Meny Bruker
↓ annonse
Maria Drangeid (t.v.) har regi, mens Lars August Jørgensen, Malin Landa og Joakim Borgen er skodespelarar i Vrangforestillings versjon av teaterstykket.
Maria Drangeid (t.v.) har regi, mens Lars August Jørgensen, Malin Landa og Joakim Borgen er skodespelarar i Vrangforestillings versjon av teaterstykket. Av: Jonas Haarr Friestad
Jan Zahl

Har selt ut kvar gong dei siste to åra. No må dei setja opp nok ei ekstraforestilling

Du lo kanskje ikkje så mykje då læraren fortalde om Knut Hamsuns «Sult» på skulen? Det vil Maria Drangeid gjere noko med.

↓ annonse

– Me har valt ut, eh, highlights frå «Sult». Men det er Hamsuns eigne ord, klypt og limt saman igjen, seier Maria Drangeid, som står bak manus og regi til Aftenbladet.

«Sult» av Knut Hamsun er kanskje ikkje kjent som noko komedie, men Maria Drangeid meiner det er mykje humor der.

Onsdag har friteatergruppa Vrangforestilling premiere på sin ungdomsversjon av Hamsuns klassikar på Tou Scene.

Følg Byas.no på Facebook!

Teater for ungdom

For tredje gong har ho og friteatergruppa «Vrangforestilling» gått laus på ein norsk klassikar.

I 2014 trilla Aftenbladets meldar ein seksar for den leikne debutframsyninga om «Peer» (Gynt). Året etter tok dei for seg Garborgs «Haugtussa».

– Dei to førre gongene laga me teater som skulle passa for barn. Denne gongen siktar me oss mest inn mot ungdom, sidan me skal ut på kulturell skulesekkenturné til ungdomsskular og vidaregåande, seier Drangeid.

– Kva er forskjellen på å laga klassikarteater for barn og å gjera det for ungdom?

– Me treng ikkje å forklara like mykje. Me kunne bruka mykje humor - som også kunne treffa vaksne - då me sikta oss inn mot barn. Humoren er også med når me lagar teater for ungdom.

– «Sult» er ikkje akkurat kjent som komedie?

– Nei, men eigentleg er dette ei veldig morosam bok. Språket er morosamt; måten hovudpersonen skildrar alt på sitt veldig nøyaktige vis. Og så oppstår det mange morosame situasjonar når hovudpersonens sjølvoppfatning ikkje stemmer heilt med realitetane, svarer Drangeid.

"Jeg"-personen (Joakim Borgen) i "Sult" ser på seg sjølv som ein stor skribent, men har problem med å nå gjennom hos redaktøren (Malin Landa). FOTO: Jonas Haarr Friestad
"Jeg"-personen (Joakim Borgen) i "Sult" ser på seg sjølv som ein stor skribent, men har problem med å nå gjennom hos redaktøren (Malin Landa). FOTO: Jonas Haarr Friestad

Klassikar frå Kristiania

«Sult» handlar altså om ein kar som går rundt i Kristiania og svelt.

Han ser på seg sjølv som ein stor diktar og skribent, men strevar med å få selt noko av det han skriv. Og så forelskar han seg i Ylajali.

I rolla som den svoltne skribenten møter me Joakim Borgen. Både han og Lars August Jørgensen er nye fjes i Vrangforestilling - Malin Landa er med for tredje gong - flydd inn frå sjølvaste hovudstaden.

– Dei skryt veldig av luftkvaliteten i Stavanger, og liker seg så godt her at dei har mest lyst til å flytta hit, opplyser Drangeid.

– Luftkvaliteten?

– Me kom direkte frå vinteren i Kristiania, når smogen ligg over byen som eit tjukt teppe, seier Berg.

– Det var det beste førsteinntrykket me kunne få, å koma ut av flyet og dra det første, gode innpustet på fleire månader, supplerer Jørgensen.

Tommel opp

Drangeid fekk med seg dei to etter å ha jobba saman i Oslo, der ho har budd dei åtte siste åra.

Men nå er masteroppgåva i nordisk litteratur levert, og Drangeid har flytta heim til Stavanger.

– Kva seier ein i det akademiske litteraturmiljøet til at du går laus på klassikarane på denne måten?

Skal du få unge folk interesserte, hjelper det å visa fram klassikaren på nye måtar, slik me gjer her.

– Det er tommel opp. Dette er litteraturformidling på høgaste nivå, ein ny og annleis måte å visa fram ein litterær klassikar.

– Jamfør diskusjonen om ein norsk kulturkanon: Der måtte vel Hamsuns «Sult» vore med?

– Definitivt. Men skal du få unge folk interesserte, hjelper det å visa fram klassikaren på nye måtar, slik me gjer her, svarer Drangeid.

Vrangforestillings "Sult" er formidling av klassikaren på ein ny og annleis måte. FOTO: Jonas Haarr Friestad
Vrangforestillings "Sult" er formidling av klassikaren på ein ny og annleis måte. FOTO: Jonas Haarr Friestad

Friteater

Å setja opp eigne teaterstykke som friteatergruppe er ikkje spøk.

Utan støtteapparat og pengar, må ein gjera det aller mest sjølv, og stort sett på dugnad.

– Det kan nesten virka som om det er vanskelegare å driva friteater dess betre me har det i Norge, seier Borgen.

– Me gjer alt - eigentleg altfor mykje - sjølv. Men denne gongen har me ikkje lyst til bare å jobba på dugnad, slik me har gjort før, seier Drangeid, som har fått støtte frå Stavanger kommune, Fritt Ord, FFUK og Spenn.no denne gongen.

Men så er det ingenting som slår at publikum møter opp.

Vrangforestilling har selt ut begge dei to førre åra, og har også i år måtta setja opp ekstraforestilling, slik at det nå ser ut til å bli tre framsyningar denne veka.

– Andre stader kan ein få terningkast seks utan at publikum kjem. I Stavanger er det enormt stas å oppleva at folk faktisk kjem og ser oss, seier Drangeid.

Meir frå Byas:

– Ikke kjekt å være 18 år i Stavanger i dag

Julie (18) fra Storhaug drømmer om et liv på teaterscenen

5 ting å gjøre i Stavanger og Sandnes når været er dårlig

Studentfestivalen frister med afterski, revy og artist av internasjonal klasse

Javel. Nå er det sånn at kommentarfeltet er stengt mellom klokka 23:00 og 07:30. Kom gjerne tilbake da!
Det er for øyeblikket ikke mulig å logge inn eller registrere seg. Vennligst prøv igjen senere.

Ikke registrert enda?

Registrer deg