Aktuelt

Framtida di står på spel – så gjer noko med det!

KOMMENTAR: Me unge har eit ansvar for framtida vår. Uansett om du er samd med partia eller ikkje, bør du møte ved valurnene.

Oppdatert:
  • Mikkjell Lønning

Du bør møte opp på vallokalet, uansett om du har eit parti å stemme på eller ikkje, skriv Byas-kommentator Mikkjell Lønning. FOTO: Valgdirektoratet

Måndag er siste sjanse for å stemme i årets kommuneval. Ansikta til dei lokale kandidatane er klistra opp på vegger, busskur og Facebook-kampanjar. Valkampen er inne i sluttfasen.

Forsking viser at fleire og fleire av oss avgjer kven me skal stemme på, gjennom valkampen eller på valdagen. Det er ikkje lengre slik at me kan gjette oss fram til kva folk stemmer basert på kva yrke dei har. Slik sett var ting enklare før. No er banda våre til partia langt lausare.

  • Følg Byas.no på Facebook!

Kollektivt ansvar

Du har heilt sikkert noko du har engasjert deg eller irritert deg over. Kanskje syns du at bompengane syg til seg alt av sparepengane dine? Kanskje er det tufsane som fornektar forsking på klimaendringar, i omtrent same stil som kyrkja dreiv og hindra vitskap i gamle, gamle dagar? Kanskje er du luta lei av dei nye fråværsreglane, eller syns det kjem litt for lite studielån inn på kontoen? Du har garantert tenkt over noko av dette. Politiske saker kjem før eller seinare til ha verknad på alle liva våre.

Eg syns ein må gjere seg fortent til å klage over slikt.

Det gjer du ved å stemme.

Me har eit ansvar. Sjølv om kvar enkeltstemme, isolert, ikkje betyr all verda, kollapsar systemet vårt viss me ikkje brukar stemmeretten vår. Det er lett å tenkje at kommune- og fylkesvalet har mindre å seie enn Stortingsvalet, men eigentleg handlar det berre om litt andre saker. Kommunale og fylkeskommunale vedtak er ofte nærare deg, og slik sett meir synleg. Drifta av bussane her i regionen, til dømes? Det er det fylkeskommunen som styrer over. Det same gjeld dei vidaregåande skulane – så ikkje gløym å ta med deg ein stemmesetel for fylket!

Kommunen er den fremste velferdsprodusenten i Noreg, og er i praksis velferdsstatens ansikt. Begge nivåa har breie saksområde, som me møter på kvar dag. Og då er essensen her: Du vil vel ikkje at andre skal bestemme over det som har med deg å gjere?

LES OGSÅ:

– Derfor kan du ikkje stemme på nett »

Så … Kva skal eg stemme på, da?

Det er ikkje enkelt å vite kven ein bør stole på i politikken. I ei tid der politiske skandalar har florert som aldri før (riktig nok på nasjonalt nivå), er det fort gjort å miste litt trua på politikarane. Men stort sett er dei vanlege folk som deg og meg. Nokon som har interesse, som vil skape endring, til det betre.

Spørsmålet er berre om kva du syns er betre. Høgre- og venstresida har naturleg nok ganske ulike syn på akkurat dette. Som førstegongsveljar kan det vere vanskeleg å bestemme seg for kven ein skal stemme på. Du har kanskje ein ide om kva side du er på – men kva med partia?

Her er det viktig å hugse på at ein ikkje treng å bry seg om alle sakene. Sjølv politikarane er ikkje alltid samde med eige parti. Nokre gongar må me bite i det sure eplet for å få gjennom hjartesakene våre. Fokuser på det du bryr deg mest om, og vel ut ifrå det.

LES OGSÅ:

Og om du så verkeleg syns at det ikkje finst noko parti for deg, der ute, så er det framleis essensielt at du møter opp. Stemmesetelen din er ei ytring, og no har du sjansen til å vise at det ikkje er plass til deg i systemet. Dersom mange nok stemmer blankt (her ser du korleis), kan valforskarane ta det vidare. Det skildrar at folket er misnøgde med systemet, og vil ha endring. Difor bør du møte opp på vallokalet, uansett om du har eit parti å stemme på eller ikkje.

Endeleg grøn bølgje?

Det siste året har vore prega av eit enormt engasjement for klima blant unge. I vårens EU-val fekk me eit grønt valskred, der klimapartia kom inn i stor skala. Det som blir spanande, er om me får sjå det same i morgon, her i Noreg.

Dei som var 16 ved førre val, har fått to år med vedvarande snakk om klima i media og samfunnet elles. Ungdommen har organisert svære klimademonstrasjonar, og svenske Greta Thunberg har blitt spydspiss for ei internasjonal ungdomsrørsle.

I både førre Stortingsval og kommuneval, venta me på at den grøne bølgja endeleg skulle kome. Det «grøne skiftet» var buzzord nummer ein, men resultata på valdagen lèt vente på seg. MDG fekk nokre ekstra prosent, utan at det vart så mykje ut av det nasjonalt.

No er det duka for endring. Ein kan meine kva ein vil om klimakampen, men det ser ut til at klima og bompengar er blitt dei viktigaste sakene i årets valkamp. Det er for så vidt klare motpolar. Men steike kor spanande dette vil bli.

Det er betydeleg mindre valdeltaking blant ungdom, på grunn av at me er i ein meir ustabil livsfase enn andre aldersgrupper. Blir dette året der engasjementet er så stort, at det heile blir snudd på hovudet? Mykje tydar på at det kan bli slik. Uansett kva du meiner, må du møte opp. Det er ikkje berre dei vaksne som skal styre her i landet – for det er trass alt vår framtid valet handlar om. Våre stemmer er nett like viktige. Det må kunne vere verd ein tur opp av sofaen.

Publisert:
Oppdatert:

Milliondryss over lokalt dataspelselskap

Misc Games på Forus får seks millionar frå svenske investorar.

Oppdatert: