Her kjem ein heilt ny butikkjede til Stavanger
Turklede- og turutstyrskjeder ser ein stor marknad i den forblåsne oljehovudstaden. Snart opnar kjeden Chillout i Stavanger.
– Me håpar å kunna opna i mars. Så det kjem til å gå ganske slag i slag framover.
Det seier dagleg leiar Fredrik Mørch-Johnsen. Chillout er i dag å finna i tre norske byar.
Då han sjølv stod bak kassa og jobba i Bergen, var det fleire siddisar som ville ha ein lik butikk i ein omtrent like vêrhard by.
No har bønene deira blitt høyrde. Butikken opnar midt i sentrum, i Breigata 4.
Livsstilsbutikk
Historia om begynner med ei masteroppgåve som Mørch-Johnsen skreiv i lag med Jarle Moberg ved NHH. Femten år seinare har lidenskapen deira for tur og reiseliv blitt til snart fem butikkar.
– Me er ein eventyrsbutikk for dei som vil oppleva både nærmiljøet, men òg for dei som vil ut i verda, seier Mørch-Johnsen.
Store delar av sortimentet er turutstyr og tilbehøyr.
– Me har fokus på bra utstyr. Osprey er vel kanskje det største merket vårt. Og så har me ein del frå Patagonia, Icebreaker og fleire.
Anniken (27) ble koronafast i Europa - bodde i bilen i ni måneder
Potensiale
Stavanger er ein av dei største byane i landet, og gründerane ser ein god marknad her.
– Me ser at det er veldig mange friluftsinteresserte i Stavanger. Me er veldig spende sjølv òg.
Rogaland har unike moglegheiter for surfing som Mørch-Johnsen hintar til at butikken kanskje vil utnytta seg av etter kvart.
No består den siste delen av arbeidet å rekruttera dei siste tilsette, og å setta lokalet i heilt klar stand til opningsdatoen i mars. Med Bergans som opnar i Nygata i februar blir dette butikk nummer seks som leverer turklede- og utstyr i byen.
Hengekøyer er blitt populært, men kan du bruke dem overalt?
Butikkjeda forsvann frå Stavanger sentrum. Kjem nå til Kvadrat
– Sist gong me opna ein ny butikk i Norge var for fire år sidan. Nå har me endeleg funne den optimale staden på Kvadrat i Sandnes.
Relaterte artikler
- AKTUELTP-pille forsvinn frå apotekhyllene9 MÅNEDER SIDEN
- AKTUELTDenne er blant dei mest populære linjene ved Fagskolen Rogaland i 20229 MÅNEDER SIDEN
- AKTUELTSverre (18) har snart venta eit halvt år på å få køyra opp10 MÅNEDER SIDEN
- AKTUELTTek over Kremmerhuset-lokalet: Opnar sin fyrste butikk i Stavanger1 ÅR SIDEN
- AKTUELTStenger dørene i Stavanger og Sandnes: – Me skulle ha melde oss konkurs mykje tidlegare8 MÅNEDER SIDEN
- AKTUELTSatsar vidare i regionen: Nye sushirestaurantar pluss eit nytt konsept7 MÅNEDER SIDEN