Aktuelt

No er opningsdatoen for Peppes Pizza i Stavanger klar

Investorparet bomma på planen om opning i midten av september, men det er ikkje lenge til siddisane får jafse i seg pizza frå Peppes igjen, for første gong sidan 2012.

Oppdatert:
  • Mikkjell Lønning

Peppes Pizza kjem til Stavanger 16. oktober. FOTO: Gorm Kallestad / NTB scanpix

For rundt tre veker sidan kunne Byas melde at Peppes Pizza nok ein gong skulle opne i Stavanger, i dei gamle lokala til Nr. 28 Pizza Pub. Då fortalde investorane Petter og Hilde Bloch-Johnsen at Peppes Pizza skulle opne i midten av september.

Grunna usikkerheit rundt datoen, vart lanseringa skyve lengre ut på hausten, men no er datoen klar: Peppes Pizza opnar 16. oktober i Stavanger.

– Forseinkingane skuldast omtrent det same som sist. Me var ikkje sikre på datoen. Det skulle lagast ein ny bardisk, og det har vore ein del att og fram om korleis me skulle løyse dette med inventaret. Me håpar sjølvsagt på ein pangstart, seier Petter Bloch-Johnsen til Byas på telefon.

  • Følg Byas.no på Facebook!

– Ein del av bybiletet

Paret har vore klare på at dei vil ta vare på historia frå Nr. 28, som var den første pizzarestauranten i Stavanger. Peppes har òg hatt ein lang tradisjon i byen, som var i Stavanger frå 1970 til 2012.

– Peppes har mangla i bybiletet. Dei har vore vekke i mange år, men dette skuldast litt at dei trudde dei skulle få kjøpe opp Dolly Dimples, men så blei det jo Domino’s Pizza som gjorde det i staden. Konkurransetilsynet sa nei, så difor haldt Peppes, sentralt, tilbake. Det å finne dei rette lokala her i byen, er òg dyrt, seier Bloch-Johnsen.

– I lokala blir ein del annleis frå Nr. 28, men du skal framleis kjenne deg igjen. Me har haldt på desse ordtaka, og Stavanger-preget. Litt av møblane er like, stolane til dømes, og VIP-rommet er framleis der. Me seier sjølv at det er synd det er blitt slik, for det var ein fantastisk pizza på Nr. 28. Men det kostar å annonsere, og det kostar å halde det heile gåande. No får me jo inn litt nasjonal draghjelp, fortel han.

Mange tilbakemeldingar

Petter Bloch-Johnsen seier at det har vore mange tilbakemeldingar på returen til Stavanger.

– Det har vore veldig mange gode tilbakemeldingar. Folk gleder seg. Peppes Pizza vart lagt ned på Sola i 2017, og der kom folk og spurde om når dei skulle kome tilbake. Me har difor fått tommelen opp frå veldig mange menneske.

Investoren har ikkje oversikt på om det skal bli noko lanseringsarrangement enno.

Publisert:
Oppdatert:
  1. Peppes Pizza
  2. Stavanger

Peppes Pizza-opning i Stavanger vart utsett

Kjeda som har vore vekke frå byen sidan 2012, opnar i lokala til Stavangers eldste pizzarestaurant i midten av september.

Oppdatert:

Relaterte artikler

  1. AKTUELT
    Onsdag klipper Peppes Pizza snora i Stavanger sentrum
    1 ÅR SIDEN
  2. KULTUR
    VGS-elevar med tre utselde førestillingar i same veke
    1 ÅR SIDEN
  3. AKTUELT
    Europris allereie i gang med julehandelen: – Du brukar opp jula før den kjem, seier kunde
    1 ÅR SIDEN
  4. KULTUR
    2019 oppsummert: Havanna Badeland-mimresak topper i september
    10 MÅNEDER SIDEN
  5. AKTUELT
    Kriseresultat for fjorårets Fadderfestival – no er haustens tal klare
    1 ÅR SIDEN
  6. AKTUELT
    Unge gründerar starta eigen bedrift i Sandnes
    1 ÅR SIDEN