Aktuelt

Utopia risikerer prikkar for mogleg brot på alkoholforskrifta

Hadde god kontroll, men ikkje alt gjekk på skinner. Festivalleiaren meiner likevel dei gjorde ein kanonjobb med tanke på besøkstala.

Oppdatert:
  • Mikkjell Lønning

Årets runde med Utopia blei ein enorm suksess. FOTO: Finn E. Våga

Fredag 23. august var skjenkekontrollen innom Utopia-festivalen. Kontrollørane var på staden mellom 21:30 og 23:05, der dei observerte åtte særs rusa personar.

Dette kjem fram i ein rapport som Byas har fått innsyn i.

Då kontrollørane kom, gav politiet beskjed om at fleire hadde blitt vist bort tidlegare på kvelden. Festivalen får samtidig ros av kontrollørane for å ha eit oversiktleg område, og at dei som var openbert påverka av alkohol, blei effektivt tatt hand om av hjelpemannskap – om det så var vakter, helsepersonell eller politi.

  • Følg Byas.no på Facebook!

Iherdig frivillig stilte opp

To personar svima av i løpet av den første timen, men blei fort vist vekk med hjelp av helsepersonell. Sidan observerte kontrollørane to sovande på tribunen, som fekk assistanse i å forlate området.

Det var jamn flyt av alkohol under Karpe-konserten, men festivalen bestemte seg for å avgrense kor mange einingar ein kunne kjøpe i kvar barrunde. FOTO: Finn E. Våga

I rapporten skriv kontrollørane at dei såg ei kvinne i 20-åra oppe på tribunen, som skal ha vore sløv og bleik i ansiktet. Då dei kom tilbake for å undersøke tilstanden hennar seinare, fekk dei sjå ein hjelpsam frivillig stille opp med ein sekk, som kvinna deretter spydde oppi.

Kontrollørane skriv at dei fleste av dei åtte blei tatt kjapt hand om, men at eit par av dei blei gåande på skjenkeområdet i ei stund. Det står i rapporten at grunnen til dette kan ha vore svakt lys utpå kvelden, som skal ha gjort arbeidet til vaktene vanskeleg.

LES:

Sjå høgdepunkta frå Utopia »

Reporteren vår prøvde ut sjekketriks på festivalområdet »

Kan få to prikkar

Ifølgje alkoholforskrifta paragraf 4–1, skal synleg rusa personar visast vekk frå skjenkestaden. I løpet av kvelden blei alle slike vist vekk, men Utopia kan likevel ende opp med to prikkar, på grunn av forseinking med dei sistenemnde.

Lovverket seier at ein kan få inndratt skjenkeløyvet i ei veke eller meir, dersom ein får tolv prikkar i løpet av to år. Under fjorårets festival risikerte Utopia å få seks prikkar, så dei er uansett eit stykke under grensa.

Zara Larsson var blant artistane som spelte opp til fest på Utopia. FOTO: Finn E. Våga

Konklusjonen i rapporten er likevel at «det var noko fyll på festivalen, men at vaktene og helsepersonell handterte forholda raskt».

Festivalen har rett til å uttale seg innan 16. september om saka. Det er altså ikkje gitt at festivalen - som hadde 9.500 publikummerar utfor Konserthuset på kvar av dei to festivaldagene - får prikkar i det heile.

LES: Avslørte datoen for neste års Utopia – og opna billettsalet »

– Heilt utruleg

– Me held på med å skrive eit svar. Men me meiner at det var veldig god kontroll på området, og at dei som var synleg rusa blei frakta ut kjapt. Eigentleg var det veldig få hendingar med tanke på at det var så mange menneske. Eg veit ikkje korleis det er mogleg å gjere det betre med 9.500 der, på dagen. Det er heilt utruleg, seier Espen Yung Svendsen, dagleg leiar ved Utopia Festival.

Festivalsjef Espen Yung Svendsen meiner dei har gjort ein kjempejobb med å halde kontroll på rusnivået. FOTO: Kristian Jacobsen

Yung Svendsen kryssar fingrane for at skjenkekontrollen tar innover seg kor vanskeleg det er å gjennomføre dette med så mange folk.

– Me håpar at skjenkekontrollen kan sjå på dette med eit heilskapleg perspektiv, når det er så mange menneske der. Kva folk gjer før dei kjem til oss, det har ikkje me noko kontroll over.

Vil utvide

Då Byas snakka med Yung Svendsen sist, meinte han at det kunne bli aktuelt å gjere festivalen endå større til neste år, eller i 2021.

– Me har ikkje lov til å sleppe inn fleire enn 10.000 kvar dag, men me ser jo at utviklinga går mot at me må utvide festivalen etter kvart. Om det blir til neste år, eller året etter, kjem litt an på kva artistar me får tak i. Me har ein kommune som viser mykje velvilje, så viss det blir aktuelt, så får me det til, sa festivalsjefen veka før festivalen.

Publisert:
Oppdatert:

Utopia 2019 blir større enn nokosinne

Helgas musikkfest i Stavanger er nesten utseld, og festivalområdet er blitt utvida. Berre 1000 festivalpass av totalt 20 000 står att for sal før fredag.

Oppdatert: