HELGÅ: Rapkonsert, skøytedag og moro for dei minste
Snart helg no! Usikker på kva du skal finne på? Me har handplukka nokre tips til deg.
Denne guiden gjeld frå fredag til søndag, altså 12.–14. november 2021.
Kjartan Lauritzen til Stavanger
Fredag kjem rapstjerna Kjartan Lauritzen til Stavanger konserthus. Mannen som står bak låtar som «Havanna» og «Fredag» er i haust aktuell med sitt nye debutalbum, «Kjartanisme», og legg no turen innom Sør-Rogaland og Stavanger.
Førebu deg på tungt sognemål og høg stemning. Konserten har 18 års aldersgrense.
Knøttekino i Sandnes
Det er duka for kinofest for born og unge når filmen «Apestjerne» går på lerretet i Sandnes kulturhus laurdag.
Filmen, som frå før har hausta gode tilbakemeldingar frå filmpressen, har framsyning kl. 12:00 i gaukebyen.
Prisen ligg på 90 kroner per person.
Filmen debuterte på kino i slutten av april i år.
Komikarduo er tilbake
Rune Andersen og Espen Beranek Holm går på scenen på Stavangeren fredag og laurdag denne helga.
Begge har lang fartstid i komikarbransjen, og har tidlegare stått bak både «Hurra for Andersen» (2004) og «Litt av en mann» (2009).
Misjonssetninga lyder slik: – Der mange andre lar seg krenke, vel gutane å le av seg sjølv.
Førestillinga tek ca. 75 minutt, og går også helga 19–20. november.
Inviterer til fascinerande havdag
Er du opptatt av det maritime? Er du kanskje også fascinert av livet i havet? Då er museumshagen ved Stavanger museum staden å væra førstkomande søndag, mellom 12:00 og 15:00.
Der inviterer nemleg Stavanger museum, Norsk zoologisk forening, Besøkssenter våtmark Jæren og Lundsvågen naturskole til litt av kvart, både for store og små.
Sjå Noregs giftigaste fisk, verdas lengste dyr, eller få kjenna på havnespy, som er den invaderande sjøpungen som har kome til regionen.
Arrangementet er gratis for alle som er interesserte.
Skøytedag med SiS
Er vinterkjensla di i anmarsj? Då kan fort arrangementet til SiS førstkomande søndag væra for deg.
Mot gyldig student-ID dekkjer nemleg SIS inngangssummen, eventuelt leige av utstyr, og er du attpåtil forelder, dekkjer dei også inngangen for barnet, eller borna dine.
Det blir moglegheit for skøyting heile dagen.
Tilbodet gjeld mellom 10:00 og 18:00, og finnar stad i Siddishallen i Stavanger.
Send oss gjerne tips om kva som skjer neste helg innan onsdag morgon – til helga@byas.no! ✌
Helgå: Musikkfestivaler i fjellpark og i hage - eller hold deg innendørs
Relaterte artikler
- AKTUELTHelgå: Bli fortryllet, gå på konsert og pimp russedressen2 ÅR SIDEN
- AKTUELTHELGÅ: Morsdag, Mostun, og enda en gjenåpning?2 ÅR SIDEN
- AKTUELTHELGÅ: Åpningshelg med gamingsymfoni og høstmarked2 ÅR SIDEN
- KULTURDe beste bildene fra Mablis1 ÅR SIDEN
- AKTUELTHELGÅ: Festival, svette brannmenn og skarpe sverd1 ÅR SIDEN
- AKTUELTSnart flytter en annen klesbutikk inn her2 ÅR SIDEN