Aktuell med konsert for sjølvmordsførebygging: – Musikken gjorde at eg ikkje tok livet mitt

Dave Pickett har ei tung fortid med rus, schizofreni, ADHD og bipolar liding. No arrangerer han rockefestival til inntekt for mental helse, for fjerde år på rad.

Dave Pickett skal spele konsert til helga for å samle inn pengar til sjølvmordsførebygging. FOTO: Håvard Tanche-Larsen Knutsen

Verdas helseorganisasjon gjekk nyleg ut med statistikk, som viser at éin person tar livet sitt kvart 40. sekund. Her i Noreg er det mellom 500 og 600 som tar sitt eige liv i løpet av året.

Tysdag var verdsdagen for sjølvmordsførebygging, som markerast med konsert til inntekt for Mental Helse Ungdom i Stavangerregionen. Bandet Panick Attack! har vore i spissen for slike konsertar dei siste tre åra – og har samla inn rundt 25.000 kroner, og går nok ein gong i bresjen for førebygging av sjølvmord.

Mini-rockefestivalen Suicide Fest startar fredag klokka 22 på Checkpoint Charlie, der Panick Attack!, Uburen, Psykoblasfemi, Balle Malurt og Lysjakt står på scenen. Dei same banda stiller opp på Tribute i Sandnes på laurdag. Heile gjengen speler gratis, slik at billettsalet går rett til sjølvmordsførebygging.

Rus og sjølvmordstankar

Dave Pickett, vokalist i Panick Attack!, har vore arrangør for dei ulike konsertane. Han satt opp den første konserten i 2016 til ære for sin avdøde onkel, John, som tok livet sitt i 2008. I gong med førebuingane til konserten, tok ein av dei to andre onklane hans, Hal, òg sitt eige liv. Då bestemte Pickett seg for at Suicide Fest skulle bli ein årleg affære.

Alle dei tre onklane til Dave er borte, og to av dei til sjølvmord. Det har vore ein motivasjonsfaktor for arbeidet hans. FOTO: Håvard Tanche-Larsen Knutsen

Pickett har sjølv hatt mange problem med mental helse, og har slite med rus i store delar av livet. Han flytta frå USA til Noreg i 2011, der han har bygd eit liv saman med kona Hanne, og seinare, to barn.

– Eg har noko som mor mi hadde, og som mor hennar hadde før henne. Og så vidare. Noko som gjorde oss litt fucked up. Då eg var liten, forklarte ho at det var noko me var fødde inn i. Ikkje noko å gjere med det. Eg var liksom berre skapt til dei rusgreiene. Eg var ikkje rusavhengig, men når eg først fekk lyst på det, så hadde eg lyst på alt. Det var den einaste måten eg kunne sleppe unna. Med ungane mine prøver eg å bryte ut av den generasjonssyklusen der, seier Pickett.

LES: – Eg har sjølv møtt studentar i djup krise, som sit klare med pilleglaset »

Vil opne diskusjonen

Motivasjonen for aktivismen har vakse fram frå den tøffe bakgrunnen, og eit sterkt behov for å gjere det enklare for andre med psykiske problem.

– Nokre ting, dei verkar som dei veks fram, inni deg. Dei berre er der. Eg har vel hatt eit slags kall til dette arbeidet. Det er så mange saker, som til dømes kreft, som krev ein uendeleg mengde med pengar – utan at det blir nok. Sjølvmordsførebygging derimot, er ikkje slik. Berre det å snakke om det, demmar opp for så mykje av presset, seier han.

Han meiner at det er mykje press i Noreg for at me skal vere perfekte, og at me ikkje er flinke nok til å snakke om dette.

– Du kan snakke med 100 personar, og der er det kanskje ein eller to, som held ting inni seg. Eg vil hjelpe dei folka. FOTO: Håvard Tanche-Larsen Knutsen

– Det er ikkje så mykje rom for diskusjon rundt sjølvmord og depresjon her. Eg kjem ikkje unna med å vere like direkte her som i USA, men eg kan likevel bruke heile denne «framand i eit framand land»-greia til å vere litt frampå. Me prøver jo å samle inn pengar her, men hovudmålet mitt er å opne opp diskusjonen. Berre få i gang dialogen.

Pickett ønskjer å gjere meir ut av den vesle festivalen, og å nå ut til eit breiare publikum. Det betyr nye band til neste år, og eventuelt fleire byar.

LES: Brage (20) var einsam og bekymra, men så valde han å snakke om det »

Jobbar for å hjelpe dei få

Amerikanaren er ikkje redd for å stikke seg ut.

– For å opne dialogen, kan eg ikkje vere redd for å vere litt grafisk. Sjølv om folk kanskje tar seg nær av det. Det skal ikkje vere ein trigger, men i alle fall litt støytande. Eg vil få folk til å snakke. Eg har alltid kjent meg så einsam, og det er veldig isolerande. Før, pleidde eg å leite etter band, slik som Suicidal Tendencies. Dei var ein av favorittane mine. Tekstane deira fekk meg til å føle at nokon andre forstod, og det var, for meg, uvurderleg. Musikk var ein av tinga som gjorde at eg ikkje tok livet mitt. Det var som ein klem frå Gud, frå universet. Musikken vår i Panick Attack!, den er for slike folk. Sjølv med velferdsstaten, så er det mange som fell utfor her i Noreg òg.

– På denne tida av året, med sjølvmordsførebyggingsdagen, så prakkar eg alt eg kan på folk, for det er nokon der ute. Nokon som bodskapen kjem til å resonnere med. Du kan snakke med 100 personar, og der er det kanskje ein eller to, som held ting inni seg. Eg vil hjelpe dei folka. Eg kan ikkje redde dei – det må dei gjere sjølv, men når dialogen er open, så kan dei velje å halde alt på innsida, eller opne opp, avsluttar Pickett.

LES:

LES MER:

SHoT-undersøkelsen: Flere studenter sliter psykisk

LES MER:

UiA starter tiltak for mannlige studenter som sliter psykisk: – Maskuline idealer står i veien for å be om hjelp

LES MER:

Mer støtte til psykisk helse for studenter i utlandet

Publisert:

Oppdatert:

Unge gründerar starta eigen bedrift i Sandnes

Ismet Cam (31) og Joachim Årthun (25) møttest i dusjen på treningssenteret. No skal dei tene seg rike på å selje kvardagslege vernesko.