Ved denne utdanninga står 2433 søkarar på venteliste

– Me har ikkje eingong fått vist kva me er gode for, så eg seier berre takk for tillita, seier programansvarleg for det nye psykologistudiet ved UiS.

57 av 3549 søkarar har fått tilbod om studieplass ved det nye bachelorprogrammet i psykologi ved UiS til hausten.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Tala frå Samordna opptak er no ute. 5048 søkarar har fått tilbod om studieplass ved Universitetet i Stavanger (UiS) til hausten. 57 har fått fått tilbod ved det nyoppretta bachelorprogrammet i psykologi, men mange fleire ønsker plass.

Studiet har vist seg å vere av stor interesse. Heile 3549 personar søkte seg til utdanninga, 689 hadde utdanninga som førsteval og no står 2433 søkarar på ventelista, ifølge tal frå Samordna opptak. Snittet er på 55,1 studiepoeng på ordinært opptak, og 48,5 på ordinært opptak for førstegongssøkarar.

– Det er aldri lett å vite kor mange som vil søka når me opprettar eit nytt studium, men me forventa at det var ei stor interesse for programmet, fortel påtroppande dekan ved det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) på UiS, Turid Borgen.

Utvida plasstilbod

I utganspunktet skulle bachelorstudiet ved psykologi ha 37 plasser, men tilbodet blei utvida etter at det blei sett av penger til 4000 nye studieplasser i det reviderte nasjonalbudsjettet.

– Me ønsker å utvide tilbodet til 80 plasser i framtida, men me er glade for auka me fekk som følge av endringa i budsjettet, seier Borgen.

Studiet er på 8. plass på lista over studium med flest søkarar per studieplass i Noreg.

– Det er heilt fantastisk. Eg er svært fornøyd med søkartala, og tenker dette kjem til å gå strålande for alle involverte. Me er godt førebudd. Studiet er godt planlagt med gode meldingar, og staben har solid faglig kunnskap, seier programansvarleg ved det nye psykologistudiet, Jone Bjørnestad.

Les også

Student på boligjakt? Dette må du tenke på

Les også

Slik forbereder universitetet seg til å ta imot 12.000 studenter igjen

Han var med på å utvikle programmet, og har positive forventingar til studentane han vil møte til studiestart 10. august.

– Eg reknar med at dei er generelt interessert i psykologi, og har evna og interessen til å lære. I tillegg kjem det nok ein del studentar som har hatt psykologi som fag på vidaregåande opplæring, som allereie vil ha litt fagkunnskap.

På spørsmål om kva han tenker om den enorme interessa for studiet, seier Bjørnestad at han takker for tillita.

– Me har ikkje eingong fått vist kva med er gode for.

Silje Runestad er ein av dei som søkte på det nye psykologistudiet ved UiS.

Reknar med flest kvinner

Både på profesjonsstudiet for psykologi ved Universitetet i Bergen og ved Universitetet i Oslo, var over 70 prosent av søkarane som fekk tilbod om studieplass kvinner.

– Eg antek at kjønnsfordelinga ved bachelorprogrammet i psykologi ved UiS vil vere skeivt det også, men det veit eg ikkje enno. Det er jo ofte slik når det er karakterane som avgjer om du får plass eller ikkje, seier Bjørnestad.

Byas skreiv i april om Silje Runestad (18) som hadde søkt seg inn på psykologistudiet ved UiS.

Ho valte å søke på UiS fordi ho ønska å bu nær heimen, både for å spare penger og då ho såg for seg at det ville bli vanskeleg å bli kjent med nye folk dersom universiteta ikkje starta som normalt på grunn av korona.

På andrevalget hadde ho søkt sykepleierutdanningen ved UiS.

– Eg vil helst inn på psykologi sjølvsagt, men eg blir ikkje lei meg om eg ikkje kjem inn. Uansett havnar eg på eit studie med folk som har same interesser som meg. Det blir spannande å lære meir om menneske, sa ho.

Publisert: