ein treng ikkje flytte ut i skogen og leve utan straum, men heller gjere nokre små tiltak her og der.

Katten Finn skal bli med paret på tur.

– Det er òg ein del biverknadar av mjølkeprotein. Spesielt produksjonen, er veldig skadeleg for miljøet. Då bør ein heller bruke plantebaserte produkt, meiner Lundquist.

Han fortel at målet deira er å skildre ein berekraftig livsstil, og samstundes underhalde følgjarane. Maten skal dei fange sjølv. Fisk, seier dei.

Hardt arbeid – lite erfaring

Oppstarten av nettbutikken er i god gang, og dei har vore med på ulike kurs i det siste – blant anna kurs om å sette opp budsjett. Slik har dei lært meir om start-ups, men òg korleis ein kan få erfaring frå det å feile.

Då Byas er på besøk, er dei i ferd med å pakke saman for å dra på seglkurs.

– Eg har segla veldig, veldig lite, seier Lundquist. Det er ikkje vanskeleg å sjå at han er ein smule bekymra.

– Eg har ikkje segla i det heile. Me er båtvande, så det går nok, men –, byrjar Hogan.

– Når me kjem ned dit, så skal me jo gjere ting som me absolutt ikkje har prøvd før, avbryt han.

Redningsvesten til Finn er på plass, men kunnskapane om segling ventar på seg.

– Der har du jo den underhaldningsbiten igjen. Me er heilt vanlege folk som gjer noko snålt. Og segltur med katt! Det blir stress, ler Hogan.

Katten, Finn, har sjølvsagt fått seg redningsvest. Finn stilte ikkje med kommentar på spørsmål om kva han syns om å bli med på segltur, men sambuarane meiner det skal gå greitt, trass alt.

– Eg har prøvd å bu på båten i ein månad allereie, og det gjekk fint, avsluttar Lundquist.

Publisert: