Utopia 2019 blir større enn nokosinne

Helgas musikkfest i Stavanger er nesten utseld, og festivalområdet er blitt utvida. Berre 1000 festivalpass av totalt 20 000 står att for sal før fredag.

Oppdatert:
Gode minner frå første omgang av Utopia, frå 2017.

Fredag går Utopia-festivalen av stabelen i Stavanger ved Konserthuset, og det er snart heilt utseld for festivalpass.

Tredje runde av den suksessfulle musikkfestivalen trekk til seg folk frå heile verda, der berre halvparten kjem frå Rogaland.

Dørene opnar klokka 15:00 på fredag, med 18-årsgrense for inngang. Ifølgje Yr ser det ut til at det blir overskya, men det er sjanse for at sola viser seg i løpet av kvelden.

Det er lagt ut 10 000 billettar for kvar av dei to dagane, og det ligg an til rekordsal. Dagleg leiar ved Utopia Festival, Espen Yung Svendsen, fortel at det er rundt 1000 festivalpass igjen, som reknar at desse vil forsvinne før fredagen.

Utvidar konsertområdet

– Det er strålande. Me har ikkje lov til å sleppe inn fleire enn 10 000 kvar dag, men me ser jo at utviklinga går mot at me må utvide festivalen etter kvart. Om det blir til neste år, eller året etter, kjem litt an på kva artistar me får tak i. Me har ein kommune som viser mykje velvilje, så viss det blir aktuelt, så får me det til, seier festivalsjefen.

Eit festivalpass skrumpar inn lommeboka med 1 549 kroner, mens dagspass kostar deg 990 kroner. Alt av studentbillettar og VIP-pass er utseld.

Bilde frå fjorårets festival, under konsert med Kygo. I år er det fleire store namn på plakaten.

For å kome inn, må du ha billett på telefon eller papir, som bytast inn i eit armband i inngangspartiet. Det er viktig å hugse at ein ikkje kan hente armband for andre, og det er ikkje lov til å ta det av og på igjen. Band som er avrivne er nemleg ikkje gyldige for inngang.

Rogalands Avis kunne nyleg melde om at festivalområdet vart utvida, for å få plass til alle dei tilreisande. Området bak Konserthuset, mot Bjergsted, er no ope for deltakarane til helga. Her skal konsertgangarane få sjanse til å slappe av, då Utopia tidlegare har blitt kritisert for å fokusere for mykje på musikken.

Omrokering på programmet

Stornamn som Karpe Diem, Zara Larsson, Unge Ferrari, Postgirobygget og Sebastian Ingrosso tar turen til Konserthuset på fredag og laurdag, for å spele opp til fest for siddisane.

I utgangspunktet måtte Postgirobygget kansellere konserten sin på fredag, men festivalen slapp unna med at bandet berre skiftar dag. Det er altså framleis sjanse for å sjå Oslo-bandet viss ein tar turen på laurdagen i staden.

Festivalsjef Espen Yung Svendsen meiner Utopia vil by på nokre storslegne konsertopplevingar.

Festivalsjefen meiner helgas konsertkalas kjem til å bli ei stor oppleving.

– Det er så mykje eg gleder meg til. Eg har høyrt rykte om at Karpe-konserten frå Øya og Jugendfest i Ålesund var dei beste gjennom tidene for bandet. Frå bilde og video, tenkjer eg at folk vil kunne forvente den villaste konsertopplevinga med Karpe nokosinne. Eg gleder meg òg til å sjå ISAH tilbake i Stavanger, som har hatt eit kjempegjennombrot. Og sist er det sjølvsagt ei stor ære at verdsstjerna Zara Larsson kjem til Stavanger. Ho har ei stemme som er heilt enorm live, seier Svendsen.

Her er det fulle programmet:

Fredag 23. august:

TidArtistScene
15:20Annonserast seinareHovudscene
15:55Annonserast seinareNova
16:25 KamelenHovudscene
17:15ISAHNova
17:50DagnyHovudscene
18:40Kjartan LaurtizenNova
19:30Otto KnowsHovudscene
20:35Maurice WestNova
21:25KarpeHovudscene

Laurdag 24. august:

TidArtistScene
15:30SKAARHovudscene
16:05Icy ArnNova
16:40PostgirobyggetHovudscene
17:30TravelleNova
18:05StavangerkamerateneHovudscene
18:55MYXENova
19:30Zara LarssonHovudscene
20:35Unge FerrariNova
21:25Sebastian IngrossoHovudscene
Publisert:
Oppdatert:

Utopia risikerer prikkar for mogleg brot på alkoholforskrifta

Hadde god kontroll, men ikkje alt gjekk på skinner. Festivalleiaren meiner likevel dei gjorde ein kanonjobb med tanke på besøkstala.

Oppdatert: