Milliondryss over lokalt dataspelselskap
Misc Games på Forus får seks millionar frå svenske investorar.
Dataspel er ei næring i enorm vekst, både nasjonalt og internasjonalt. Det har vakse fram store næringsklynger både på Austlandet og i Bergen, men her i Rogaland ligg me framleis litt bak. Faktisk er det berre to utviklarselskap i regionen – og det eine er eit enkeltpersonføretak.
Det andre selskapet ligg på Forus, og har sidan i fjor nytt av stor suksess frå fiskesimulatorspelet «Fishing: Barents Sea». Spelet har seld 70.000 eksemplar – over 100.000 med utvidingar –, som har ført til at dei har starta arbeidet med ein oppfølgjar.
Det komande spelet «Fishing: North Atlantic» er starten for ei satsing som skal gjere selskapet til verdsleiar innan fiskesimulatorsjangeren.
Seks millionar frå svenske investorar
I den anledning har no det svenske investeringsselskapet Goodbye Kansas Game Invest bladd opp heile seks millionar til Misc Games. I same slengen kjøper dei aksjane frå tidlegare deleigar Validé AS, og tar då på seg ein total eigardel på 45,6 prosent.
Investorane meiner dette skal bli eit fotfeste for vidare investeringar i norsk spelindustri.
– Me trur at denne investeringa vil etablere eit strategisk utgangspunkt for oss i den norske spelindustrien. Me vonar at dette blir starten på ei reise med ytterlegare støtte og investeringar blant dei norske, kreative og hardtarbeidande selskapa me ser veks fram, seier Per-Arne Lundberg, administrerande direktør i Goodbye Kansas Game Invest.
Gøran Myrland, dagleg leiar i Misc Games, trur dette kan vere starten for noko stort.
– Dette betyr at me får ein solid aktør med gode erfaring innan spelutvikling i ryggen, og kjem til å løfte selskapet og det me lagar framover til eit heilt nytt nivå. Me kan sannsynlegvis investere ein del pengar i neste prosjekt, og vil kunne konkurrere internasjonalt, fortel Myrland.
Regjeringa satsar på dataspel
Det er ikkje lenge sidan regjeringa og kulturminister Trine Skei Grande la fram ei eiga Stortingsmelding om spel, der dei vil gjere dataspel til ein milliardindustri, slik det er i Sverige og Finland.
– Problemet i Noreg er å finne norske investorar, for dei forstår ikkje spelbransjen. No som me får inn større aktørar frå utlandet som har tru på norske prosjekt, så håpar me det kan gi synergiar til andre investorar i Noreg. Dette har vore den store kneiken spelbransjen må kome seg over her i Noreg, så kanskje tør dei satse når dette kjem på plass. Med den nye støtta så kan fleire selskap satse stort på store prosjekt. Ein kjem ikkje langt med to eller tre millionar. Då får du ikkje hevda deg internasjonalt, meiner Myrland.
Pengane går først og fremst til enno eit nytt prosjekt.
– Det blir eit prosjekt til forbi det komande, men me gjer ein del investering i «Fishing: North Atlantic» til neste år òg.
Ser til Sverige
Myrland meiner at å samle inn pengar vil vere det viktigaste for å byggje ein norsk spelindustri.
– Alt handlar om å få tak i investorkapital. I Sverige har dei ikkje statleg finansiering, så her i Noreg er me jo litt bortskjemt. Der har dei måtte gå ut og finne pengane sjølv. Dei knyta seg tidleg til dei store spelutgivarane som Electronic Arts og Bandai Namco, så store delar av den svenske spelindustrien kjem ut av dette. Litt som Funcom her i Noreg. No når du får dei eksterne investorane som kjem inn, så håper me at både draghjelp frå stat, privat kapital og at fleire får augo opp for dette, kan føre til større investeringar. Kanskje kan me kunne investere 20-30-40 millionar, og lage noko som kan ta av internasjonalt.
Dataspel er ikkje reservert for nerden i kjellaren lenger. Ifølgje Medietilsynet held omtrent alle under 18 på med spel i Noreg, og det er blitt langt meir akseptert enn før.
– Spel har blitt sett på som noko gutungen held på med, og har ikkje blitt tatt seriøst før dei siste åra. No sender TV 2 e-sport og NRK sender «Cities Skylines» i valsendinga. Det har kome mykje meir opp i lyset, og det er blitt meir godtatt å drive med spel. Folk ser på det som ein business og ikkje berre hobby, seier Myrland.
Simulatorspelsjangeren har eksplodert over det siste tiåret, men Myrland seier at dei kanskje vil gjere andre ting i framtida.
– Førebels er dette vår greie – fram til me kjem inn i ein meir stabil fase der me har råd til å ta litt høgare risiko og prøve andre spel. Men det blir berre dette dei neste fem åra. Me har liksom funne vår greie.
Fjortenåring frå Stavanger er med i kampen om 260 millionar
Endre Byre er i New York for å delta i enorm Fortnite-turnering.
Relaterte artikler
- KULTURSpillsjangeren vokser fort og i Rogaland lever ett selskap av den: - Visste ikke om det ville fungere1 ÅR SIDEN
- AKTUELTAktuell med konsert for sjølvmordsførebygging: – Musikken gjorde at eg ikkje tok livet mitt4 ÅR SIDEN
- AKTUELT«Framtida di står på spel – så gjer noko med det!»4 ÅR SIDEN
- AKTUELT«Kolumbus har ein lang, lang veg å køyre før dei kjem fram til siste haldeplass med busstilbodet»4 ÅR SIDEN
- KULTURNo veit me endeleg meir om «Ringenes Herre»-spinoff4 ÅR SIDEN
- AKTUELTHenrik (27) frå Stavanger får stipend av Kjell Inge Røkke for å dekka studiane12 MÅNEDER SIDEN