Nå kan 00- og 01-arar få halv pris hos tannlegen
Frå i år av har dei som blei fødde i 2000 eller 2001 moglegheit til å få 50 prosent rabatt hos offentlege tannhelseklinikkar.
– Dette har vore gjeldande sidan fyrste januar 2022, seier fylkestannhelsesjef i Rogaland Pernille Lysaker.
Frå og med mars vil rabatten bli trekt automatisk når du betalar.
Har du vore hos tannlegen tidlegare i 2022, kan du fylla ut eit refusjonsskjema som gjev deg same rabatt.
Men det gjeld å halda tunga beint i munnen på kva tannlege ein går til.
Forskjellen privat og offentleg
Stortinget har vedteke at tannhelsetilbodet i større grad skal dreia seg om individuelt behov. Derfor har det gått for ei ordning som gir 50 prosent rabatt til dei som er i alderen 21–22.
Tilbodet gjeld all undersøking og nødvendig tannbehandling. Kosmetisk behandling som ikkje har medisinsk grunnlag er ikkje inkludert.
Går du til ein offentleg tannhelseklinikk, vil du få 50 prosent avslag.
Går du til ein privat tannhelseklinikk er det litt annleis. Der vil du nemleg ikkje få rabatt frå mars 2022. Men du kan altså fylla ut refusjonsskjema og få 50 prosent rabatt på nødvendig tannbehandling utført i perioden januar til mars i år.
– Teke grep for å nå flest mogleg
Ein må kunna dokumentera utgiftene og leggja dei ved når ein sender inn refusjonsskjemaet.
Til nå har ein ikkje eit konkret tal på kor mange som har nytta seg av dette, ifølge fylkestannhelsesjefen.
– Me har hatt nokon desse to månadene, men me har teke grep for å nå flest mogleg, seier Lysaker.
– Etter me kom ut med informasjonen er det framleis folk som har avtaler eller er i behandling i februar og mars. Sidan dei ikkje har hatt moglegheit til å vita om tilbodet har me valt å ha januar, februar og mars som ramme.
Linja skulle eigentleg leggjast ned. Nå blir det kamp om plassane
Det såg mørkt ut for linja ved Godalen som ein periode hadde berre éin søkar som hadde kuldelinja på fyrsteplass. Men så skjedde det noko.
Relaterte artikler
- MENINGERUnge meninger: – Staten bør ikke finansiere noen religioner eller trossamfunn1 ÅR SIDEN
- AKTUELTGrønt lys for ny tannklinikk ved UiS1 ÅR SIDEN
- AKTUELTDesse 10 emna var det flest som strauk på ved UiS i haust12 MÅNEDER SIDEN
- AKTUELTLandstreffet: - Jeg har jo vært her selv, så jeg unner dem dette1 ÅR SIDEN
- AKTUELTNye regler gir dyrere tatoveringer og lengre ventetid1 ÅR SIDEN
- AKTUELT– Det er ikke sånn at vi ønsker å ekskludere1 ÅR SIDEN