Éin av tre tar ikkje nytte av studieplassen sin: UiS må overbooke
Bidrar til større usikkerheit for både studentar og institusjonar, seier minister Iselin Nybø. UiS gir tilbod til 25 prosent fleire studentar enn dei har plass til.
I ein fersk rapport frå OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling), kjem det fram at heile 29 prosent av norske studentar ikkje nyttar tilbodet sitt om studieplass. Mange studentar enten takkar nei til, eller møter ikkje opp på, studiane sine.
Dette gjer at utdanningsinstitusjonane må overbooke studieprogram. Det er blitt praksis å gi plass til fleire studentar enn institusjonane har kapasitet til å ta inn.
Noreg er langt unna dei beste
I nabolanda våre er tala mykje lågare. Berre seks prosent av studentar i Sverige, og to prosent i Finland, takkar nei til plass eller vel å ikkje møte opp.
Noreg er òg midt på treet når det kjem til gjennomføring av studieprogram på normert tid. 44 prosent av norske bachelorstudentar gjer seg ferdig i løpet av tre år, mens Storbritannia gjer det best med 72 prosent.
Til gjengjeld er Noreg i toppen når det gjeld kor nøgde studentane er med tilbodet sitt. 77 prosent er tilfredse med tilbodet. Riktig nok ligg dei andre europeiske landa tett opptil Noreg, som er på tredjeplass bak Island og Georgia.
– Bidrar til større usikkerheit
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V), meiner for mange tilbod om plass kan skape problem for både studentar og skular.
– Dette kan bidra til større usikkerheit, både for institusjonane som må overbooke, og for søkarane som står på venteliste. Det kan vere fleire grunnar til kvifor det er slik, difor må me sjå nærmare på kva som ligg bak desse tala, seier Nybø i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Ifølgje Veslemøy Hagen, utdanningsdirektør ved Universitetet i Stavanger, er dette ei kjend problemstilling.
LES: Dette er dei mest populære studia ved UiS »
Overbooking ved UiS – og hos alle andre
– Sjølvsagt skjer det overbooking på UiS. Når me sender ut tilbod, så tar me høgde for – frå erfaring – at det er ein del som takkar nei, så difor sender me ut tilbod til langt fleire studentar. Me har ein policy om å ta opp 125 prosent studentar på bachelorgradnivå, og 115 prosent på master. Det er òg utifrå erfaringa om at ein del sluttar. Dette er noko som skjer på alle institusjonar, seier Hagen.
– Har det hendt at det har blitt for mange studentar?
– Det skjer ikkje så ofte. Men nokre gongar har det skjedd. Me har eit problem med at studentar kan falle frå undervegs. Når det gjeld søkarar, så skjer det at studentar søker på fleire ulike studiestadar. Det er gjerne slik at ulike institusjonar tilbyr liknande gradar. Slik har det vel alltid vore. Me følgjer dette veldig nøye, så dersom studentar fell frå, kan det skje at me går ut med tilbod til dei på venteliste. Det er riktig nok slik som skjer før studiestart, held ho fram.
Hagen meiner at UiS har potensial til å forbetre dette sjølv.
– Me er opptatt av at UiS skal vere den studiestaden som studentar vel, og at me skal bli sett på som attraktive. Studentane skal ha det greitt og lære mykje, og få undervisning av høg kvalitet. Viss me heile vegen har fokus på dette, så trur eg kanskje me kan få redusert effekten.
LES: Desse UiS-faga var det flest som strøyk på »
Ved denne utdanninga står 2433 søkarar på venteliste
– Me har ikkje eingong fått vist kva me er gode for, så eg seier berre takk for tillita, seier programansvarleg for det nye psykologistudiet ved UiS.
Relaterte artikler
- AKTUELTDesse 10 emna var det flest som strauk på ved UiS i haust1 ÅR SIDEN
- AKTUELTKriseresultat for fjorårets Fadderfestival – no er haustens tal klare4 ÅR SIDEN
- AKTUELTMilliondryss over lokalt dataspelselskap4 ÅR SIDEN
- AKTUELTEuropris allereie i gang med julehandelen: – Du brukar opp jula før den kjem, seier kunde4 ÅR SIDEN
- AKTUELTHall Toll-gjengen tilbake: – Me saknar kvarandre, og me saknar gjestane våre4 ÅR SIDEN
- AKTUELT«Framtida di står på spel – så gjer noko med det!»4 ÅR SIDEN