Meiner fleire frisørar har for lite kunnskap om afrohår

– Det verka som frisøren berre gjorde noko greier. Resultatet blei heilt skeivt, seier Stefanos Yowhannes om ein uheldig oppleving hos ein av frisørkjedene i Stavanger. No vil frisørar ha meir opplæring i meir teksturert hår, som afrohår.

Stefanos Yowhannes er nøye med å velje frisørar. – Ofte er det folk med afrohår sjølv som kan klippe afrohår.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Til hausten vil læreplanar for vg2 bli lagt ut til høyring. I den forbindelse har fleire, blant anna artisten Mira Craig og frisøren Pål Berdahl, starta opprop for å gjere opplæring i meir teksturert hår, som afrohår, obligatorisk på læreplanen til frisørutdanninga.

Kan ikkje garantere eit fint resultat

Ifølge Proff.no er det 1149 frisering og andre skjønnheitspleiar med postadresse i Rogaland, 359 ligg i Stavanger kommune.

Aftenbladet har vore i kontakt med ti av frisørsalongane i Stavanger, blant anna Barokk frisør og avdelingane til frisørkjedene Hair and There og Adam og Eva.

  • Ni av frisørsalongane fortel at dei tek imot kundar med alle typar hår.
  • Tre av desse salongane har ein eller nokre få som kan klippe og stelle afrohår
  • Ved dei resterande fem salongane kan alle frisørane behandle kundar med afrohår.

Ein av dei som tek imot kundar med afrohår, meiner likevel at dei har for lite kunnskap om hårtypen. Ein annan fortel at ho kan klippe afrohår, men ikkje garantere eit fint resultat.

Ved den siste frisørsalongen viser dei som regel kundar med afrohår vidare til spesialiserte salongar, sjølv om dei er klar over at dei i teorien skal kunne behandle alle typar hår.

Dagleg leiar ved Afro Hair and Art, Salome Adhiambo Livastøl, som har haldt til i Langata i Stavanger i 23 år, meiner at alle kan lære seg å stelle afrohår om dei forsøker.

– Men det tek lengre tid å stelle og behandle enn andre hårtypar. Afrohår er ein kunst.

Frisør Biniam Gebrehiwet arbeider i eit raskt tempo når han friserer håret til Yowhannes, men det går ikkje ut over resultatet.

Er selektiv med frisørar

Studenten Stefanos Yowhannes har dei siste tre åra studert i Amsterdam, men når han er heime pleier han å klippe seg hos Ojios barbershop i Pedersgata. For Yowhannes handlar hår mykje om kultur.

– Eg vaks opp med tanter som klippa og fletta håret mitt heime. Når eg no skal finne ein frisør eg vil klippe meg hos, ser eg etter frisørar som kan tilby noko av det same.

Les også

Mistet håret i frisørstolen: – Håret falt nedover skuldrene på meg

Les også

TV-profilen kaster seg over ny trend: – Jeg skal bli sølvmus, og det skal være dødssexy

Sjølv har han ikkje opplevd å bli avvist av ein frisør på grunn av hårtypen sin, men har inntrykk av at det er ein mangel på kunnskap om afrohår blant generelle frisørar.

Etter ein uheldig klipp hos ein av frisørkjedene i Stavanger for nokre år sidan, begynte han å vurdere frisørsalongane meir nøye før han gjekk inn for ein klipp.

– Då eg var liten, fekk eg mange spørsmål om håret mitt fordi det var annleis enn kva dei andre var vand med. Kanskje fleire med afrohår burde dra til dei generelle frisørane og fleire utan afrohår burde dra til afrosalongar, slik at alle kan ta læredom av kvarandre. Me kunne fått betre frisørar dersom det var eit større mangfald av kundar med ulike hårtypar.

Inn i læreplanen?

Administrerande direktør i Norske frisør- og velværebedrifter (NFVB), Anne Mari Halsan, fortel at dei har fått tilsendt fleire førespurnadar om å ta inn afrohår i læreplanen.

– Det gjeld også andre hårtypar og spesialitetar innan frisørfaget, men ein kan ikkje prioritere ein hårtype over andre i ein læreplan, meiner ho.

Les også

Korona-sveis? Her er frisørens beste råd

Les også

De fleste frisørsalonger kutter fortsatt loven

I den nye læreplanen for vg1 på frisørutdanninga, står det blant anna at eleven skal kunne «nytte strategiar for å møte og meistre forventningar frå kundar og andre».

– Kva tenker du om at kundar med afrohår opplev å bli avvist av frisørar, fordi dei ikkje kan stelle personar med denne typen hår?

– Det er veldig uheldig. Alle frisørar skal kunne nok til å behandle også afrohår, men om det skjer er det truleg basert på usikkerheit, seier Halsan i NFVB.

– Redde for å gjere feil

Dagleg leiar av Barokk frisør i Stavanger, Åsbjørn Kvame, behandlar sjølv kundar med alle typar hår, men fortel at nokre av frisørane i salongen hans er usikre på klipp av teksturert hår då dei har lite erfaring med det.

– Eg trur dei er redde for å skamklippe kunden. På skulen lærer ein ulike klippeteknikkar på dokker med heilt stritt hår, men ei dokke er ikkje det same som eit menneske. Ute i arbeidslivet er ein nøydd til å prøve seg litt fram og opparbeide seg erfaring. Dersom ein aldri seier ja til ein kunde med afrohår, vil ein aldri lære å meistre det.

Likevel meiner han det blir for spesifikt å dra inn afrohår i grunnutdanninga.

– Då er det betre å opprette vidareutdanningar og kurs der ein kan spesialisere seg i ulike hårtypar. Me får jo heller ikkje opplæring i asiatisk hår.

Kvame fortel at salongen ikkje får så mange kundar med afrohår, og at dette er ein av grunnane til at frisørane ikkje får erfaring med stell og behandling av hårtypen.

– Det er nokre frihandsteknikkar som er meir retta mot krøllete og meir teksturert hår. Då klipper ein meir på følelse, og vurderer korleis ein skal klippe håret undervegs utan å vere like teknisk, seier frisør og kreativ leiar i Adam og Eva gruppa, Eirik Thorsen. Her er Stefanos Yowhannes under saksa.

Opprettar kurs

Marknadsansvarleg i Adam og Eva-gruppa, Oddmund Olsen, fortel at dei har vore oppmerksam på problemstillinga også før oppropa starta.

I forkant av koronaepidemien hadde Adam og Eva skole og akademi, ein privat frisørskule knytt til Adam og Eva sine frisørsalongar, planlagt å opprette eit kurs om meir teksturert hår. Kurset blei utsett på grunn av reiserestriksjonar då nokre av undervisarane skulle bli henta inn frå utlandet.

Til hausten vil afrohår bli teke inn i læreplanane deira, og det interne kurset om meir teksturert hår vil bli sett opp i august. Dette har vore etterspurt av frisørane sjølv.

Kreativ leiar i Adam og Eva-gruppa, Eirik Thorsen, fortel at kurs for eksterne kan kome etter kvart.

– Kvifor trur du fleire frisørar er usikre på teksturert hår?

– Det går nok på både interesse og erfaring. Fleire tek ikkje ansvar for å lære det sjølv. Derfor meiner eg det er viktig at me sett fokus på det.

Publisert: