Utestaden Hanekam frustrerer over kommunen

Rift om eit gjerde får Tom Ur Kjørsvik, dagleg leiar ved utestaden Hanekam, til å lange ut mot kommunen. Gjerdet blei bygd utan å søke kommunen først.

 Eit tregjerde skal hindre gjestane i å ta med alkoholen utanfor området til utestaden. Kommunen krever at dette blir fjerna fordi det strir mot retningslinjene.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Mandag er det meiniga at Tom Ur Kjørsvik, dagleg leiar i Hanekam i Fargegata, skal rive tregjerdet han har satt opp rundt uteområdet. Eit gjerde blei bygd for å hindre at gjestane tar med seg alkohol utanfor området, og dermed også unngå å bryte skjenkereglane.

– Tidlegare har vi hatt eit tau som gjerde, men det hoppar folk lett over. Difor fekk vi bygd tregjerdet, seier han.

På morgonen mandag får han beskjed om at han kan vente med å rive det til onsdag. Tysdag blir nemleg saka tema når arbeidsutvalet i Kommunalutval for miljø og utbygging (KMU) skal møtast.

Følg Byas.no på Facebook!

Ikkje godkjent

– Eg har stått på for å skape noko for byen, men føler eg blir overkøyrt. Eg er innforstått med at saka gjerne har fleire sider og har prøvd å skape ein dialog med kommunen. Eg har spurt kva eg kan gjere for å få det godkjent, men utan å få svar, seier Ur Kjørsvik.

Onsdag skreiv kommunen dette i eit brev: «Dagens avgrensning er ikke godkjent av Stavanger kommune og bryter med kontrakten med Stavanger kommune. Inngjerdingen er i strid med kommunens vilkår og retningslinjer for bruk av kommunal grunn til uteservering.»

Vidare varsler dei at han vil miste retten til å leige det inngjerda arealet dersom ikkje gjerdet er fjerna innan tre dagar.

– Å ikkje søke før vi sette opp gjerdet var ei naiv avgjersle eg tok. Eg tenkte at det vi skulle bygge var innanfor retningslinjene, så eg rekna med at det ville vere greit. Men det er klart det var korttenkt.

– Eg har inntrykk av at dette er mest ei prinsippsak for kommunen. Då dei var her på befaring blei det sagt at dersom eg hadde søkt, så hadde det blitt godkjent, seier han.

LES OGSÅ:

Les også

Skjenking fram til 03:00 og ta med drikke mellom barene?

Les også

I denne baren er det (nesten) én tappekran per kunde

Kommunen ikkje enig

Kommunen nektar for dette. I brevet skriv dei: «Stavanger kommune gjør oppmerksom på at din påstand om at dagens avgrensning ville blitt godkjent om du hadde søkt ikke medfører riktighet. Du fikk allerede i vårt brev av 27.06.2017 tilbud om veiledning i valg av type inngjerding. Tilbudet om veiledning står selvfølgelig ved lag».

Ur Kjørsvik meiner dialogen med kommunen ikkje har vore særleg god.

– Å sette i gang byggearbeid utan å søke først, er gjerne ikkje den beste måten å starte ein dialog. Dei sette i gang eit byggearbeid på rommet dei leiger frå oss, og det er ingen tvil om at ein skal søke. Det tydelegaste brotet på retningslinjene er at gjerdet er fastmontert, svarer Torgeir Sørensen, seksjonsleiar ved Park og Veg.

Ifølgje Sørensen har dei gått med på at Hanekam får la det stå midlertidig så lenge dei bygger det om til ei flyttbar løysing.

– Vi jobbar med forslag til regelendring, så vil dette bli lagt fram til politisk behandling i Kommunaltutval for miljø og utbygging etterkvart. Regelverket er frå 2000-skiftet, og på enkelte områder kunne det vore meir laussluppe. Det seier blant anna at gjerder må ryddast inn på kvelden, noko som er upraktisk.

Kommunen krever at gjerdet blir fjerna. –  Eg har inntrykk av at dette er mest ei prinsippsak for kommunen, seier Tom Ur Kjørsvik.

Politisk spørsmål tysdag

I ein mail til kommunen skriv Ur Kjørsvik følgjande: «Gjerdet er innen for grensen og brannvesenet har sett på det og har ingen ting å utsette på det. I tillegg får vi mange positive tilbakemeldinger fra besøkende, vaktene som skal holde orden i helgene og ikke minst beboere i gaten. Jeg har brukt 20 år av livet mitt for å skape det fargegaten har blitt i dag og jeg synes det er dårlig at dere ikke er villig til å samarbeide mer.»

Venstre-politikar Per A. Thorbjørnsen vil ta saka opp i Kommunalutval for miljø og utbygging (KMU) sitt arbreidsutval tysdag. I eit spørsmål til administrasjonen ber han om ei oppklaring.

– Nokre føringar må det vere, men vi må finne ut om dei er for rigide. Det kan vere uklare retningslinjer og då fell dette i så fall tilbake på oss politikarane, eller det kan vere gjort ein feil av administrasjonen. I første omgang er det dette vi må finne ut, seier han.

Ur Kjørsvik gjekk først ut med frustrasjonen sin i eit innlegg på Facebook:

– Eg ser kva han skriv. Og eg ser også at andre i gata fortel om liknande erfaringar. Han har gjort ein eineståande innsats gjennom mange år, så det minste vi kan gjere er å sjekke det opp. Men alle saker har jo ein tendens til å ha to sider, seier Thorbjørnsen.

Fleire politikarar kommenterer Facebook- innlegget. Leif Arne Moi Nilsen (Frp) skriv: «Dette må vi politikere bare ta tak i, og det i en fart!»

Eirik Faret Sakariassen (SV) ber om å få tilsendt kommunen sitt brev så han får sett på saka. Det same gjer John Petter Hernes (Høgre): «Trodde dette løste seg tidligere i sommer, send kopien til meg også så kan vi få sett på det!».

Publisert: