Slutt for Eg & Du i Østervåg
Eg & Du opna i Østervåg hausten 2020. No må dei stengja.
– Me har vore og meldt oppbod på selskapet i dag, seier Haakon Mørch måndag.
Han er dagleg leiar av selskapet Smakalaust AS, som driftar restauranten Eg & Du i Østervåg.
Bydelsrestaurant kommer også til Stavanger sentrumEtter å ha gått gjennom dei økonomiske forpliktingane, har dei på eige initiativ valt å setta kroken på døra mens leiken enno er god.
– Det er ei betre avvikling enn å køyra på vidare til du går på ein smell seinare.
Uheldig tid
Eg & Du-restauranten i Østervåg er nyare enn den på Eiganes der dei opna i 2017. Oppe på Eiganes har dei etablert ei kundegruppe. Nede i Østervåg er det eit litt anna miljø. Planen var å ta med seg ein del av konseptet frå Eiganes, men det var det ifølgje Mørch utanforståande krefter som gjorde vanskeleg.
– Det er litt vanskelegare å implementera når du har ein meter og skjenkestopp. Då har du ingen kveldsmarknad å satsa på, seier han.
Elles var dei òg uheldige med støtteordningar. Til den fyrste støtteordninga stod dei oppførte med feil næringskode.
Sjølv om Smakalaus AS har gått konkurs, vil dette ikkje påverka Eg & Du på Eiganes fordi den blir drifta av eit anna selskap.
Rogalands Avis, som omtala konkursen fyrst, skriv at då dei i 2020 opna dørene omsette for 761.000 kroner. Seinare same året, fekk dei eit negativt resultat før skatt på 264.000 kroner.
Vidare skriv dei at gjelda blir på 450.000 kroner.
Kva nå?
Nå skal selskapet avviklast. Bobestyrar og advokatar er allereie i gang med å ta fatt på arbeidet.
– Det er litt trist. Med har hatt med oss gode folk, både tilsette og gode huseigarar. Men med manglande støtte så blir det eit litt for tungt tog å trekka.
Nå blir det nye sushisjapper i desse bydelane. Pluss noko ekstra
iSushi har blitt møtt med god respons i Stavanger og Sandnes. Nå satsar gründeren med nok eit konsept.
Relaterte artikler
- AKTUELTByas sjekker: Fryktar mange har ikkje råd til skabb-kur: Korfor må det vera så dyrt?2 ÅR SIDEN
- AKTUELTButikkjeda forsvann frå Stavanger sentrum. Kjem nå til Kvadrat1 ÅR SIDEN
- AKTUELTTranspersonar opplever diskriminering fyrst og fremst i jobbsamanheng1 ÅR SIDEN
- AKTUELTStudent Kristine (35) fekk bot etter ho tok toget med studentbillett: – Blir veldig dumt når eg har tasta inn alder og trudd at det er rett1 ÅR SIDEN
- AKTUELTSandra (21) skulle berre sjekka føflekkane etter sommaren. Så kom sjokkbeskjeden1 ÅR SIDEN
- AKTUELT19 spisesteder som åpnet i Stavanger og Sandnes i fjor2 ÅR SIDEN