HELGÅ: Rapkonsert, skøytedag og moro for dei minste

Snart helg no! Usikker på kva du skal finne på? Me har handplukka nokre tips til deg.

HUSAR KONSERT: Stavanger konserthus er fredag vertskap for konsert med Kjartan Lauritzen.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Denne guiden gjeld frå fredag til søndag, altså 12.–14. november 2021.

Kjartan Lauritzen til Stavanger

Fredag kjem rapstjerna Kjartan Lauritzen til Stavanger konserthus. Mannen som står bak låtar som «Havanna» og «Fredag» er i haust aktuell med sitt nye debutalbum, «Kjartanisme», og legg no turen innom Sør-Rogaland og Stavanger.

Førebu deg på tungt sognemål og høg stemning. Konserten har 18 års aldersgrense.

HELD KONSERT: Kjartan Lauritzen, her saman med familien på raud lauper under P3 Gull i 2017, kjem til Stavanger.

Knøttekino i Sandnes

Det er duka for kinofest for born og unge når filmen «Apestjerne» går på lerretet i Sandnes kulturhus laurdag.

Filmen, som frå før har hausta gode tilbakemeldingar frå filmpressen, har framsyning kl. 12:00 i gaukebyen.

Prisen ligg på 90 kroner per person.

Filmen debuterte på kino i slutten av april i år.

BARNEKINO: Laurdag kan du sjå filmen Apestjerne i Sandnes kulturhus.

Komikarduo er tilbake

Rune Andersen og Espen Beranek Holm går på scenen på Stavangeren fredag og laurdag denne helga.

Begge har lang fartstid i komikarbransjen, og har tidlegare stått bak både «Hurra for Andersen» (2004) og «Litt av en mann» (2009).

Misjonssetninga lyder slik: – Der mange andre lar seg krenke, vel gutane å le av seg sjølv.

Førestillinga tek ca. 75 minutt, og går også helga 19–20. november.

HUMORISTAR: Rune Andersen og Espen Beranek Holm, her fotografert under en direktesending på TVNorge i 2009, skal stå samen på scenen igjen på Stavangeren i november.

Inviterer til fascinerande havdag

Er du opptatt av det maritime? Er du kanskje også fascinert av livet i havet? Då er museumshagen ved Stavanger museum staden å væra førstkomande søndag, mellom 12:00 og 15:00.

Der inviterer nemleg Stavanger museum, Norsk zoologisk forening, Besøkssenter våtmark Jæren og Lundsvågen naturskole til litt av kvart, både for store og små.

Sjå Noregs giftigaste fisk, verdas lengste dyr, eller få kjenna på havnespy, som er den invaderande sjøpungen som har kome til regionen.

Arrangementet er gratis for alle som er interesserte.

BYR PÅ MARITIM OPPLEVING: Søndag kan du blant anna få stifta kjennskap med Noregs giftigaste fisk, og sjå verdas lengste fisk, på Stavanger museum.

Skøytedag med SiS

Er vinterkjensla di i anmarsj? Då kan fort arrangementet til SiS førstkomande søndag væra for deg.

Mot gyldig student-ID dekkjer nemleg SIS inngangssummen, eventuelt leige av utstyr, og er du attpåtil forelder, dekkjer dei også inngangen for barnet, eller borna dine.

Det blir moglegheit for skøyting heile dagen.

Tilbodet gjeld mellom 10:00 og 18:00, og finnar stad i Siddishallen i Stavanger.

SKØYTEMORO: Saknar du kjensla av vinter? I Siddishallen arrangerer Studentsamskipnaden i Stavanger, SIS, skøytedag for studentar, denne søndagen.

Send oss gjerne tips om kva som skjer neste helg innan onsdag morgon – til helga@byas.no! ✌

Publisert: