• Byas sjekker: Mange har ikkje råd til skabb-kur: Korfor må det vera så dyrt?

    Publisert 12. februar, kl. 20:30

  • I ein artikkel publisert på Byas står det at ein hudlegespesialist fryktar at studentar ikkje har råd til å betala for skabb-kurane ein får kjøpt på apotek. Nix og Permetrin heiter dei mest vanlege me kjenner til.

    Samtidig kjem det stadig opp artiklar om at midden er meir utbreitt enn før.

    I 2016 fekk 30 pasientar diagnosen skabb ved Stavanger universitetssjukehus. I 2021 var det 230.

  • Kvar av kurane kostar over 300 kroner. For éi behandling treng du to slike tubar. Om stadig fleire får skabb, og folk ikkje har råd til kurane (som ikkje har garantert effekt), korfor må dei då vera så dyre?

  • For å finna svaret på korfor det er slik, begynte eg med dei som sel produkta. Apoteka. Svaret frå Apotek 1 var eigentleg ganske enkelt.

    – Prisane på produkta våre er regulerte av innkjøpsprisar frå leverandørane våre. Kort sagt er det dyrt i utsal fordi det er dyrt i innkjøp, seier kommunikasjonssjef Kjersti Solberg Ofstad.

  • Det heng vel på greip. Apoteka og laboratoria skal jo tena pengar dei òg. Men kva med familiane og studentkollektiva som fylgjer instruksjonane til punkt og prikke, utan å bli kvitt skabben?

    Ein kan jo ikkje driva og kjøpa inn og kjøpa inn to tubar til kvart familiemedlem i ein familie på fire inn i det uendelege.

    Det må finnast eit alternativ.

  • Eg høyrer med Legemiddelverket for å høyra om dei har peiling.

    Éi av oppgåvene deira er å sjå til at legemiddel er så prismessig tilgjengelege som mogleg, skal ein tru deira eiga nettside.

  • Eg får snakka med seniorrådgjevar Gudrun Boge. Ho seier nesten det same som det dei seier på Apotek1.

    – Den enkle forklaringa på at prisen er så høg, er at firmaa som produserer kurane tek den prisen.

    Igjen, det heng jo på greip, men Boge kan òg seia litt om korfor det er slik.

  • – På reseptfrie legemiddel er det i praksis legemiddelprodusenten som bestemmer dette sjølv.

    – Sidan det tidlegare har vore lite skabbsmitte, har ikkje produsentane vist særleg interesse for å marknadsføre legemiddel mot skabb i Noreg.

    Prisen er høg fordi produsenten ikkje har opplevd nokon særleg stor etterspurnad før. Men dette hjelper jo dei som må venda om på lommebøkene ganske lite. Kan det ikkje gjerast noko meir?

  • – Me har anbefalt å få skabb inn på lista over allmenfarlege smittsame sjukdommar, seier Boge vidare.

    Og kva betyr dette? Jo, for at du skal kunna få eit legemiddel på resept, må sjukdommen finnast på lista over allmennfarlege smittsame sjukdommar. Der finn ein mellom anna klamydia, kikhoste og tuberkolose.

  • Men det er ikkje så enkelt. Dette er det Helse- og Omsorgsdepartementet som bestemmer.

    – Me er kjende med at det dei siste åra har vore ei betydeleg auking i tilfelle av skabb i Noreg, og at mange pasientar og familiar har hatt store utgifter knytt til behandlinga. Det er uttrykt bekymring frå fleire hald om at dette no har blitt eit folkehelseproblem som ein bør ta tak i, skriv statssekretær Karl Kristian Bekeng i ein e-post.

  • Vidare fortel han at koronasituasjonen fører til at saka har stoppa opp under behandlinga i departementet.

    – Det er så langt ikkje bestemt å utvida refusjonsordninga til å omfatta også reseptfri fyrstelinjebehandling eller å definera sjukdommen som allmennfarlig smittsam sykdom, skriv han vidare i mailen.

  • Med andre ord kan ein ikkje forventa seg eit billigare alternativ enn dei mest kjende med det fyrste.

    For at det skal skje, må anten produsenten justera prisen, eller så må Helse og Omsorgsdepartementet få fortgang på saksbehandlinga.

Student Kristine (35) fekk bot etter ho tok toget med studentbillett: – Blir veldig dumt når eg har tasta inn alder og trudd at det er rett

Ho trudde togturen kom til å kosta henne 38 kroner. Men togturen frå Bryne til Stavanger blei over tusen kroner dyrare. Vy skal undersøkja funksjonen på appen.

Oppdatert: