Aktuelt

«Eg går inn i det nye året med ei heilt anna kjensle enn tidlegare; håp»

2019 har vore veldig spesielt for min del. Eg starta det på randen av sjølvmord, og var hundre prosent sikker på at eg aldri ville overleve heile året. No er eg lukkelegare enn eg nokosinne har vore, men det har ikkje komme over natta.

Publisert:

  • Thomas Klakegg

«Sjølv var eg veldig heldig når den totale krisa kom», skriv Thomas Klakegg (25), og minner om at vi alle kan gjere ein forskjell. FOTO: Privat

Innlegget ble først publisert på Thomas Klakegg sin facebook-profil i romjula, og er gjengitt her med hans tillatelse.

Eg slutta i jobben min (pedagogisk leiar i barnehage, red.anm), ein jobb eg i bunn og grunn likte ganske godt, for å satse på det som har vore draumen min sidan eg var 5; journalistikk. Dei første månadane etter at eg slutta var vanskelege; eg fekk ikkje sove på nettene fordi eg sakna ungane «mine», usikkerheit knytta til framtida og økonomi var mildt sagt stressande, og livet var generelt vanskeleg.

Men eg kom meg gjennom det, mykje pga. eit val eg tok i januar; å be om hjelp. Eg gjekk til lege og til psykolog, eg fekk hjelp av gode vennar som støtta meg gjennom det som var ein veldig tung periode og eg byrja å ta val som prioriterte mi eigen psykiske helse, heller enn kva eg følte var forventa av meg, eller best sett i lys av samfunnet. Utan dette hadde eg ikkje sitte her no.

Det er lett å tenke at folk som har det vanskeleg må søke hjelp. Problemet er at når ein er der nede sjølv, er det vanskeleg å sjå ein veg ut, det er vanskeleg å ha håp, det er vanskeleg å ta kontakten sjølv.

Eg ser det no, etter Ari Behn sitt sjølvmord, at folk både på Twitter og Facebook driv og postar i aust og vest med hjelpetelefonnummer og liknande. I utgangspunktet er dette bra, men det er berre relevant i ei krise; i kvardagen er det me mennesker som må til, det er me som må sjå dei me er glade i, ta kontakt med dei, hjelpe dei, i periodar dei ikkje klarar hjelpe seg sjølv.

Sjølv var eg veldig heldig då den totale krisa kom. Eg hadde vennar som hadde heldt ut i alle åra med depresjon og angst, og som var der då eg trengte dei. Eg hadde ein lege som tok meg på alvor då eg tilfeldigvis valgte lege framfor sjølvmord. Ikkje alle er så heldige; mitt håp er at alle ein dag skal vere så heldige.

Etter ei veldig tung første halvdel av året, kom hausten, som skulle bli den beste perioden i mitt liv så langt. Eg byrja på journalistikk ved Universitetet i Stavanger, og allereie første uka kjentest det heilt rett ut. Ikkje berre var studiet interessant, men miljøet eg kom inn i var òg rimeleg fantastisk. I dei periodane eg har hatt det tungt i haust, har det alltid vore nokon der som har fått meg gjennom det. Då eg braut saman nokre timar før innlevering av heimeeksamen, klarte eg likevel å fullføre, 100% pga. venner som var der for meg.

Dermed sitt eg her i jula med ei overveldane kjensle av takksemd. Takksemd for at folk har heldt meg ut så lenge, og at dei er der for meg, alltid. Takksemd for at me lev i eit land der ein kan slutte i jobben sin og velje ei heilt anna retning i livet, utan at verda går under.

I det siste har eg ofte slitt med å sove. Ikkje fordi eg har vore deprimert som før, men fordi eg ikkje veit korleis eg skal handtere den gledeskjensla eg plutseleg har blitt kjent med. Det er litt fint.

No kan sjølvsagt alt gå rett vest igjen på eit augneblink. Det veit eg veldig godt, eg har hatt gode periodar før som har blitt fulgt av katastrofeperiodar. Samtidig er eg ikkje redd for det no; no veit eg at har folk rundt meg som er der om det skulle bli krise; eg veit eg sjølv kan ta val for å forbetre situasjonen; eg veit at det er håp. Eg går inn i det nye året med ei heilt anna kjensle enn tidlegare; håp.

Eg håper alle andre òg har hatt eit fint år, og om livet er vanskeleg og uhandterleg, håpar eg du finn hjelp.

Så vil eg be alle om å sjå folka rundt seg, rekke ut ei hand til dei som treng det. Spør om dei har det bra, inviter dei på ein kaffi, gi dei ein klem.

Du kan vere forskjellen som gjer at nokon går til legen i stadet for å ta livet av seg sjølv. Me mista Ari Behn no; måtte me ikkje miste fleire.

Godt nyttår!

Publisert:

  1. Ari Behn
  2. Depresjon
  3. Psykisk helse
  4. Selvmord

Meiner fleire frisørar har for lite kunnskap om afrohår

– Det verka som frisøren berre gjorde noko greier. Resultatet blei heilt skeivt, seier Stefanos Yowhannes om ein uheldig oppleving hos ein av frisørkjedene i Stavanger. No vil frisørar ha meir opplæring i meir teksturert hår, som afrohår.

Publisert:

  • Ingeborg Undheim

Relaterte artikler

  1. AKTUELT
    Ved denne utdanninga står 2433 søkarar på venteliste
    18 DAGER SIDEN
  2. AKTUELT
    Stian (32) bruker ferien på å hjelpe flyktninger: – Det er så mange barn som ikke klarer slutte å gråte
    6 MÅNEDER SIDEN
  3. AKTUELT
    – Hvis dette varer lenge og vi ikke får hjelp, klarer vi ikke holde liv i bedriften
    5 MÅNEDER SIDEN
  4. AKTUELT
    Neste uke kommer du til å se mange av disse på byen
    4 DAGER SIDEN
  5. AKTUELT
    Trente i garasjen i tre måneder: Mandag kunne Sander og Helene endelig gå på treningssenteret igjen
    2 MÅNEDER SIDEN
  6. KULTUR
    Visste du dette om Stavanger? Bli med disse to på byvandring!
    3 MÅNEDER SIDEN