No kjem denne telefonen tilbake!
Vart lansert for første gong for 17 år sidan.
- Snorre Standish Norheim
Det var ein gong ein konge: Nokia 3310 vart fødd til finske foreldre, 1. september 2000.
Nyopplada og ganske kul vart mobiltelefonen sendt ut i verda, og fekk straks ein stor tilhengjarskare.
126 millionar eksemplar vart det laga av evigheitsmaskinen, før marknaden var metta og produksjonen vart stoppa i 2005.
17 år etter den første lanseringa, har kjempa Nokia vakna, og tilsynelatande bestemt seg for å vekkja Nokia 3310 til live!
Det finske, uavhengige selskapet HMD Global Oy har skaffa seg lisens og einerett til Nokia-merkevaren, og ønskjer å ekspandera frå hovudkvarteret sitt i Espoo.
Opp frå dvalen
Snart lanserer HMD fleire Nokia-telefonar rundt om i verda. Flaggskipet Nokia 6 er ein såkalla smarttelefon basert på Android Nougat.
* Instagram lanserer ny funksjon
* Slik unngår du at telefonen slår seg av i kulda
Likevel er det ryktet som nettstaden Venturebeat vidareformidlar, og som fleire etablerte media har fanga opp, som nok vil interessera flest mobilbrukarar:
Ein litt meir moderne versjon av 3310 skal no ut på marknaden! Som kjend er dette einaste telefonen på jorda som ville overlevd ein atomkrig!
Eller eit sverd:
Pris: Rett over 500-lappen
Vedunderet kjem først til Amerika og Europa, og prisen er forventa å liggja på 59 euro, eller 522 kroner etter torsdagens kurs. Det er rimeleg viss du er keen på ein nostalgitripp.
Journalisten som sleppte nyheita på VentureBeat, heiter Evan Blass, @evleaks på Twitter, og har spesialisert seg på å vera først ute med å lekkja info om nettbrett og smarttelefonar.
Meir info om Nokia 3310 er venta sundag 26. februar, når HMD held lanseringsevent på årets Mobile World Congress, i Barcelona.
imgur.com/0c4B2GxEit vakkert eventyr
Litt fakta om barnet: 11,3 centimeter langt, 4,8 centimeter breitt og 2,2 centimeter tjukt var nurket 3310, då det kom til verda.
Ein populær aktivitet var å skifta deksel, i alskens fargar.
Over den tjukke kroppen, hadde telefonen 15 tastar: ein meny-tast, ein tilbaketast merka med «C» og ein tast for å gå opp eller ned.
Viss ein for eksempel skulle skriva bokstaven «c», måtte ein trykkja 3 gongar på 2-talet, viss ikkje hadde aktivert språksenteret i Nokiaen, og brukte T9-ordboka.
Skjermen hadde 84 pikslar oppover og 84 pikslar bortover. Til samanlikning har Iphone 6S 1334 gongar 750 pikslar.
The Dag GIF - Find & Share on GIPHYNyvinningar som kalkulator, stoppekloke og påminningsfunksjon, var uvanlege i 2000, opplyser Wikipedia, og den maksimale lengda på tekstmeldingar var 3 gongar lenger enn det som var standard.
OBS: Mange vil også hugsa timar bortkasta på Snake 2, spelet der ein slange et pikslar og veks. Etter kvart går spelet fortare, då risikerer slangen å kollidera med seg sjølv og døy :-(
Meir frå Byas:
Erlend startet med import av laserpenner som 12-åring. 10 år senere har han solgt fire virksomheter
Har du sendt noen en angstverdig Insta-melding på fylla? Fortvil ikke - slik sletter du meldingen før noen ser den
Dette er ikke lenger det mest likte bilde på Instagram. Kan du gjette hvilket som troner øverst?
Du lader sannsynligvis mobilen din feil
Nokia relanserer gammel klassiker med Snake og en måneds batteritid
På starten av 2000-tallet var Nokia-modellen 3310 den mest solgte mobilen i verden. Nå kommer den tilbake.
Relaterte artikler
- KULTURNintendo lanserer ny spelkonsoll4 ÅR SIDEN
- AKTUELTHall Toll-gjengen tilbake: – Me saknar kvarandre, og me saknar gjestane våre4 ÅR SIDEN
- KULTURSpider-Man ser ut til å forsvinne frå Marvel-filmane4 ÅR SIDEN
- KULTURDesse dataspela bør du få med deg i september4 ÅR SIDEN
- AKTUELT5 koselege ting å gjera i Stavanger på valentinsdagen7 ÅR SIDEN
- AKTUELTAktuell med konsert for sjølvmordsførebygging: – Musikken gjorde at eg ikkje tok livet mitt4 ÅR SIDEN