Unge gründerar starta eigen bedrift i Sandnes
Ismet Cam (31) og Joachim Årthun (25) møttest i dusjen på treningssenteret. No skal dei tene seg rike på å selje kvardagslege vernesko.
– Dette er berre midlertidig, altså, seier Joachim Årthun (25), i det han viser meg inn i eit eldande kontorbygg. Me er i Varatun-området. Heimstad for drøssevis av industribedrifter, og førebels hovudkvarter for den nystarta bedrifta Rogaland Vernesko.
Eg blir ført gjennom ein gang og inn ei dør, der Ismet Cam (31), som driv forretninga saman med Joachim, ønskjer meg velkomen. Det er god utkikk utover industribygningane i området rundt her, men få teikn til at dette kontoret har noko med ein butikk å gjere – som det teknisk ikkje kjem til å ha, heller.
Vel. Minus dei ulike verneskoa som Cam danderer utover bordet.
– Me håper å finne oss lokale rundt Lurabyen. Eller kanskje noko på Forus, seier Årthun. Det er ingen namneskilt for bedrifta i foajeen. Det er ikkje vits, meiner han.
Lidenskap for drifta
Etter å ha jobba saman med 3D-visualisering i nokre år, kom duoen over ein nisje. Eit utappa potensial i marknaden: Vernesko som folk faktisk vil gå med. Du tenkjer gjerne på støvlar og fjellsko-liknande, blytunge klossar når du høyrer ordet «vernesko», men det er ikkje tilfelle her.
– Då me først leverte ut desse skoa her, så sa folk, men herregud, me kan jo bruke desse i kvardagen. Og plutseleg, så tok det av. Me fekk meir og meir kontakt, seier Joachim.
Då vart fokuset deira flytta frå 3D-visualisering, over til vernesko. Dei har nytta det same kontaktnettet.
– Når me var ute og såg på bygningar som me skulle skildre i 3D, la me merke til noko. Helsikken for nokre sko desse arbeidsfolka brukte! Tenk om dei kunne ha nokre sko som var behagelege, som dei faktisk ville gå i. Det ville jo selje av seg sjølv! Og så fekk me agentur på import. Og etterpå har me fått enormt gode tilbakemeldingar. Det er kanskje ei gullgruve her. Vernesko, det er noko alle må ha, seier Joachim.
Lidenskapen visast i augo til begge to når dei får snakke om produktet sitt, men det verkar som dei kunne seld kva som helst. Det er dette med å skape noko sjølv, byggje det frå botnen av, som driv dei.
– Me skal byggje stein for stein. Alle kan få til det dei vil. Berre hopp i det. Legg sjela di i det, gi gass. Det nyttar ikkje å drive med sånn hobbyverksemd, meiner Joachim.
Ismet smiler.
– Me kunne vel seld kebab om me ville. Men no er det vernesko me driv med, då.
LES:
Legger ned butikken i Kirkegata og tar over disse lokalene
Dette kan du gjøre i helga!
Møte i dusjen
– Enkelt og greitt, så møtte eg denne tyrkaren her på trening ein gong, seier Joachim.
– I dusjen!
– Nei, ikkje skriv at det var i dusjen, då, byrjar Joachim.
– Jo, gjer det, avbryt Ismet, med eit rop.
– Uansett. Eg visste at han dreiv med 3D-visualisering. Dette var vel rundt 2014–2015. Han kunne alt om økonomi og dei greiene der. Sjølv har eg alltid vore ein svolten person, som har hatt lyst til å starte noko for meg sjølv. Me veit det, at viss ein har dei rette folka, så blir ein berre rikare av å feile. Ikkje økonomisk, men når det kjem til erfaring, seier Joachim.
–Me låg og skreiv til kvarandre ein kveld etter å ha gått i gang med 3D. Sko-ideen hadde byrja å gjere det godt. Då skreiv me det at, veit du kva; skal me berre hoppe i det og prøve? Me hadde sjekka marknaden, og såg at det var plass til oss, held han fram.
Ismet starta 3D-selskapet aleine, og ville i utgangspunktet halde det slik.
– I starten dreiv eg aleine. Men no er eg sikker på at eg og Jokke skal gjere det bra, seier han, og vender seg til forretningspartnaren:–Eg har jo alltid sagt det til deg, Joachim. Eg skulle ikkje ha tilsette, for det berre sinkar deg ned. Eller, det trudde eg – fram til eg møtte han. Eg må ha drivne folk, seier Ismet.
LES:
Prisguide: Her får du billigst øl på byen
Utelivsguide til Stavanger og Sandnes: Her er områdene du bør vite om
Uredde
– Me er ikkje redde for å banke på dører. Det er fordelen vår. Me går rett ut og helsar på dei, får ein god tone. Joachim er uredd. Han ringar rett til dei store selskapa, byrjar med dagleg leiar, og jobbar seg nedover. Det er han som pushar meg, seier Ismet.
Bedrifta vil basere seg på ein nettbutikk, dør-til-dør-sal, og eit utstillingsrom med lager der kundar kan prøve ut skoa. Det blir slik sett ikkje ein tradisjonell butikk.
–Det er greitt for kunden at dei har kontaktar lokalt, seier Joachim.
– Ja, det me eigentleg sel, er vel oss sjølve. Relasjonane, fortel Ismet.
– Relasjonane er det viktigaste me kan ha. Ikkje berre ein ansiktslaus nettstad. Me skal vere flinke med å snakke med kundane, og følgje dei opp etter at dei har fått produktet, seier Joachim.
LES:
Disse butikkene finner du bare i Stavanger og Sandnes
Byas får bli med på ein tur ut til Vibemyr Blikk, der dei snakkar med ein kunde. Eg tar meg sjølv i å bli ein smule overraska når eg ser bilen; ein gammal Opel Corsa. Det passar ikkje heilt inn med ideen min om ein ung gründer. For meg er det mindre Corsa, meir Porsche.
– Me skal ikkje vere kaksar heller, seier Ismet.
– Men det var litt sånn at eg ville heim og hente Range Roveren her no, ler han.
Bilen knirkar inn på parkeringsplassen til blikkenslagarverkstaden, og me tuslar inn for å møte John Kenneth Glendrange. Dei tre kjem fort i diskusjon om skoa, og både Cam og Årthun viser at dei følgjer prinsippa sine om relasjonar og oppfølging.
– Me har fått dei rette folka til å hjelpe oss. Joachim har ansvaret for sal, sjølv om eg er der òg, og så har me ein som driv nettbutikken. Me har folk i rollene dei passar til, og difor trur eg det går så bra. Joachim veit at eg kan mest om økonomi, og eg veit han kan sal best. Me lar folk gjere det dei er gode til, avsluttar Ismet.
Julia (20) og Stefan (30) skal seile i eit halvt år for miljøet
Gründerparet vil skape blest rundt det å føre ein berekraftig livsstil. Men erfaringa med segling, den er det dårleg med.
Relaterte artikler
- KULTURJone frå Sandnes er med i den nye sesongen av «Parterapi»4 ÅR SIDEN
- AKTUELTEuropris allereie i gang med julehandelen: – Du brukar opp jula før den kjem, seier kunde4 ÅR SIDEN
- AKTUELT«Eg går inn i det nye året med ei heilt anna kjensle enn tidlegare; håp»3 ÅR SIDEN
- AKTUELTP-pille forsvinn frå apotekhyllene1 ÅR SIDEN
- AKTUELT«Framtida di står på spel – så gjer noko med det!»4 ÅR SIDEN
- AKTUELTAktuell med konsert for sjølvmordsførebygging: – Musikken gjorde at eg ikkje tok livet mitt4 ÅR SIDEN