Peppes Pizza-opning i Stavanger vart utsett
Kjeda som har vore vekke frå byen sidan 2012, opnar i lokala til Stavangers eldste pizzarestaurant i midten av september.
Grunna ein utgått leigeavtale, har Peppes Pizza vore vekke frå Stavanger sidan 2012. I sommar vart det likevel klart at pizzakjeda skulle opne ny serveringsstad i byen, innan skulestart. Slik vart det ikkje. Ferien har gjort at arbeidet med klargjering av lokala måtte utsettast, men no nærmar det seg endeleg opning.
Peppes har historie heilt tilbake til 1970 i Noreg, då den første restauranten vart opna av den amerikanske innvandraren Louis Jordan. Kjeda har sjølv over 20 år fartstid i Stavanger. Etter at Fish & Cow flytta inn i lokala deira i 2012, har dei vore ute etter ein ny stad å etablere seg på, i byen.
Det minkar på norske pizzakjeder no som Dolly Dimples er kjøpt opp av Domino’s Pizza – som sjølv har opna restaurant i Stavanger.
Overtar tradisjonsrik pizzastad
Peppes har skaffa seg lokala til No. 28 Pizza Pub i Øvre Holmegate. Den tradisjonsrike, lokale pizzaplassen har slite med svak økonomi i fleire år, og vart til slutt seld av eigaren.
Ekteparet Petter Bloch-Johnsen og Hilde Bloch-Johnsen tar over. Tidlegare har dei blant anna erfaring frå Kaffehuset i Østervågen, og no skal dei drifte den nye Peppes-restauranten. Dei er likevel triste for at No. 28 forsvinn.
– No. 28 var vår generasjons pizzarestaurant, som har blitt overført til barna våre. Me er heldige som får overta her, sa Petter Bloch-Johnsen til Byas i sommar.
Fristen til skulestart har dei måtte strekkje litt, ut mot midten av september.
– Grunnen er rett og slett ferie. Det har ikkje vore mogleg å få tak i arbeidsfolk til å gjere jobben. Mykje må samkøyrast mellom murarar, elektrikarar, snikkarar og så vidare. Me hadde gjort det før, dersom det var opp til oss, seier Hilde Bloch-Johnsen.
Byas har fått lovnad om ei oppdatering mot slutten av veka, for då skal investorparet ha datoen for opninga klar.
– Me håpar verkeleg å ha alt av informasjon klart til fredagen, seier Petter.
Tar vare på arva til No. 28
Det har vore viktig for paret å ta vare på sjela og arva frå No. 28 – som har vore del av bybildet sidan 1973. Arbeidet deira med lokala reflekterer dette.
– Me har endra litt på barområdet og fjerna barstolane, for å få inn Peppes-møblar. Elles ønskjer me å behalde ein del av tinga her som me syns er bra. Til dømes lampene. VIP-rommet held me slik som det er, sjølv om me har gitt det litt meir lys, seier Hilde.
– Peppes skal ta vare på det som er No. 28. Me held på fotballen og fjernsyna, seier Petter.
– Ønsket vårt er å ta vare på stemninga, og me håpar at gjestane framleis vil ta bruk av tilbodet. Slik som på VIP-rommet, er det mykje historie. Det vil me ikkje ta vekk, følgjer Hilde opp.
Dei fortel at restauranten vil vere stengt for arbeid i opp til ti dagar, fram mot opninga.
– Konkurransen held oss skjerpa
Nye Peppes Pizza får rundt 20 tilsette, som skal sendast på kurs før start. Difor satsar paret på at dei kan kome i gang så fort som mogleg.
På spørsmål om korleis dei taklar den spisse konkurransen på pizzamarknaden i Stavanger, ler dei.
– Det er bra med konkurranse. Me er glade for det, elles har me ikkje noko å strekkje oss mot. Det skjerpar oss, held kvaliteten oppe. Difor er me ikkje så bekymra for det, seier Hilde.
Menyen blir naturleg nok den same som på andre Peppes Pizza-restaurantar i Noreg.
– Peppes har eit veldig godt konsept, og eit sterkt merkenamn. Eg trur det er mange som saknar oss i Stavanger. Folk gleder seg til opninga vår. Kvaliteten på pizzaen hjelper, avsluttar Hilde.
No er opningsdatoen for Peppes Pizza i Stavanger klar
Investorparet bomma på planen om opning i midten av september, men det er ikkje lenge til siddisane får jafse i seg pizza frå Peppes igjen, for første gong sidan 2012.
Relaterte artikler
- AKTUELTOnsdag klipper Peppes Pizza snora i Stavanger sentrum4 ÅR SIDEN
- AKTUELTFlere større pizzakjeder har startet opp i Stavanger og Sandnes. Nå kommer én til.4 ÅR SIDEN
- AKTUELTFjortenåring frå Stavanger er med i kampen om 260 millionar4 ÅR SIDEN
- KULTUR2019 oppsummert: Kontantnekt på restaurant mest lest i juni4 ÅR SIDEN
- AKTUELTFor 34 år siden kunne du spise en bankers i Sandnes. Nå kan du spise hos Bankers.3 ÅR SIDEN
- AKTUELTPizzafesten: «Fra komla med dott til Nummer 16 med kvidløgsdressing»4 ÅR SIDEN