Open dag på UiS: Dette tenker vgs-elevane
Søknadsfristen snevrar seg meir og meir inn for vgs-elevane. Tysdag arrangerte UiS open dag – som kanskje kan ha tent eit lys for nokon.
Banner, solskin og stands med snop var noko av dei om lag 2.500 frammøtte elevane frå vidaregåande skular i heile sørfylket blei ønskte velkomen med på UiS tysdag.
Etter ein peptalk frå rektor Klaus Mohn var det fritt fram for elevane å utforska kva universitetet hadde å tilby dei.
Mens nokon allereie har klart føre seg kva dei skal til neste år, er det framleis nokon som vil bruka heile tenketida fullt ut før dei tek eit endeleg val som står til 20. april.
– Eg har ikkje søkt enno, nei.
Det seier Ida Eline Melbye som var på veg nedover mot Kjell Arholms Hus, der mellom anna sjukepleiarstudentane held til.
Ved sida av henne står Evelyn Hustad. Ho har allereie bestemt seg for kva ho skal, og har alt fylt ut og levert inn søknaden sin.
– Eg har valt studium på bakgrunn av interesser. Derfor har eg søkt psykologi. Det er kjekkaste faget eg har på skulen, så det er det eg vil gå vidare med.
Aftenbladet: VGS-søkartala er klare: Dette faget har aldri vore meir populært
Mange moglegheiter
Men elevane er klare over at det er mange vegar dei kan gå når dei fullfører vidaregåande i juni. Ikkje alle har tenkt å hoppa rett inn i tre nye år med skulegang.
– Eg har bestemt meg for å ta eit friår og reisa rundt i verda, seier Isabel Sorena Sæland Khorasani.
På lengre sikt har ho tenkt å gå ei linje som samsvarar med interessene hennar.
– Eg vil gå noko innanfor helsesektoren fordi eg likar å hjelpa andre.
Tuva Eide Knudsen har òg tenkt å ta eit friår, men har landa på at ho vil studera jus når tida er inne for det.
Emma Snilsberg skal inn i militæret etter vidaregåande. Ho veit ikkje kva ho skal studera heilt enno, men er klar over at ein kan ta utdanning mens ein er i Forsvaret.
Hanne (19) trente over 22 timer i uken til førstegangstjenesten, men kom ikke inn: – Synes det er urettferdig
Endeleg tilbake
Dei to siste åra har det berre vore digitale møte mellom vgs-elevar og studentar.
Under tysdagens opne dag var det om lag 100 arrangement innan 14 ulike studieretningar.
Slik kan campus Ullandhaug bli seende ut
For å unngå overfylte lokale blei velkomsttalane delte i to. Rektor Klaus Mohn talte i auditoriet i Elise Ottesen Jensens hus og tykte det var gledeleg å kunna ønska så mange elevar velkomne på universitetsområdet.
– I dag har elevane fått eit skuleavbrekk og fått informasjon om alle studia me kan tilby dei her. Så får dei tid til å prosessera alt, så håpar me at me ser dei igjen i august.
Men å velja mellom alle desse studia er inga enkel oppgåve. Oppfordringa frå universitetsrektoren er å lytta til seg sjølv.
– Det må vera at elevane ikkje må la seg styra av tradisjonar, men av interesse og talent.
Disse studentene er mest fornøyde på UiS
Henrik (27) frå Stavanger får stipend av Kjell Inge Røkke for å dekka studiane
Henrik Auestad (27) frå Stavanger får oppfylt draumen om å studera ved Oxford med god hjelp frå lommeboka til Kjell Inge Røkke. Her er tips til andre som vil studera i utlandet.
Relaterte artikler
- AKTUELTSamtykkeloven enkelt forklart: Hva er det, når kommer det og hvilken effekt kan det ha?1 ÅR SIDEN
- AKTUELTLeste brev fra starten på pandemien: – Før var verden liten, vi drakk brus fra samme kopp og kysset hverandre1 ÅR SIDEN
- AKTUELTDen svenske kjeden åpner kaffebar i Sandnes1 ÅR SIDEN
- AKTUELTFlere enn noen gang vil ta «automatlappen»1 ÅR SIDEN
- AKTUELTKrigen i Ukraina: Oligark, SWIFT, annektere, sanksjon...? Hva betyr alle disse ordene?1 ÅR SIDEN
- AKTUELTNå må du være 18 år for å ta Botox1 ÅR SIDEN