Aktuelt

Kriseresultat for fjorårets Fadderfestival – no er haustens tal klare

Faddersjefen har grunn til å smile etter auka besøkstal og stort overskot, men engasjementet blant fadrane er betydeleg redusert.

Publisert:
  • Mikkjell Lønning

Dårleg vær var ikkje noko hindring for dei årsferske studentane på Fadderfestivalen. FOTO: Håvard Tanche-Larsen Knutsen

I fjor var Fadderfestivalen ved UiS i hardt vær, og fekk nasjonal mediedekning etter å ha gått på eit underskott på heile 622.139 kroner. Færre besøkande og utforutsette kostnadar fekk skulda for underskottet, men fadderstyret fekk òg kritikk for å ha brukt over 50.000 på møtemat til seg sjølv.

Årets faddersjef, Christian Hjelle (22), var difor klar på at dei skulle stramme til budsjettskruane for haustens festival. No er rekneskapen og rapporten frå festivalen lagt fram, som byr på langt hyggelegare lesing.

Årets festival går nemleg med heile 280.000 i overskot.

  • Følg Byas.no på Facebook!

Streng budsjettdisiplin

– Prioriteringane våre har vore litt annleis. Det er eigentleg ikkje hensiktsmessig å gå så mykje i pluss, då me er ein ideell organisasjon, men samanlikna med fjoråret har me hatt ein veldig streng budsjettdisiplin. Me budsjetterte ein del høgare på uventa postar, og desse har me ikkje maksa ut heilt, seier Hjelle.

I rapporten frå festivalen står det blant anna at valet om utescene sparte festivalen for mellom 200.000 og 300.000 kroner, og at dei fekk inn 70.000 kroner meir i sponsing enn budsjettert.

Faddersjef Christian Hjelle har vore forsiktig med kostnadssida etter fjorårets underskot. FOTO: Håvard Tanche-Larsen Knutsen

– No må vel StOr bli nøgde?

– Det vil eg tru, når me har snudd minus til pluss. Ein ting er at me startar med blanke ark, men me skulle jo snu organisasjonsdrifta og få tilbake aktørar og sponsorar. Endringa i organisasjonsform for Fadderfestivalen er ikkje gjort heilt enno, då dette er ein ganske lang og innvikla prosess. Det tar tid. Hensikta vår er å gjere det om til ein eigen organisasjon på sikt. Då er det supert å ha dei 280.000 som ein buffer, dersom det skjer uventa hendingar. Me har fått fleire bein å stå på.

StOr-leiar Joachim Børlie har blitt orientert, og er openbert glad når Byas ringer.

– Det er utruleg gøy. Me er veldig nøgde. Det har vore veldig bra, seier Børlie.

LES OGSÅ:

LES MER:

Éin av tre tar ikkje nytte av studieplassen sin: UiS må overbooke

Stabile besøkstal blant nye studentar

Dei to siste åra har det vore lågare deltakartal enn toppane i 2016 og 2017. I fjor var det 3399 deltakarar, ned frå 4184 i 2017. Årets tal ser betre ut, men det er framleis eit stykke igjen.

– Me oppnådde ikkje ønska deltakartal, i forhold til det me budsjetterte med. Me planla å få inn 3700 studentar frå UiS, til 350 kroner per person. Det klarte me ikkje heilt å nå. Det var vel totalt 3553 besøkande, men då reknar me med andre skular òg, som VID i Sandnes, seier Hjelle.

– Dette er ei auke frå i fjor, men eg trur den største reduksjonen er blant fadrane frå UiS, ikkje dei nye studentane. Me ser eit minska engasjement. For nye studentar har det vore ganske likt, og det heilt sidan 2016.

Betydeleg nedgang blant engasjerte

I 2016 var det 2643 fadderbarn, og no i haust tok 2577 turen innom. Derimot har talet på fadrar frå UiS blitt redusert frå 1461 til 817. Hjelle fortel at dei vil jobbe med å finne ut av årsaka til dette.

– Det er vanskeleg å seie kva grunnen til reduksjonen blant fadrane er. Me veit ikkje. Det er noko me vil finne ut av, og dette må påtroppande leiar for 2020 sjå på når budsjettarbeidet startar, seier Hjelle.

StOr-leiar Joachim Børlie meiner det var nok fadrar til å gjere jobben, men syns det er leit at det går nedover med engasjementet. FOTO: Håvard Tanche-Larsen Knutsen

Børlie er heller ikkje sikker på kva som har ført til nedgangen.

– Eg har ikkje noko svar på dette. Men me prøver, og skal prøve, å engasjere fadrar, slik at dei ønskjer å delta. Både for sin eigen del, og for verdien av det dugnadsarbeidet det er å få vere med på dette, meiner Børlie.

– For min del er eg mest bekymra for at den totale deltakinga går ned. Det er synd at me ikkje klarar å samle alle, slik me gjorde før. Fadderveka handlar om å bli kjend med folk på tvers av årstrinn og studieprogram. Eg meiner at dersom talet på fadrar blir liggande på det nivået det er på no, er det ikkje så dramatisk. Det viktigaste er dei nye studentane. Det var nok fadrar til å dekkje den jobben som var, avsluttar StOr-leiaren.

Publisert:
  1. Festival
  2. Universitetet i Stavanger (UiS)
  3. Fadderuke
  4. Student

Fra gigantunderskudd til ny festival: Slik skal Fadderfestivalen reise seg

Fjorårets fadderfest på campus ble et pengesluk. På mandag braker det løs igjen, men innenfor budsjett, lover faddersjefen.

Oppdatert:

Relaterte artikler

  1. AKTUELT
    Utopia risikerer prikkar for mogleg brot på alkoholforskrifta
    2 ÅR SIDEN
  2. AKTUELT
    Unge gründerar starta eigen bedrift i Sandnes
    2 ÅR SIDEN
  3. AKTUELT
    Håret til Stefanos er ei stor utfordring for fleire frisørar
    10 MÅNEDER SIDEN
  4. AKTUELT
    Hall Toll-gjengen tilbake: – Me saknar kvarandre, og me saknar gjestane våre
    2 ÅR SIDEN
  5. AKTUELT
    Julia (20) og Stefan (30) skal seile i eit halvt år for miljøet
    2 ÅR SIDEN
  6. AKTUELT
    Auke i seksuell trakassering etter metoo: Berre eí lokal serveringsbedrift på gratis førebyggingskurs
    2 ÅR SIDEN