Sjå kva som skjer i det som kan bli årets beste eventhelg

Ein myriade av kule arrangement står for tur i Sandnes og Stavanger. Her får du oversikta.

Tredje runden av Utopia sparkast i gang til helga. Det bør du få med deg!
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Denne guiden gjeld frå torsdag 22. august til søndag 25. august 2019.

Utopia

Kva: Musikkfestival Kvar: Konserthuset, Stavanger Når: Fredag og laurdag frå kl. 15:00.

Sommarens største musikkhending går av stabelen til helga. 20 000 festivalpass er seld til musikkfestivalen ved Konserthuset, der namn som Isah, Kjartan Lauritzen, Maurice West og Karpe opnar på fredag, mens Unge Ferrari, Zara Larsson og Sebastian Ingrosso – med mange fleire – skal underhalde siddisane på laurdagen.

Det er duka for den største Utopia-festivalen nokosinne, og arrangørane har allereie måtte utvide konsertområdet. Her blir det god stemning, jamn flyt av alkohol og levande folkeliv blant publikum.

Les meir på Facebook her »

Kulturfest på Storhaug

Kva: Fest Kvar: Fermenten Når: Laurdag, frå kl. 13:00 til 17:30.

Laurdag arrangerer FLAM Norge ein kulturfest for både store og små på Storhaug, med konsertar og danseopplevingar frå heile verda. Det blir sjansen til å prøve mat frå alle verdas krokar, blant anna Eritrea og Somalia.

Rapparen Omar 'Noir' Faal aka Blvck O kjem frå Bergen for å hype opp Storhaug-folket, og får besøk på scenen av Ulrich Stephane. Heile 1100 har meld interessa på Facebook allereie, så det blir sannsynlegvis mykje moro på Storhaug til helga.

Les meir på Facebook her »

Utopia – Afterparty

Kva: Fest Kvar: Cocktailfabrikken Nattklubb og Diablito Food & Music Når: Fredag og laurdag 23:00 til 03:00.

Etter første runde med Utopia går startskotet for storstilt festing utover heile natta. Diablito og Cocktailfabrikken blir vertskap for afterparty, der Robert Feelgood og MYXE speler begge kveldane. Den norske DJ-duoen Misjn kjem òg innom ein tur på fredag, for å sende stemninga i taket.

Det blir òg fleire, mindre festar i kjølvatnet av Utopia – som du kan lese om i Utopia-guiden vår: Her.

Les meir på Facebook »

Partileiardebatt: Oppvekst i låginntektsfamiliar

Kva: Debatt Kvar: Spor 5, Stavanger Når: Torsdag, frå kl. 19:00 til 21:30.

Tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland, stiller som debattleiar når Stavanger-partia møtast til debatt om fattigdom i byen. Toppkandidatane i ti parti er på plass for å krangle om kva som er dei beste prioriteringane for å sikre utjamning.

Valdagen nærmar seg med stormskritt, så her kan ein gjere seg nokre nyttige tankar om kven ein bør stemme på 9. september.

Les meir på Facebook her »

Rott Festival

Kva: Musikkfestival Kvar: Rott, Sola Når: Laurdag, frå kl. 12:00 til 18:00.

Rigging til fjorårets øyfestival.

Midt ute i havgapet, på øya Rott, har det vore arrangert musikkfestival kvart år sidan 2011. Festivalen er retta mot ungdom, og tilbyr ei handfull lokale heltar på programmet. Tønes får æra av å toppe programmet i år, som garantert betyr at latteren vil sitte laust blant dei oppmøtte.

Les meir på Facebook her »

Ny roman frå Tore Renberg

Kva: Boklansering Kvar: Cafe Sting, Stavanger Når: Laurdag, frå kl. 19:00 til 23:00.

I knyting til sin 47-årsdag, gir Tore Renberg ut roman nummer 15. Helgas arrangement er dessverre utseld, men det blir lesing frå ny bok, samtale med biskop Anne Lise Ådnøy, musikk med Renberg og gitaristen Alexandre Flotve – og sjølvsagt sjanse til å helse på forfattaren. Her er det gode moglegheiter for å snike med seg ei signert bok frå ein av regionens mest profilerte skribentar.

Les meir på Facebook her »

Ein mann og eit piano (Espen Hana)

Kva: Føredrag/teater Kvar: Sandnes Brygge Når: Fredag og laurdag, frå kl. 19:00 til 23:00.

Espen Hana fortel om livet i helga.

Espen Hanas livsforteljing om musikken, alkoholen og alt anna, kjem til Sandnes. Aftenbladets meldar Leif Tore Lindø kom med mange lovord om førestillinga i vår, og trilla ein femmar på terningen. No settast showet opp for to dagar i helga. Her får ein levert god musikk, latter og ei gripande forteljing, omringa av vakker utsikt i Vågen.

Les meir på Facebook her »

Brillejesus og Valp @ Martinique

Kva: Konsert Kvar: Martinique, Stavanger Når: Laurdag, frå kl. 22:00 til 23:30.

Brillejesus slepp ut debutalbumet sitt komande fredag, og har sleppfest på Martinique kvelden etter. Valp varmar opp til konserten for det lovande, aktuelle bandet. Brillejesus kallar musikken sin «røff skranglerock», så kva dei legg i det kan ein finne ut av på Martinique.

Les meir på Facebook her »

Sipher @ Sandnes Rockeklubb

Kva: Konsert Kvar: Sandnes Rockeklubb Når: Fredag, frå kl. 22:30 til 23:59.

Sipher, bandet til Erik Søfteland, er på veg til Sandnes. Søfteland er kjend frå tv-seriar som «Idol», «Skal vi danse», «Stjernekamp» og «Århundrets stemme», og har profilert seg i norsk musikk med sin særeigne rockestemme. Bandet skal diske opp med rock- og prog-musikk, så her er det definitivt mykje å hente for dei som vil kjenne det nappe litt i dansefoten.

Denne karen tar turen til Sandnes i helga.

Les meir på Facebook her »

1st Class / Absolute Party @ The Old Irish Pub

Kva: Konsert Kvar: The Old Irish Pub, Stavanger Når: Fredag og laurdag, frå kl. 22:30 til 02:30.

Det danske bandet 1st Class speler opp til fest på Old Irish Pub i Stavanger, på fredag. Her blir det coverhits frå dei fem siste tiåra, live.

Kvelden etter speler partybandet Absolute Party på same stad, med omtrent det same opplegget. Det står alt frå klassisk 70-talsrock til moderne pop på plakaten for laurdagen.

Les meir på Facebook her »

Sesongstart med stand up @ Sportscafeen

Kva: Stand up Kvar: Stavanger Sportscafé Når: Fredag, frå kl. 20:00 til 22:00.

Haustens første event på Sportscafeen kickstartast med humor og latter. Fem ulike komikarar står på scenen, frå heile Noreg. Pål Rønelv er headliner for kvelden, som er med og driv Bergen Stand Up.

Les meir på Facebook her »

Oral Bee & Mr. Pimp-Lotion @ Sportscafeen

Kva: Konsert Kvar: Stavanger Sportscafé Når: Fredag, frå kl. 23:00.

Ein av landets mest erfarne rapparar, Oral Bee, tar med seg sidekicken Mr. Pimp-Lotion til Stavanger på fredag. Oral Bee har vore med i gamet sidan 2000, og har produsert eit tonn av ulike låtar sidan då.

Mr. Pimp-Lotion er kjend for sin særs spesielle stil, og sine hyppige kostymeskifte på konsert. Sjølv om det garantert blir digg musikk, kan sceneshowet bli ein attraksjon i seg sjølv.

Les meir på Facebook her »

Agenda + Ormskrik + Dödsstraff @ Checkpoint Charlie

Kva: Konsert Kvar: Checkpoint Charlie Når: Fredag, frå kl. 22:00.

Fredag kveld blir det plenty av sjansar for headbanging til lokale band på Checkpoint Charlie.

Ormskrik byr på svart thrash-metall, Dödsstraff gir oss lokal punk, mens headliner Agenda presenterer si nye skive; Apocalyptic Wasteland Blues.

Som Agenda skriv om eigen musikk på Bandcamp: «Fist-pumping anthemic crust punk, celebrating the downfall of modern civilisation and the coming of the apocalypse.» Her leikar me ikkje business, med andre ord. Dette blir beinhardt og blytungt.

Les meir på Facebook her »

Noko du syns manglar? Del det med andre lesarar i kommentarfeltet under.

Kvar veke presenterer me eit utval av det som skjer i byane, med våre anbefalingar for helga. Send gjerne tips om kva som skjer innan tysdag – til tips@byas.no!

Publisert: