Hall Toll-gjengen tilbake med «One Night Only»-storfest

– Dette er noko heilt nytt, seier arrangør Lavrans Gjønnes om kvelden der 17 rettar, akrobatar, musikk og dans står på tapetet – og kanskje blir det fleire rundar?

Oppdatert:
Lavrans Gjønnes, DJ Tom Boye og Morten Gonzales Summers er med og trekkjer i spakane for fredagens fest.

2. februar vart slutten for femten år med Hall Toll i Stavanger. Avslutningsfesten samla 700 menneske til storstilt kalas, før restauranten og nattklubben lokka dørene for siste gong. Sidan har Heidi’s Bier Bar tatt over drifta i lokala til Hall Toll.

Tidlegare dagleg leiar for Hall Toll, Lavrans Gjønnes, har no tatt grep for å samle mannskapet frå gamle dagar til ny fest – denne gongen som hotelldirektør for Clarion Hotel Air. På fredagen arrangerer hotellet ei såkalla «live dinner experience», som Gjønnes meiner skal samle heile området.

Hall Toll-gjengen samla

– Det gjekk så fort på slutten, og det var så fullt. Me fekk liksom ikkje tid til oss sjølve. Me saknar kvarandre, og me saknar gjestane våre, så då inviterer me ein gong til. Det var ein del som sa; Å fillern, kan de ikkje gjere noko meir? Så det vart berre til at det pressa seg fram, dette, seier Gjønnes.

– Heilt sidan eg starta, har eg hatt lyst til å arrangere noko stort her på hotellet. Det skal bli ein fest som kan binde saman heile området, og som kan bidra med noko som ein sjeldan opplever her i vest.

Asiatisk mat står på menyen fredag, og det betyr (blant anna) sushi.

– Eg gleder meg skikkeleg. Det er slike ting eg brenn for. Når eg ser alt som leverast frå hotella til store arrangement rundt omkring her, så er alt så likt. Me gjer jo mykje det same som dei andre leverandørane, med dei same folka, omtrent dei same prisane, og nokolunde same rettar. No får me testa noko nytt, held han fram.

Blant anna har dei henta kokkar frå Hall Toll, som saman med kjøkkensjef Iselin Jacobsen, skal diske opp med asiatiske fusion-rettar.

– Det er fleire frå Hall Toll som skal jobbe, og fleire som skal ete. No er det to på kjøkkenet frå det gamle crewet saman med kokkane frå Air, og så skal det fyllast opp etter kvart. Det er snakk om både gjestar og folk som har vore med og arrangert, seier Gjønnes.

LES:

LES MER:

Tidligere Hall Toll-ansatte åpner ny sushirestaurant

LES MER:

En av byens beste restaurantar forsvinn med ny hotellkjede »

Inspirert av mannen bak verdas beste restaurant på 2000-talet

– Dette er noko heilt nytt. No skal me lage ei oppleving som inviterer til å snakke med kvarandre. Dei mange rettane skal kunne bryte isen, men me skal oppmode folk til å bevege seg rundt. Det går i eitt, det er ei total oppleving. Me har henta inspirasjon frå Heart Ibiza, frå han som hadde el Bulli, verdas beste restaurant i mange år, seier Gjønnes.

– Men el Bulli var stivt. Ein sat stille og venta på maten, men no tenkjer bakmannen nytt. Det er god mat og slikt, men totalopplevinga er det viktigaste. Det skal ikkje bli for høgtideleg. Keisamt, med andre ord. Heart hadde jo Circe du Soleil – dei får me ikkje her, men me har musikk, akrobatikk, dansarar. Men folket er i midten. Underhaldninga skal ikkje ta for stor plass.

Førebuinga av maten til dei 200 gjestane tar fleire dagar.

– Dette er òg ein test på kva me kan gjere med hotellet her i framtida. Det blir tøft. Det blir lyd og lys, og alt skal stemme overeins. Me skal fjerne alle dødpunkt rundt dette med bankett og samling av folk. Vekk med start og stopp med folk som presenterer rettar og slikt. Det kjem til å gå saumlaust, og du vil bli bergtatt av heile opplevinga.

Kanskje ikkje heilt «one night only», likevel?

Fredagens fest er i utgangspunktet berre for ein kveld, men Gjønnes fortel at dei 200 utselde billettane godt kunne vore 100 til. Han revurderer nok litt om det berre blir den eine kvelden òg.

– Alt er utseld. Det er nok plass til 100 til, men me må planlegge maten i fleire dagar i førevegen. Med 17 rettar er det mykje planlegging og timing som skal treffe. Det er ikkje berre å øse opp litt gryterett her, seier han, og ler.

– One night only. Kanskje me kan gjere ein tvist på det. One night only 2?

Publisert:
Oppdatert:

Utopia 2019 blir større enn nokosinne

Helgas musikkfest i Stavanger er nesten utseld, og festivalområdet er blitt utvida. Berre 1000 festivalpass av totalt 20 000 står att for sal før fredag.

Oppdatert: