Kolumbus har ein lang, lang veg å køyre før dei kjem fram til siste haldeplass med busstilbodet

KOMMENTAR: Busstilbodet i Rogaland er altfor dårleg. Skal me endre transportvanene til folket for å få ned utslepp, må ein storstilt snuoperasjon til!

Den som kom opp med ideen til nummer to-bussen bør òg tenkje på nokre idear for alternative yrkesval.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Lungene står i brann. Eg hiv etter pusten, og rundar det siste hjørnet opp til Gauselvågen-busshaldeplassen på Hinna. Eg rekk det akkurat. Eitt minutt før tida. Nummer to-bussen står der, i gong med eit sjåførbyte. Eg hoppar på, og sjekkar med den nye sjåføren for å vere sikker:

– Du køyrer til Smeaheia, sant?

Ho strekkjer halsen, og kikkar på eit display.

– Nei. Varatun, seier ho.

Hm. Eg går av igjen. Rart. Sanntidsappen viser at nummer to-bussen via Varatun gjekk for femten minutt sidan. Dette burde vore Smeaheia-bussen. Men greitt. Nummer to mot Smeaheia er der om to minutt, meiner appen.

Det som starta som ein fin søndag med sol og blå himmel, har i sann Rogalands-tradisjon vendt seg om til orkan-vind og sidelengs regn. Eg står der i t-skjorta, og oppdaterer sanntidsappen med jamne mellomrom. To minutt. To minutt. Eitt. Yes. «>1 minutt», står det.

Regnet finn vegen inn i busskuret. Det tar plaskar opp frå bakken, tar ein u-sving rundt glaset takka vere vinden. Eg oppdaterer igjen. Den andre bussen køyrer, og eg kikkar ned på telefonen. Minuttet kjem og går. Ingen buss.

LES:

Les også

Er bussen forsinka? Så mange pengar kan du ha krav på »

Les også

Derfor forsvinner bussen fra sanntids-appen

Eg hutrar og frys. Nummer to forsvinn frå appen, men ingenting dukkar opp. Av og til er sanntidsopplegget litt kjapt. Så eg ventar litt til. Og litt til. Fem minutt – ti minutt. Nope.

Søkkvåt, lei og sint, gir eg opp. Neste buss går om ein time. Det betyr at det har gått to timar mellom kvar Sandnes-buss via Smeaheia.

Sannsynlegvis har sjåføren rett og slett køyrt feil rute. Som er idiotisk nok i seg sjølv. Men dette tar meg frå denne lange innleiinga, inn i sakas kjerne. Kven i alle verdas namn og rike er det som bestemte at det skal vere to ulike 2-bussar? Første gong eg tok den, enda eg sjølvsagt opp på feil buss.

Kollektivtransporten i Rogaland er langt betre enn andre stadar i Noreg, men det er lita trøyst for dei som ikkje har god nok dekning.

Dersom du har tatt buss i ei stund, sluttar du å legge merke til noko anna enn nummeret. Teksten blir irrelevant.

Eg har vore ute ei vinternatt før med Kolumbus, men stort sett så går dei i det minste rett veg, så eg tenkjer ikkje så veldig over kvar eg er, så lenge bussnummeret er korrekt. Det er det lite hjelp i med 2-bussen. Ein kompis av meg presterte det same kunststykket dagen etterpå. Det er ein smule slapt av oss òg, men det kan da ikkje vere nødvendig å gå inn for å – med vilje – skape forvirring?

I ei tid der klimaspørsmålet omtrent opptar alle, må me kunne lite på kollektivtilbodet vårt.

Nokre gongar tenkjer eg at namnet deira er dekkjande. Nokre gongar tenkjer eg at selskapet verkar litt som typen som godt kan ende opp i Karibia på veg til India. Andre gongar tenkjer eg at den lenge avdøde, og sannsynlegvis sterkt reduserte, grandtanta mi, kunne gjort ein betre jobb med busstilbodet i Stavanger.

Sjølvsagt set eg ting på spissen her, og overdriv. Men Kolumbus har ein lang, lang veg å køyre før dei kjem fram til siste haldeplass med busstilbodet. Særleg nede på Jæren er forholda regelrett elendige. Sør for Nærbø er det ordinære tilbodet i praksis ikkje-eksisterande.

LES:

Les også

Husker du disse? Snart kommer dobbeltdekkerne tilbake!

Det er greitt nok at bussane kjem for seint i rushet, men det får vere måte på kor mykje ein skal finne seg i. Her trengst det meir pengar, betre tilbod, og eit mindre kaotisk system. Teknisk sett har jo ikkje Kolumbus ansvar for enkeltbussane, så litt rot her og der må me tole, men rutene må dei rydde opp i. Det å endre talet på ein av 2-bussane må selskapet i det minste klare.

Spesielt no som den raude sida på fylkestinget er blitt styrka, må det leggast langt meir pengar på bordet frå politisk side.

Me er alle leie av å stå som sild i tønne på morgonen, pressa opp mot rumpa til tilfeldig framande. Blir det første møte ditt med kollektivtransporten slik, så er det forståeleg at du ikkje blir spesielt freista til å gjenta turen.

Me er òg leie av å sjå at busstilbodet gong på gong blir nedprioritert i budsjetta. Nyleg kom det fram at prisen på Hjem-Jobb-Hjem vil doble seg for dei som bur sør i fylket. Slikt passar neppe med notidas politiske vindar.

Det er på tide med ein storstilt snuoperasjon. Samanlikna med Oslo og andre byar nedover Europa, er dekninga i Stavanger svak. Det er tvilsamt at opptrapping vil vere lønsamt, men det bør heller ikkje vere fokuset. Skal me nokosinne kunne byrje å snakke om eit reelt grønt skifte, må me satse.

Etterspurnaden er sannsynlegvis ikkje høg nok for at ein skal kunne tene nok pengar på dette. Men her må me heller byggje opp tilbodet, og skape etterspurnad med kvalitet, deretter.

I ei tid der internasjonalt samarbeid sviktar, og me neppe når dei nasjonale klimamåla våre, har byregionane vakse fram som små fyrtårn av håp.

Både her og i Oslo har me enorme ambisjonar om å kutte i utslepp. Oslo siktar seg inn på 95 prosent kutt i klimagassar innan 2030. Her skal me kutte 80 prosent. Då er det naturleg at kollektivsatsinga må trappast opp – og det betydeleg. Skal me endre transportvanane til folket, er det lite anna å gjere.

Publisert: