Auke i seksuell trakassering etter metoo: Berre eí lokal serveringsbedrift på gratis førebyggingskurs

– Nedslåande, seier likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.

Over 70 prosent av kvinner og 57 prosent av menn i utelivsbransjen opplever seksuell trakassering, men bransjen manglar framleis retningslinjer.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

I vår lanserte Arbeidstilsynet ei stor undersøking om seksuell trakassering i utelivsbransjen. Rundt 400 tilsyn viste at over halvparten av bedriftene ikkje har skikkelege retningslinjer for førebygging og handtering av seksuell trakassering.

Ei ny undersøking frå Oslo, der 300 bartenderar vart spurd om sine erfaringar, viser at særs mange opplever trakassering.

57 prosent av kvinner og 29 prosent av menn hadde vorte utsett for fysisk, seksuell trakassering, mens 74 prosent av kvinner og 34 prosent av menn har kjent på verbal trakassering av seksuell art.

Det er først og fremst gjestene som trakasserer dei tilsette.

Utrygge på jobb

– Det har kome veldig alvorlege tal om kor mange som kjenner at dei er redde for å gå på jobben. Dei tala er verre enn kva me har sett før. Med alt me har gjort opp mot metoo-rørsla, er dette nedslåande. Eg er veldig bekymra for at dette ikkje er eit Oslo-fenomen. Me må rekne med at det skjer i utelivsbransjen generelt, seier Hanne Bjurstrøm, likestillings- og diskrimineringsombod.

I den anledning har Arbeidstilsynet no eit gratis kurs, som er innom Stavanger i dag. Her kan ein få tips om korleis arbeidsgivar kan handtere seksuell trakassering, men det er berre éin representant frå utelivsbransjen som er meld på.

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Inger Bjurstrøm meiner det sannsynlegvis er like mykje trakassering av tilsette i Stavanger.

– Stavanger er ein stor by, og der me skal ha eit kurs om førebygging av seksuell trakassering. Det som var nedslåande her, er at det berre er ein representant frå utelivsbransjen på lista. Ære til dei som kjem, men det er tydeleg at me ikkje når ut til dei som bør vere der. Dei som treng opplæring, kjem ikkje. Dette kan godt vere vår feil i informasjonsarbeidet, men det er eit stort problem, seier Bjurstrøm.

Mathias Småvik i Rekom Norge, eit selskap som eig ei rekkje utestadar i Stavanger, var ikkje klar over at Arbeidstilsynet skulle ha noko kurs. Dei har ikkje høyrt noko sentralt, heller.

Regionaldirektør Fredrik Mygind i Rekom Group, fortel at dei har retningslinjer på seksuell trakassering i sine bedrifter.

– Det finst mange typar trakassering, men me har nokre interne forskrifter i vår personellhandbok.

Dagleg leiar for Cardinal, Tom Blomberg Erichsen, hadde heller ikkje høyrt noko om kurset.

Råder utestadane til å kaste ut gjester

– Det har ikkje vore noko undersøking i Stavanger, men me legg til grunn at det ikkje verkar som det er noko betre der. I alle fall når ein ser på gjennomsnittlege tal frå SSB, frå tidlegare. Utelivsbransjen er, saman med helsevesenet, særs utsett, meiner Bjurstrøm.

Arbeidstilsynet har ein eigen nettstad med råd til arbeidsgjevarane. Her blir dei blant anna oppmoda til å hive ut kundar som trakasserer, spesielt fram mot julebordsesongen.

– Ein må innføre obligatoriske kurs om forhindring av trakassering ved oppstart av nye bedrifter, og ein må ha fleire tilsyn. Dette er jo ulovleg. Me er særs merksame på dette opp mot julebordsesongen. Det er fint at mange blir fulle og glade, men det er viktig å vite at ein kjem til ein arbeidsplass. Folk må oppføre seg. Arbeidsgivaren må snakke med sine tilsette, om at ein ikkje skal finne seg i trakassering. Går kundar over streken, då skal dei ut. Det må vere nulltoleranse for slikt, frå arbeidsgivarens side.

Stortinget har vedtatt å gjere det enklare å melde inn saker om seksuell trakassering, fortel Bjurstrøm.

– Det er ofte ganske unge menneske som står i desse jobbane. Dei har midlertidige stillingar, og er bekymra for å halde på jobben sin. Dei finn seg i for mykje. Det er gjerne det første møtet deira med arbeidslivet, og dei er sårbare.

Frå 2020 vil det bli lettare å klage inn saker om seksuell trakassering. Før har dette vore på domstolane sitt bord, men no skal slike saker inn til Likestillings- og diskrimineringsnemnda.

– At dette gjekk til domstolane, førte i praksis til at det ikkje kom inn saker. Frå 1. januar blir det langt enklare å få prøvd saker om seksuell trakassering enn tidlegare, fortel Bjurstrøm.

Cardinal fekk tilsnakk

Utestaden Cardinal har tidlegare fått pålegg av Arbeidstilsynet om å opprette retningslinjer på seksuell trakassering.

– Me fekk jo litt på pukken for nokre år sidan. Me var ikkje heilt oppe og gjekk på dette, så me starta eit stort arbeid på seksuell trakassering i fjor. Det har me gjort mykje på. Me aksepterer ikkje at gjester oppfører seg på belastande vis mot dei tilsette, seier Tom Blomberg Erichsen.

Tom Blomberg Erichsen meiner det ikkje er fullt like ille i Stavanger som i Oslo. På Cardinal har høgare aldersgrense ein verknad, fortel han.

Erichsen presiserer at det er opp til den enkelte om kvar grensa skal settast.

– Det er den tilsette som har ansvar for skjenkinga, både når det gjeld alkoholnivå og oppførsel. Skjer det noko, så støtter me dei i etterkant. Leiinga har ikkje så mykje å gjere med dette, for det er litt av eit minefelt. Me oppmodar dei tilsette til å lage eit vindauge, der dei kan lufte situasjonar seg imellom.

Er det forskjell på Oslo og Stavanger?

– Det er vanskeleg for meg å seie noko konkret om det, men eg trur nok det er litt mindre her. Me har hatt nokre interne undersøkingar på dette. Det at me har 24-årsgrense hjelper på. Eg seier ikkje at dei yngre er verre, men dei som kjem hit har gjerne litt meir toleranse for alkohol, avsluttar Erichsen.

Byas har ikkje lukkast med å få lokale bartenderar i tale.

Publisert: